Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråk
Norske lærestadar slit med å fylle opp studieplassane i framandspråk, altså andre språk enn engelsk og skandinaviske språk.
Færre studentar gjev dårlegare økonomi. Fleire språkstudium står i fare for å forsvinne.
Sidan 2008 har norske universitet lagt ned studietilbod i mindre undervisningsspråk som swahili, urdu, hindi, nederlandsk, hebraisk, polsk, tsjekkisk og serbokroatisk.
Dei store undervisningsspråka slit òg: Det er ikkje lenger mogleg å ta fransk nord for Trondheim. Prognosar syner at fransk vil bli verdas nest største språk i 2050.

Utdanning
redaksjonen@dagogtid.no
Det er haust, og eg er på veg til Blindern. I handa har eg ein fransk roman som eg har brukt veker på å slite meg gjennom. For ein gongs skuld er eg godt førebudd. Det er berre eitt problem: Eg er den einaste studenten i seminarrommet. Saman med professoren vippar eg på stolen og ser lysrøyra i taket blinke. Vi kremtar litt båe to og vonar den andre studenten som var her førre veke, òg kjem til å dukke opp. Det gjer ho ikkje. Tida går. Og går. Og går. Vi kunne like godt ha lese den franske originalversjonen av Mens vi ventar på Godot.
Ei mager trøyst er at vi ikkje var åleine i einsemda. Over heile landet er det glissent i språkseminara. Eit par månadar tidlegare hadde instituttet mitt publisert ein rapport som synte at berre halvparten så mange ville ta ein bachelorgrad i europeiske språk som ti år tidlegare. Talet på dei som gjennomfører ein grad, ligg på 20–30 prosent.
Dette syner òg tal frå NTNU. I 2022 var det ingen lektor- eller bachelorstudentar som møtte til første førelesing i fransk.
– Eit slikt tal er kritisk lågt, seier Lars August Fodstad, som leier Institutt for språk og litteratur.
– Heldigvis har vi fleire studentar på årsstudia og andre studieprogram, så samla sett har vi nok studentar til å halde fram med undervisninga. Men søkjartala til lærarutdanninga går ned, og det rammar språkfaga hardt. Med færre som vil bli språklærarar no, blir det òg færre som får høve i framtida.
Språk i sofaen
Men språkinteressa er jo der. Appar som Duolingo har over 100 millionar brukarar på verdsbasis – og ein stor marknad i Noreg. Tidlegare høyrde ein først og fremst tysk når Derrick dukka opp på fjernsynet på fredagar. I dag kan ein i prinsippet lære språk frå alle framandspråklege seriar ein finn på nettet. Digital språkundervisning er òg populært. Læringsplattforma Italki, som tilbyr nettbasert opplæring, har fleire millionar brukarar.
Språklæringa forsvann ikkje. Ho er blitt ein privataffære og har flytta inn i stova.
Men gjer dette tradisjonelle språkstudium overflødige? Det vil ikkje Christine Meklenborg-Nilsen, som leier Institutt for litteratur, områdestudium og europeiske språk ved Universitetet i Oslo, gå med på.
– Duolingo er bra, men det hjelper oss berre eit stykke på veg. Skal ein vere heilt stø i eit framandspråk, treng ein både djupare innsikt i grammatikk og utførleg kunnskap om litteraturen, historia og kulturen i dei områda der ein snakkar språket. Alle referansar speler med. Då treng ein tid og fordjuping.
Christine Meklenborg Nilsen er leiar for Institutt for litteratur.
Tøffe tak for tysk
For å ha ei fullverdig språkutdanning med høve til fordjuping treng ein ekspertar på alt frå grammatikk til litteratur, samfunn og historie.
– Manglar ein ei stilling, manglar ein i praksis mykje av fagtilbodet, fortel Fodstad.
Dette har ein mellom anna fått merke ved Universitetet i Oslo. Ein gong var det over 20 som underviste i tysk. I dag er det fire, til hausten blir det tre. Ein tilset ikkje fleire ved instituttet på grunn av dårleg økonomi. Det gjer òg at dei som blir att, må trå til for å trygge studietilbodet. Fleire og fleire kontor på Blindern står tomme etter kvart som språkprofessorane går av med pensjon.
Fodstad fortel:
– Universitetsøkonomien er i stor grad basert på tilbod og etterspurnad, altså på kor mange studentar som dukkar opp og tek eksamen. Dette er utfordrande for språkfaga, og det blir ikkje betre av at økonomien ved universiteta er strammare enn før.
Dette går særleg hardt ut over dei mindre undervisningsspråka. Polakkar er den største innvandrargruppa i Noreg. Polen er vårt femte viktigaste eksportland. Noreg eksporterer for større verdiar til Polen åleine enn til USA og Kina til saman. Likevel er det ikkje lenger mogleg å studere polsk på bachelornivå i Noreg. Studieretninga, som òg inkluderte tsjekkisk, kroatisk bosnisk og serbisk, blei lagd ned for litt over eit år sidan.
– Det er stor interesse for Noreg i Polen, og det er mykje kultursamarbeid. Men det er nok ikkje like stor interesse frå norsk side, seier Knut Andreas Grimstad, professor i polsk ved Universitetet i Oslo.
Fransk fell ut av skulen
Problema med å rekruttere til høgare utdanning byrjar ikkje i seminarromma, men minst seks år før studiestart. På ungdomsskulen får elevar valet om dei vil lære framandspråk eller ta eit meir praktisk fag. For dei som vel framandspråk, er tilbodet ofte nokså avgrensa. Skulen er rett nok forplikta å tilby framandspråk, men nett kva tilbod kan variere. I dag er det berre 11 prosent av norske elevar som tek fransk, mellom anna fordi det ikkje finst lærarar som kan undervise språket.
– Fransk har i stor grad blitt eit byfenomen. Du er heldig om du får tilbod om det andre stader. Tysk er meir utbreitt, men slit med eit ufortent «vesle Marius»-rykte – at språkundervisninga er teoretisk og prega av grammatikk, fortel Gerard Doetjes, som leier Framandspråksenteret i Halden.
Vesle Marius? Han siktar til Marius Gottwald i Alexander Kiellands roman Gift – den vesle guten som døyr i feberkrampe mens han bøyer latinske verb: «Monebor, moneberis, monebitur.» Hadde vesle Marius levd i dag, ville han sannsynlegvis ikkje pugga latin. Sjansen for at han hadde hatt ein språklærar utan skikkeleg kompetanse, ville derimot vore ganske stor. Skulane slit med å finne kvalifiserte lærarar. Dette gjeld særleg på små bygdeskular, syner ein fersk rapport frå Direktoratet for høgare utdanning. I røynda inneber det at elevane ikkje får eit likeverdig tilbod.
Kunnskapshol
Ulikskapen blir forsterka av at det berre er nokre elevar som får høve til å fordjupe seg i framandspråk utover det som er lovfesta på vidaregåande. Her skal alle elevar som går på studieførebuande, ha framandspråk på nybyrjar- eller mellomnivå. For dei som har ambisjonar om bli ekstra gode og nytte språket seinare i livet, finst det eit fordjupingsfag. Men berre unnataksvis. Det er ofte få elevar som tek faget, og små skular har sjeldan råd til å opprette ei slik klasse – om ein då ikkje køyrer digital undervisning saman med andre. I røynda fører det manglande tilbodet til at mange får ein tyngre veg til språkstudia.
– Det er ei bratt læringskurve for mange dei første semestera. Ei masteroppgåve frå 2020 synte at det er stor avstand mellom dei kunnskapane studentane hadde ved studiestart, og det som var forventa av dei. Men det er vanskeleg å tilpasse krava. Vi har eit fagleg ansvar for at studiet må halde nivå med tilsvarande språkstudium i utlandet. Då må vi krevje noko, seier Meklenborg-Nilsen.
Tvitydig politikk
Dette er òg i tråd med norsk utdanningspolitikk. Då Solberg-regjeringa lanserte ei stortingsmelding om humanistiske fag i 2017, kom ho med ei klår forventing om at universitet og høgskular skulle få fleire til å studere språk. I Utanriksdepartementet etterlyser ein jamleg søkjarar som kan fleire språk enn norsk og engelsk. Det same gjer NHO: I 2018 svarte kvar åttande verksemd at dei hadde konkret behov for tyskkyndige. Tal frå EU-kommisjonen syner eit liknande behov: Under halvparten av europearane meistrar engelsk som framandspråk.
Men då kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun la fram ei stortingsmelding om mellomtrinnet i haust, heitte det at regjeringa hadde fått «flere innspill om at opplæring i fremmedspråk oppleves lite relevant», og at faga tek «både tid og kapasitet fra andre fag elevene har lyst å ha». Det er ikkje første gongen Kunnskapsdepartementet har drøfta å redusere timetalet.
– Det er ei meiningslaus motsetning. Framandspråk går ikkje ut over andre fag. Alle fag går ut over andre fag. Ein har berre 30 timer i veka, og dei må fordelast. Så får vi som lærer bort språk, jobbe på for at undervisninga held seg relevant, seier Doetjes.
– Er det i det heile teke realistisk å halde på språka i skulen når tala syner kor krevjande det er å rekruttere fagkompetente språklærarar?
– Vi kan ikkje byggje ned eit viktig fag berre fordi det er vanskeleg å finne gode lærarar i ein periode. Det er ikkje berre framandspråka som slit, skulane treng òg lærarar i andre viktige fag. Det er noko vi må seie til dei som ønskjer å bli lærarar: Vi treng dykk!
Treng heilskap
No er det ikkje berre i Noreg framandspråka slit. Det same er tilfellet i Sverige, Danmark og Nederland. Men til skilnad frå Noreg har nabolanda våre utarbeidd ein heilskapleg plan for å fremje framandspråka. Den førre norske strategien, som berre galdt for grunnskulen og ikkje høgare utdanning, kom i 2006. Dette var to år før Googles omsetjingsprogram Translate kom i norsk utgåve, fem år før elevar kunne laste ned Duolingo på mobilen. I dag er det meste annleis: Ein språklærar har eit heilt anna høve til å variere undervisninga. Men omsetjingsprogram og kunstig intelligens gjer det òg lett for elevar å finne den enklaste utvegen på ei oppgåve – eller rett og slett jukse.
– Vi ønskjer oss at regjeringa kjem med ei stortingsmelding om framandspråka sett under eitt, frå ungdomsskulen til høgare utdanning. Der vonar vi òg at ein vurderer å innføre framandspråk som valfag på barnetrinnet. Det er då vi lærer best, seier instituttleiar Meklenborg-Nilsen.
Meir arbeidslivsretta
Samstundes oppmodar både Meklenborg-Nilsen og Fodstad til å tenkje nytt rundt korleis språkutdanning kan bli attraktivt for studentar som i utgangspunktet tek heilt andre studium.
– Vi ser at framandspråk ofte er ettertrakta i arbeidslivet, men at det er eit ønske som blir rangert lågare enn andre former for kompetanse. Mange tør ikkje lyse ut stillingar der ein krev språkkunnskapar, av frykt for å misse dei beste søkjarane. Det er attraktivt å kunne språk, men det kjem ofte i andre rekkje, meiner Meklenborg-Nilsen.
– Eit av samfunnsoppdraga våre er å utdanne språklærarar. Men kanskje skal vi tenkje nytt, og sjå på om studieprogramma kan bli meir relevante for studentar som vel andre profesjonar òg, seier Fodstad.
Ved Universitetet i Oslo har ein alt byrja dette arbeidet. Planen er å tilby ein mastergrad for statsvitarar og økonomar der språk er del av graden. Meklenborg-Nilsen vonar dette vil auke tilstrøyminga.
Enn så lenge får dei fikse lysrøyra på seminarrom 12.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.