Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Kommentar
Stiftaren av det franske ekstremhøgrepartiet Nasjonal front (FN), Jean-Marie Le Pen, døydde 7. januar, 96 år gamal. Som i livet, så i døden er Frankrike delt på midten i synet på mannen som stod sentralt i fransk politikk – i nærare 70 år.
Frå det franske presidentpalasset trådde Emmanuel Macron på ei tynn diplomatisk line då dødsfallet vart kunngjort. Han uttalte at det var «opp til historia» å vurdera mannen som vart slått ut fem gonger i presidentval og valt inn i den franske nasjonalforsamlinga som den til då yngste, i ein alder av 28. Der sat han i åtte år, og 30 år i Europaparlamentet.
I 1972 etablerte Le Pen partiet Front national. To år etter fekk han 0,75 prosent i presidentvalet. Eit halvt hundreår seinare leier den yngste dottera hans, Marine, sitt eige etterfylgjarparti, omdøypt til Nasjonal samling (RN), den største fraksjonen i nasjonalforsamlinga (etter valet i sumar, med allierte, 104 mandat).
Og det kan godt tenkjast at ho overtek etter Macron i Elyséepalasset om vel to år. Det er etter alle mål ei ekstraordinær suksesshistorie.
«Le Pen gjekk så langt som til å seia at Nicolas Sarkozy, som hadde ungarsk opphav, ikkje var «rein» nok til å bli president.»
Det maktfulle bodskapen
Eit blikk på den politiske scena i Europa etter parlamentsvalet i fjor syner kor sterkt Le Pens miks av antiimmigrasjon, antielite, antiglobalisering, anti-EU og nynasjonalisme står i dag. Marine Le Pen, som kasta faren ut av hans eige parti i 2015, spelar på dei same strengene, men ho skjøna at faren ikkje var den rette til å hamra på desse tonane.
Marine Le Pen tok frå faren medlemskapen i partiet etter ein maktkamp som fekk kommentatorar til å trekkja inn både Macbeth og kong Lear som illustrasjon på blod og fadermord. Det skjedde etter at Le Pen senior hadde kalla gasskammera under nazismen for ein point de détail i historia. (76.000 franske og statslause jødar vart deporterte til konsentrasjonsleirane under krigen, berre 2500 kom att.) Han fekk då ei bot på 1,2 millionar franc.
Le Pen fekk også alle mot seg då han sa at den nazistiske okkupasjonen av landet ikkje var «spesielt inhuman». Han gløymde då det enorme talet på deporterte franske tvangsarbeidarar til Nazi-Tyskland og den Telavåg-liknande aksjonen mot landsbyen Oradour-sur-Glane i 1944, der SS drap alle innbyggjarane, 642, som hemn for aksjonar frå motstandsrørsla. De Gaulle lét landsbyen stå att som ruin for ikkje å gløyma valdsudåden.
På sett og vis gjekk tida frå Le Pen senior. Marine måtte «avforgifta» arven etter faren for å gjera appellen breiare. Ho har sløyfa kravet om dødsdom i partiprogrammet og vil tillata ekteskap mellom likekjønna. Ho vil ikkje ut av EU no, men «reformera innanfrå», som ho seier.
I «avforgiftinga» har ho lukkast. RN er i dag ikkje det radioaktive partiet ingen kunne ta i før – det fekk 10,6 millionar røyster i 2017 (nesten 33 prosent).
Marsj på ytste høgre
Å fylgja Jean-Marie Le Pens politiske ferd er som å vitja ein heil antiestablishmenttradisjon med røter attende til den monarkiske reaksjonen mot den franske revolusjonen etter 1789, via Dreyfus-saka (1894–1906) og Vichy-regimet til i dag.
Då Le Pen kom inn som deputert, var det som del av Pierre Poujades høgrepopulistiske, antistat-skattenektarparti i 1950-åra. Lågare mellomklassefolk, butikkeigarar, bønder og funksjonærar reagerte mot eit sentralistisk Paris som ikkje såg kor pressa økonomien og statusen deira var. Seinare fekk Nasjonal front eit sterkt tilsig av industriarbeidarar og arbeidslaus ungdom i forstadene og reaksjonære katolikkar.
Poujadismen var eit antimoderne opprør, kan ein seia. Det brann ut då de Gaulle etablerte den femte republikken i 1958, men Le Pen vart heile livet ein slags poujadist.
Le Pen sjølv verva seg som fallskjermsoldat i Framandlegionen og tenestegjorde i Indo-Kina og Algerie. Han nekta for å ha brukt tortur sjølv, men sa han kjende til praksisen, «vi gjorde det som var naudsynleg».
Han var mot lausriving av Algerie frå Frankrike og forsvara det kollaboratørregimet i Vichy frå 1940 til 1944 under marskalk Philippe Pétain.
Le Pen ville rehabilitera dei som samarbeidde med tyskarane, og spurde provoserande i 1965: «Var de Gaulle modigare enn Pétain i den okkuperte sona? Det var mykje lettare å setja seg til motverje i London enn i Frankrike.»
Reinsing
«Det reine» er eit gjennomgangstema i Le Pens posisjonar. «Remplacement», erstatning, er gjennomgangsmelodien, også i dag. «Dei framande» må erstattast. AfD i Tyskland seier det same. Le Pen tala stadig om at rasane var ulike, og at landet måtte reinskast for framande. Frankrike hadde forlate sine «galliske røter» ved å ta inn så mange muslimar frå Nord-Afrika. Han tok til orde for massedeportasjonar. Han vart dømd sju gonger for å ha oppelda til rasehat.
Legg så til antiamerikanisme, proteksjonisme og sterk EU skepsis – og du har ein profil mykje i strid med tradisjonell konservatisme, sjølv om påverknaden frå han har sett sterke merke på ordinær konservatisme i Frankrike no. Le Pen har drege landet og Europa til høgre og gjort ytste høgre til ein etablert del av europeisk politikk.
Le Pen gjekk så langt som til å seia at Nicolas Sarkozy, som var av ungarsk opphav, ikkje var «rein» nok til å bli president. Då Frankrike vann fotball-VM, var Le Pens kommentar at laget hadde for mange mørkhuda til å kunna kallast «fransk».
Bodskapen til Le Pen gav atterljom i ei tid då desillusjonen med politikken var temmeleg ålmenn, det vil seia under den sosialistiske presidenten Francois Mitterrand i 1980-åra. Då steig arbeidsløysa og inflasjonen, og Le Pen vann gehør ved å skulda innvandrarane for å «stela jobbane» til franskmenn. I 1984 fekk Nasjonal front 10 prosent oppslutnad. Seinare sa han at president Jacques Chirac var «på løningslista til jødiske organisasjonar». I 1995 fekk Nasjonal front kontrollen i fire provinsar i Provence, i sær Toulon. Då var landsprosenten 15. I 1997 fekk han ei bot på 20.000 franc for å ha forulempa fysisk ein sosialistisk kandidat til valet. Då vart han fråteken sivilrettane sine, fekk ein dom på tre månader på vilkår vart fråteken mandatet sitt i Europaparlamentet i eitt år.
Til andre runde
Den største suksessen til Le Pen kom ved presidentvalet i 2002, då kampen stod mellom sosialisten Lionel Jospin og sitjande president Chirac. Frykt for kriminalitet, lågt frammøte og ei splitta venstreside skapte ein sensasjon: Le Pen fekk 16,86 prosent og slo så vidt ut Jospin. I den andre runden kom venstresida til sans og samling og heldt seg for nasen og røysta Chirac massivt mot Le Pen. Sistnemnde fekk då nær 18 prosent, Chirac 82 prosent.
Le Pens familieliv var (nesten) like dramatisk som det politiske. Han skilde seg frå kona Pierette i 1987 (dei hadde tre døtrer, Marine er ei). Pierette hemna seg ved å posera naken i Playboy med ein støvsugar – eit peik mot Le Pens bodskap om at plassen til kvinna var i heimen.
Vil han verta sakna? Ikkje av så mange. Tida hans var ute.
Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.