Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

UtdanningSamfunn

Føre var med framandspråk

Framandspråka er naudsynte i arbeidslivet. Dei kan òg bli viktige for beredskapen, påpeiker forskarar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2201
20250117
2201
20250117

– I røynda er det nesten ikkje forska på behovet for framandspråk i offentleg sektor, seier Debora Carrai.

– Men det finst eit reelt behov.

Carrai er førsteamanuensis i framandspråkdidaktikk ved Universitetet i Oslo. No har ho og to andre forskarar kartlagt kva kompetanse ein treng i Utanriksdepartementet.

– Resultata syner at engelsk ofte kan nyttast i formelle situasjonar, til dømes i forhandlingar. Men når ein kjem til det uformelle, som mingling, fortel informantane at det ofte er andre framandspråk som opnar dører. Då treng ein interkulturell kompetanse, og det kjem saman med språkkunnskapane, fortel Carrai.

Dette gjeld òg for næringslivet, fortel Kaja Graaner Humberset. Ho har skrive mastergrad om korleis norske verksemder samarbeider med franske. Det gjekk ikkje knirkefritt, sjølv om båe sider kunne kommunisere på engelsk.

– Det oppstod mange kulturelle og språklege misforståingar. I Frankrike legg ein stor vekt på sosialt samvær og å vere høfleg. Om ei norsk verksemd reiser til Paris for å underteikne kontrakt ein fredag formiddag, ønskjer franskmenn at dei blir heile helga for å vere saman å knyte tettare band. Men nordmennene flyg gjerne heimover for å rekke fram til hytta same kveld. Då blir det krasj. Vi er ulike kulturelt sett òg, ikkje berre språkleg.

Humberset trur ikkje engelsk kjem til å gjere samarbeidet enklare på sikt.

– Både frå norsk og fransk side svarte verksemdene at dei sleit med å forstå den engelske aksenten til motparten. Overraskande nok galdt dette for dei unge òg, fortel Humberset:

– Folk er ikkje så gode i engelsk som dei trur.

Martin Paulsen, som leier Institutt for framandspråk ved Universitetet i Bergen, peiker på at krisesituasjonar kan gjere at behovet for språkkompetanse endrar seg raskt:

– Under flyktningkrisa i 2015 fekk kommunane plutseleg stort behov for folk som kunne arabisk. Det same galdt etter invasjonen av Ukraina i 2022, då ein fekk tilsvarande behov for russiskkyndige. Vi lever i ei omskifteleg verd. Det einaste sikre er at vi framleis vil vere avhengige av at folk kan meir enn engelsk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis