Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

5443
20250117
5443
20250117

Sakprosa

Martin Bech Holte:

Landet som ble for rikt. Hvordan Norge endte i Oljefondets felle

Kagge Forlag

Martin Bech Holte har skrive ei ambisiøs bok om Olje-Noreg der undertittelen er at landet har hamna i oljefondfella. Kva for felle er dette? Ifølgje forfattaren går vi i ei felle når vi bruker av fondet til å finansiere offentleg forbruk. Politikarane våre lèt seg presse av interessegrupper som, stimulert av oljerikdommen, er umettelege på budsjettmidlar. Det er mykje god økonomisk-historisk analyse i denne boka, til dels med lærebokpreg. Ho er dels krevjande å lese og kunne vore korta ned, sidan repetisjonar førekjem. Grafiske figurar er illustrative, men lita skrift gjer dei mindre gode å studere.

Framstillinga kretsar kring metaforane dag 1 og dag 2, der dag 1 er epoken frå 1973 til 2013, då veksten vart god og pilane viste rett veg. Ved dag 2 (frå 2013 til i dag) set tilbakeslaget inn, då er det overforbruk av oljefondet, offentleg sektor eser ut, produktiviteten går ned og kapitalflukt set inn.

«Boka er god i omtalen av den sjølvgode nordmannen.»

Tradisjonelt tankegods

Den historiske gjennomgangen er prega av tradisjonelt handelshøgskuletankegods: Marknaden var og er løysinga på samfunnsutfordringane. Stortida for dag 1 var dereguleringsperioden frå 1980, som resulterte i jappetida. Holte får fram at frisleppet ikkje var berre vellykka, sidan staten måtte rykke inn å redde bankane med ei pakke pålydande 13 milliardar. Det slår meg at staten er grei å ha for oss alle den dagen vi må over på krykker.

Holte snakkar seg varm om kravet til produktivitetsvekst og dermed også trongen for utanlandsk kapital i norsk næringsliv. Dette er viktig, viss Holte har rett i at bruken av oljeformuen fører til kapitaltørke. Her hadde eg sett pris på ei vurdering av oljefondet og ei omlegging av handlingsregelen, sidan fondet burde kunne investere i norske bedrifter for å kompensere for mangel på framand kapital.

Evig vekst

For meg verkar det typisk at ein mainstreamøkonom som forfattaren ignorerer debatten om «evig vekst». 50 år etter «limits to growth» er alt som før? Eg spør: Kva vil konsekvensen bli om vi forlenger vekstkravet inn i framtida? Er det etisk forsvarleg? Elles meiner eg å observere ei erkjenning om at veksten har skjedd med store skadeverknader for livet på jorda. Karbonprisane har ikkje reflektert reelle kostnader ved utsleppa. Framover vil langt meir av verdiskapinga måtte gå til å reparere skadar.

Men for all del, Holte har mange gode poeng. Det er i sanning mykje vrangt med den norske offentlege sektoren og det ofte oppskrytte samfunnet vårt. Han bør ha takk for å løfte fram desse:

* Skulen: grundig kritikk av Reform 94 og avviklinga av yrkeslinene som årsak til utanforskap.

* Dei vitlaust høge kostnadene ved offentlege bygg og anlegg. Kor er faste kravspesifikasjonar for å få kontroll på galoppen i prestisjeprosjekt som Fornebubanen og regjeringskvartalet?

Og boka er god i omtalen av den sjølvgode nordmannen. Holte viser til data der landet vårt (2017) toppar suverent når folk i ulike land blir spurde om kulturen deira er overlegen kulturen i andre land, og meiner at omtalen av «det rikaste landet i verda» hadde sin verknad på norsk mentalitet.

Eg tykkjer forfattaren hamnar i eit uføre ved sine åtak på stat og kommune. Han har rett i at det er mykje svak og overbetalt leiing, og at byråkratiet har fått – og tatt til seg – stor makt. Likeins at vi manglar politikarar med relevant røynsle frå arbeidslivet. Men i omtalen av pressgruppene trør han etter mitt syn feil. Når interessegrupper aksjonerer for å oppnå gode, er det noko av det vakraste vi har i eit vitalt demokrati med levande sivilsamfunn. Det fell kanskje ikkje Holte inn at den klassen han sjølv høyrer til, med skyhøgt inntekts- og forbruksnivå, har drive fram kravmentaliteten i samfunnet elles. Altså Skilnads-Noreg.

Nedlatande tone

Mange som arbeider i stat og kommune, vil riste kraftig på hovudet over den nedlatande tonen. Holte nyttar omgrepet amnesti, at offentleg sektor er unntatt frå krav om effektivitetsforbetringar på grunn av den rike staten. Sitat: «I et samfunn som ikke ønsker lederskap som jakter forbedring og effektivitet, tar Dag-2-kulturen over.» Det er mi røynsle at krava til prestasjon er sterke i dei fleste offentlege etatar. Eg viser til litteratur om «offentleg etos» som har prega sektoren tradisjonelt. Dette inneber ei særskild innstilling til verdien ved det å yte tenester til medborgarane. Uegoistisk innstilling, arbeidsetikk med vilje til å stå på.

Holte har rett i at vi må finne metodar for å nytte oljeformuen betre, og han avrundar boka med to framlegg. Modell 1: Strengare føringar for bruken må komme på plass, mellom anna investeringar som monnar i infrastruktur (allokeringsreglar). Kva er det vi ventar på? Oljefondet vårt er i røynda eit gigantisk spekulasjonsfond, vi har ingen garanti for at verdiane blir varige i ei omskifteleg tid. Modell 2: Dette er mest vidfemnande og inneber at dagens uttak av fondet blir overført direkte til alle statsborgarar, 80.000 kroner per person i 2024!

Ein kan tvile på om dette er seriøst meint. Det er iallfall dødfødt. Men sjølve ideen bygger på gamle tankar om borgarlønn, og i eit avgrensa omfang kan det avgjort ha noko for seg.

Gjermund Bakkeli Haga

Gjermund Bakkeli Haga er statsvitar.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis