Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Grønland
Den største øya i verda, med eit areal på 2,2 millionar kvadratkilometer. 81 prosent er dekt av is. Geografisk plassert på det nordamerikanske
kontinentet.
Har nærmare 57.000 innbyggjarar.
Er ein sjølvstyrande region innanfor riksfellesskapet, som består av Danmark, Grønland og Færøyane.
Vart dansk koloni i 1721, dansk fylke i 1953, fekk heimestyre i 1979 og utvida sjølvstyre i 2009. Gjekk saman med Danmark inn i EU i 1973, gjekk ut att i 1985.
Danmark har ansvar for Grønlands utanriks- og forsvarspolitikk.
USA har vide fullmakter til å vere til stades militært.

Arktis
christiane@dagogtid.no
To dagar etter at Donald Trump jr. landa med «Trump Force One» på Nuuk flyplass, landar eg i den grønlandske hovudstaden med rutefly frå København. Eg må gje Trump jr. rett i éin ting: Å sjå Grønland frå flyruta er spektakulært. Sola lågt over fjelltoppane. Snø i gylne og kalde nyansar. Frose hav gjennomtrengt av kvite holmar i alle moglege storleikar.
Junior kom hit som turist, sa han. Eg har komme hit som journalist, men billettane bestilte eg før eg kunne vite kor spent den politiske stemninga ville verte.
Turen vart planlagd før stuntet frå junior, og før den påtroppande amerikanske presidenten ytra seg meir sjokkerande om Grønland enn nokon gong tidlegare. Nei, Trump kunne ikkje garantere at han ikkje ville ty til våpen for å få kontroll over Grønland, svarte han på direkte spørsmål frå ein journalist under ein pressekonferanse tysdag førre veke. Tvert om kunne det vise seg naudsynt. Grønland er avgjerande for amerikanske tryggingsinteresser og for å verne om den frie verda, sa Trump. Ein trong ikkje eingong kikkert for å sjå problemet, haldt han fram. Kinesiske og russiske skip var overalt, og det ville ikkje USA tillate.
Donald Trump jr. åt lunsj med grønlendarar på Hotel Hans Egede i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Førstesidestoff
Planen min var aldri å konkurrere med resten av den vestlege pressa om å snakke med grønlendarar i gågata i Nuuk, men no hadde dei store mediehusa trykt på den store raude knappen. Den største øya i verda var no også det største nyhendet i verda, eller i alle fall i Vesten, og Sirkus Trump var i ferd med å verte avløyst av eit pressesirkus.
Jørgen Boassen, som eg hadde avtalt å treffe etter å ha sett han i grønlandske aviser, var no internasjonalt førstesidestoff. Den grønlandske verten til Trump jr. var vorten ettertrakta og vanskeleg å få tak i: «Eg ringjer deg tilbake seinare. Eg sit her med to britiske journalistar.»
Samtidig gjekk det føre seg eit politisk drama i København, der den danske regjeringa arrangerte krisemøte og prøvde å samkøyre reaksjonane sine med det grønlandske landsstyret, eller regjeringa, om du vil. Ei samkøyring som skulle føre til at den grønlandske regjeringssjefen Múte Bourup Egede sa at grønlendarar korkje vil vere danskar eller amerikanarar, men grønlendarar.
Den dansk-norske misjonæren Hans Egede er tydeleg til stades i den grønlandske hovudstaden.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Og medan Trump jr. farta rundt i Nuuk, møtte den danske sosial- og bustadministeren til debatt i Folketinget om ein av dei såraste konfliktsakene mellom Grønland og Danmark. Det danske barnevernet tek prosentvis mange gonger fleire barn frå grønlandske foreldre i Danmark enn frå danske, og via grønlandske aviser ber gråtande foreldre om å få barna sine tilbake.
På første klasse
Eg har hatt ein komfortabel flytur. Saman med sidemannen, ei dansk kvinne som pendla til jobben på eit statseigd grønlandsk lasteskip, kunne eg gle meg over å verte flytta frå økonomi- til førsteklasse utan ekstra kostnad.
Men endå større pris sette eg på å høyre om kvardagen på lasteskipet, som ikkje seier så reint lite om det grønlandske samfunnet. Grønland eksporterer fisk og sjømat, men lite anna, og landet har ingen eigen industri å snakke om. Så å seie alle varer vert importerte med skip, som forsyner alle byar og bygder utan vegsamband. Og skipstransporten er ikkje utan hinder. Isen forseinkar ofte leveringa, men det er folk vande med, fekk eg høyre, før eg lét meg oppsluke av ein dokumentarfilm om det grønlandske rockebandet Sume.
Sume turnerte på Grønland i 1970-åra med tekstar om korleis grønlendarar er vortne undertrykte av den danske kolonimakta. Omslaget på det første albumet deira sjokkerte: ei teikning av ein inuitt som har kappa armen av ein drepen kvit mann.
Omstridd lufthamn
Innkomsthallen på Nuuk lufthamn er innbydande, med store glasflater, lyse fargar og varmt treverk. Nuuk lufthamn opna i slutten av november etter år med debatt om finansieringa.
Danske politikarar var lenge skeptiske til å bidra, men snudde tvert då USA kom på banen. Representantar for amerikanske styresmakter sa at USA ville vurdere å investere i lufthamna, etter å ha sett lista over selskap som ønskte å byggje henne ut. For blant dei prekvalifiserte selskapa var eit kinesisk entreprenørkonsern. Var det Kina som skulle byggje infrastruktur på Grønland?
Saka enda med regjeringskrise på Grønland, då eitt av regjeringspartia ikkje ville ha Danmark som medeigar av flyplassane. Utan dansk eigarskap og danske lån kunne lufthamnene ha medverka til eit meir sjølvstendig Grønland.
Men no er lufthamna opna, og for første gong kan vi flyge direkte frå København til den grønlandske hovudstaden. Om kort tid kan vi sjå føre oss direktefly også tur-retur Canada og New York.
Grønlands spesialitet
Eg ventar på kofferten min og kikkar på utvalet av grønlandske spesialitetar. Skal eg kjøpe brennevin laga av grønlandsis, hausta frå isfjell i fjordane? Eller kanskje ein roman av Niviaq Korneliussen, som vart tildelt Nordisk råds litteraturpris i 2021?
Romanen Blomsterdalen har eg alt i veska. Han handlar om ei ung grønlandsk kvinne som dreg frå kjærasten sin for å studere i Danmark, og som slit med avstanden og dei kulturelle kodane. Mellom linjene ligg sorga over alle menneskeliva som har gått tapte som følgje av sjølvmord på Grønland.
Seinare skal eg sjekke tala og finne at så mange som 10 prosent av grønlendarane mellom 18 og 29 år har prøvd å ta sitt eige liv – eit tal som har vore stabilt over tid. Levevilkåra er hardare i bygdene på austkysten og i nord enn i hovudstaden. Overgangen frå eit liv basert på fangst og fiske til eit globalt lønnsarbeidarsamfunn har ikkje vore smertefri.
Liker ikkje danskar
Der kjem kofferten på rullebandet, og eg kan trekkje inn den friske grønlandslufta. Det er sol og ti minusgradar, og himmelen er blå- og ferskenfarga. Eg hoppar inn i ein drosje og kjem i prat med sjåføren, som presenterer seg som Steven Lyberth.
– Mange liker Trump, seier han.
– Mange.
Sjølv er Lyberth skeptisk til både amerikansk og dansk kontroll over Grønland. Han har lite positivt å seie om danskar. Dei er overalt, seier han, og dei set grenser for kva grønlendarane kan gjere.
Og kvifor skal alle barn lære dansk på skulen, spør han. Dansk er eit lite språk, og Danmark eit lite land i verda. Kvifor er det vorte tradisjon at unge dreg til Danmark når dei er ferdige på grunnskulen, for å lære perfekt dansk? Kvifor kan dei ikkje heller konsentrere seg om engelsk?
Eg går av ved hotellet og ser rett på eit stort blått hus like ved, med fire flagg som flagrar i vinden. Tett ved kvarandre står flaggstengene med det færøyske, det grønlandske og det danske flagget – flagga i det danske kongeriket, riksfellesskapet. Litt lenger unna vaiar det amerikanske. «Arktisk kommando», står det med store bokstavar på framsida av huset.
Hadde det vore opp til Trump, tenkjer eg, skulle berre eitt av desse flagga vore heist.
Missilruter
USA har vore militært til stades på Grønland sidan nazistane okkuperte Danmark under den andre verdskrigen. Då krigen tok slutt, ville den danske regjeringa oppheve avtalen som gav amerikanarane rett til fritt å operere militært på Grønland, utan samråd med Danmark. Men amerikanarane tenkte annleis. I 1946 bad USA om å få kjøpe Grønland.
Interessemotsetninga mellom USA og Danmark vart løyst med ein ny avtale i 1951, som i justert utgåve gjeld den dag i dag. Frå då av skulle forsvaret av Grønland verte sikra i regi av Nato. Samtidig gav avtalen USA fullmakt til å bruke Grønland som dei ville militært. Det kom til nytte under den kalde krigen, då USA bygde opp ei lang rekkje militærbasar.
I dag er det berre éin base igjen, Pituffik Space Base, tidlegare kjend som Thulebasen, som husar radarsystem som kan varsle om missilåtak. Den kortaste vegen for langtrekkande missil mellom USA og Russland går over Arktis, og fleire moglege ruter går over Grønland.
Thulebasen har ikkje berre ein plass i historiebøkene på grunn av den militære betydinga, men fordi inuittbefolkninga vart tvangsflytta ved opprettinga tidleg i 1950-åra.
Få i militæret
Vegen til sentrum tek eg til fots. Den strategiske betydinga Grønland har, har ikkje berre med basar å gjere, men også med tilgang til råstoff og sjøruter. Ei framtid med varmare klima og mindre is vil gjere minerala lettare tilgjengelege og Nordvestpassasjen meir farbar.
På veg opp ein av dei mange trappene i det kuperte landskapet i Nuuk støyter eg på ein grønkledd danske på veg frå jobb i Arktisk kommando, som er hovudkontoret for det danske forsvaret i Nuuk. Han fortel at det stort sett er danskar som jobbar på kontora i det store blå huset, fordi det ikkje har vore tradisjon for at grønlendarar gjer militærteneste.
Men ei lita endring er på veg. I mai i fjor starta dei første 22 unge grønlendarane på ei nyoppretta seks månader lang utdanning innan forsvar og beredskap, og i haust gjekk nokre av dei vidare til jobb i Arktisk kommando.
Ein ung uniformkledd grønlendar fortel meg seinare at utdanninga har vore populær.
Pressa på plass
Vegen til Nuuk sentrum går forbi bustadhus i sterke fargar. Knallblå, rosa, lilla, raude, gule. Mange av dei kombinerer to fargar – dei kan vere blå og raude, lyserosa og djuprosa, turkise og sjøgrøne. Eg kjenner igjen dei farga husa frå turistbiletet eg har sett på nettet, men endå fleire bur nok i dei mange blokkene som stikk opp framfor fjella som omkransar byen. Enkelte av dei nyreiste og flotte, dei fleste velhaldne, berre nokre få av dei har sett betre dagar. Nuuk har nærmare 20.000 innbyggjarar, ein stor del av dei nærmare 57.000 som bur på øya.
Vel framme i gågata spør eg forbigåande kva dei synest om utspela frå Trump.
– Ikkje tale om, vi er ikkje til sals, seier ei dame, som på ingen måte vil i avisa.
Det er det i det heile teke ikkje så mange som vil, og innvendig takkar eg høgare makter for at eg ikkje jobbar med TV-nyhende og i time etter time må jakte på folk som vil stille seg framfor kameraet. Fleire svarar at dei ikkje er opptekne av politikk.
I dagane som kjem, ser eg journalistar komme i puljar. Dei første eg treffer, er frå NRK, Die Zeit og Die Welt. Sidan treffer eg fleire journalistar frå Storbritannia og Frankrike. Eit britisk TV-team ser letta på meg når eg seier hei. Dei trur dei endeleg har funne ein grønlendar som vil på fjernsyn.
Kolonihamna i Nuuk er fargerik og idyllisk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Trur på Trump
Eg kan ikkje skryte av å tenkje så annleis enn resten av journalisthorden som fyller den vesle gågata i Nuuk sentrum. Når eg omsider treffer Jørgen Boassen, mannen som viste fram byen for Trump jr., fortel han meg at han har brukt dei siste dagane på å handtere presse – seinast ein journalist frå Politico.
Eg ber han vise meg statuen av den dansk-norske misjonæren Hans Egede, som på 1700-talet la grunnlaget for både kristninga og den danske koloniseringa av Grønland. Statuen ragar på ein bakketopp ovanfor den gamle delen av byen, som ber namnet Kolonihamna, og i murarbilen hans legg vi i veg. På dashbordet ligg det tre knallraude kapsar med ein logo dei fleste kjenner.
Jørgen Boassen viser meg rundt i Nuuk sentrum i arbeidsbilen sin. På dashbordet ligg tre raude MAGA-kapsar.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
– Trump meinte ikkje noko vondt med det han sa.
Jørgen Boassen, Trump-tilhengar
Fekk Boassen sjokk då USAs påtroppande president, berre timar etter at eldstesonen returnerte frå Nuuk, opna for militært press for å få kontroll over Grønland? Det verkar ikkje slik. Boassen seier at meldinga frå Trump er vorten feiltolka, og at den kommande presidenten må ha vist til Panamakanalen då han snakka om militærmakt.
– Kinesarane er aktive i Panamakanalen, og det er ikkje bra for USA. Trump ville aldri nytte våpen mot Grønland eller Danmark, seier han.
– Trump peikte også på kinesiske og russiske skip i havområda utanfor Grønland.
– Om han vil vere til stades militært, vil han sende fleire skip til den amerikanske basen på Grønland.
– Så du trur ikkje at han meinte å truge dykk?
– Nei. Han sende jo også ei helsing til Grønland om at vi snart skal sjåast igjen. Trump meinte ikkje noko vondt med det han sa.
Omstridd statue
Boassen trakkar med energiske skritt gjennom snøen på veg opp mot Hans Egede-statuen. Sjølv om han er aktiv tilhengar av Trump og gjekk frå dør til dør under presidentvalkampen, er han ikkje blant dei som tiggar Trump om å kjøpe Grønland. Tvert om seier han at Grønland ikkje er til sals.
Det han ivrar etter, er eit tettare samarbeid med USA om forsvar, overvaking og utvinning av råstoff, som sjeldne jordartar og olje. Han trur, seier han, at USA kan løfte Grønland på ein måte Danmark ikkje kan.
Spørsmålet om Grønland skal verte sjølvstendig eller lausrive seg frå Danmark, må avgjerast av det grønlandske folket i ei folkerøysting, meiner han.
– Kva synest du om å ha denne statuen ståande her, seier eg når vi har nådd toppen.
– Statuen er ein del av historia vår. Eg er ikkje woke, seier Boassen.
I andre krinsar er statuen mindre populær. Sidan sommaren 2020 har han fleire gonger vorte tilgrisa med raudmåling og slagord, som «decolonize» og «landback».
– Uakseptabelt
På hotellrestauranten har eg avtalt å møte Kuupik Kleist, som er ein kjend figur på Grønland.
– Trump har gjeve meg nok å gjere, seier han med mobilen i handa.
Kleist voks opp i gruvebygda Qullissat, som vart lagd ned i 1972, då gruva ikkje lenger var lønnsam. Han utdanna seg i Danmark og har sidan tidleg i 1990-åra vore ein sentral politikar for venstresidepartiet Inuit Ataqatigiit, blant anna som representant i det danske Folketinget. Etter å ha teke aktivt del i arbeidet som leidde fram til det utvida grønlandske sjølvstyret i 2009, vart han statsminister det same året, ein posisjon han heldt på i fire år.
I dag tek han konsulentoppdrag, til dømes for gruveselskap, men prøver, seier han, å gjere så lite som mogleg. Trump gjer det ikkje lett for han.
Tidlegare statsminister på Grønland Kuupik Kleist er sterkt kritisk til utspela frå Donald Trump.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
– Det finst inga orsaking for å truge Nato-allierte.
Kuupik Kleist, tidlegare statsminister på Grønland
Trump som Putin
– Det finst inga orsaking for å truge Nato-allierte, som Grønland, Danmark og Canada, og heller ikkje Panamakanalen. At han ikkje vil vike unna å bruke økonomisk og militært press for å sikre seg kontroll over desse områda, er langt forbi det vi kan akseptere, seier Kleist.
Kleist kallar det latterleg å tru, i 2025, at eit land er til sals, og samanliknar situasjonen med å ha ein forbrytar på gata.
– Det er som om folk ikkje tør å gå ut, på grunn av denne forbrytaren. Det verkar som om Trump skremmer verda, slik Putin også gjer. Eg synest dessverre at Trumps oppførsel liknar Putins.
– Like fullt er forsvaret av Grønland avhengig av USA?
– Eg veit ikkje. Eg har vore på dei fleste amerikanske basane opp gjennom livet. No har dei éin att, i Thule, og der er dei mest opptekne med å sjå etter framandelement i verdsrommet. Dei fortalde meg at dei held auge med ein romvott som gjekk tapt i tida då alle skulle ut i verdsrommet. Ein gong i døgnet eller noko slikt dukkar denne votten opp.
Kleist understrekar at Grønland så langt ikkje har vore truga av korkje Russland eller Kina.
– Eg seier ikkje at dei ikkje interesserer seg for Grønland, for det gjer alle, men det har ikkje komme trugsmål dei siste 60–70 åra.
– Danmarks militære etterretningsteneste gav i desember ut ein trugsmålsvurdering der dei ytrar uro for meir russisk aktivitet i Arktis. Gjev det grunn til uro?
– Russland er ei eiga sak, for dei meiner at dei har hevd på halve Arktis. Så Arktis er viktig for Russland, slik det er for USA, som inkluderer Alaska. Men som sagt har ingen truga oss. Det kan komme, men i dag er dette berre teori. Eit spørsmål som kan verte snakka opp eller ned. Eg synest pressa no snakkar det opp.
Den amerikanske interessa for Grønland har likevel vore nyttig for Grønland, meiner Kleist.
– Grønland har brukt USA mot Danmark. Kvar gong USA krev eit eller anna, krev vi det same frå Danmark. På den måten er USA eit verktøy for oss.
Treng større rom
I Store norske leksikon har eg lese at Kleist vil rive Grønland laus frå Danmark. Det viser seg å vere ei sanning med modifikasjonar. Den tidlegare statsministeren kan ikkje sjå føre seg at banda til Danmark vil verte kutta i tiåra som kjem, men tek høgd for at dei yngre generasjonane kan tenkje annleis.
– Grønland ønskjer sjølvsagt å verte ein suveren stat, men kva tyder det i verda i dag? Det er band overalt, og eg trur det er bra at land er avhengige av kvarandre. Når det er sagt, er det klart at Grønland treng eit større rom i utanrikspolitikken.
Det er ikkje mogleg å diskutere sjølvstende utan også å diskutere økonomi. Danmark overfører no over fire milliardar danske kroner til det grønlandske sjølvstyret. I tillegg kjem bidrag på omkring to milliardar til institusjonar drivne av danske styresmaktar.
– Vi har ikkje høyrt noko frå Trump om kva han kan bidra med, seier Kleist.
Kleist meiner Grønland treng fleire bein å stå på enn fiske, og ser mineralnæringa som ei framtidig inntektskjelde. Men som så mykje anna er også mineralnæringa dyr å drive på Grønland. Infrastrukturen manglar. Dessutan, hevdar Kleist, jobbar byråkratane meir mot enn med gruveselskap.
– Min personlege teori er at byråkratiet består av nyutdanna danskar som meiner Grønland er for dyrebar til å verte rørt, seier han.
Sosiale utfordringar
Eg fotograferer Kleist på lastehamna på nedsida av hotellet. Ved bryggja ligg to danske krigsskip.
– Dei vert mest brukte til søk og redning, seier han.
Kleist meiner det grønlandske parlamentsvalet som skal haldast i vår, bør handle mest om sosiale utfordringar på Grønland. Ulikskapen mellom folk er stor, og det er også forskjellane mellom bygd og by.
Ikkje minst er han oppteken av den demografiske utviklinga. Også Grønland står overfor ei eldrebølgje, og dersom utviklinga held fram som i dag, trur ein at befolkninga vil vere under 50.000 i 2050. Arbeidsinnvandrarar frå Filippinane og Thailand medverkar til å halde folketalet oppe.
Eit dansk krigsskip er på veg ut på oppdrag i Nuuk laurdag føremiddag.
Foto: Chrisitane Jordheim Larsen
Lunsj i toppetasjen
Bysentrumet i Nuuk er livleg og moderne, med fleire iaugefallande byggverk av nyare dato. Kulturhuset, bygd på slutten av 1990-talet, har ein bølgjande fasade av lerk. Eit handlesenter med skinande fasade vart reist for 12 år sidan, rettsbygningane med tidsriktige trefasadar er berre nokre år gamle, og det er også ein heilt ny grunnskule med plass til 1200 elevar midt i byen.
Det er mange kafear å velje blant, men eg tenkjer at eg ikkje kan dra frå byen utan éin gong å smake lunsjen i toppetasjen på Hans Egede Hotel, der Trump jr. inviterte byfolk inn.
Eg spør nokre av mennene utanfor Brugsen, eit handlesenter rett over vegen, om dei vart inviterte inn til måltidet, men det vart dei ikkje.
– Eg såg han berre, seier ein eldre mann om Trump jr.
Han vil ikkje snakke om politikk.
Konsekvensar
Det kan verke som utspela frå Trump alt har fått politiske konsekvensar. I løpet av kort tid har den danske regjeringa komme Grønland i møte i fleire saker.
Danmark vil gjerne investere i grønlandsk infrastruktur, seier statsministeren. Dei to landa skal ha funne ei løysing på omstridde foreldrekompetansetestar som ikkje er tilpassa grønlandsk kultur, ifølgje ei pressemelding. Regjeringa ser trong for fleire isbrytarar i Arktis.
Eg bestiller ein tallerk med kalde grønlandske spesialitetar. Snøkrabbe, lammepølse, reinsdyrkjøt, brød og smør. Frå bordet har eg utsikt til byen og fjella i tre retningar. Borda er pent dekte med stetteglas og kvite blomar. Men eg sit der heilt åleine, med ein servitør som stadig passar på at kunden har det bra. Ein augeblink føler eg at eg tek del i eit skodespel. Eg takkar nei til dessert og går til biblioteket for å skrive.
Nyhendebiletet utviklar seg raskt. Internasjonale aviser skriv at republikanarar i Representanthuset har førebudd eit lovforslag dei kallar Make Greenland Great Again Act. Grønlandske aviser melder at personar med amerikansk aksent deler ut dollar, kapsar og amerikanske flagg i Nuuk. Dei viser seg å vere ei gruppe Trump-vennlege influensarar som driv underhaldning på YouTube og Instagram. Jørgen Boassen har drege til USA, der han skal til Mar-a-Lago i Florida og vidare til Washington D.C. og sjå Trump verte sett inn som president den 20. januar.
Eg tenkjer på alle dei godt kledde journalistane med fotostativ i Nuuks gater. Dei har god grunn til å verte verande.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.