Makta og den uavhengige forskinga
Sidan Dag og Tid hadde sitt store oppslag 15. november om den siste boka til Terje Tvedt, Norske tenkemåter, har han vore fast bidragsytar, for det meste i ein debatt med Anders Breidlid, relatert til Sør-Sudan, sist repetert 3. januar. I eit innlegg den 13. desember tok han også for seg Norsk utviklingshjelps historie (2003).
Tvedt er internasjonalt kjend for sitt arbeid med vatnets historie, i norsk opinion mest for sin kritikk av norsk bistands- og utanrikspolitikk og den verknaden den har hatt for det norske sjølvbiletet og bilete av utviklingsland. Den kritikken er det mange som deler, vel å merke når kritisk betyr analytisk og allsidig, ikkje berre negativt. Eg helsa den første boka hans om dette, Bilder av de andre, velkomen i ei positiv melding så tidleg som i 1990 (Forum for utviklingsstudier, 2, 1990).
Eit gjennomgangstema i debatten i Dag og Tid er kritikken av forsking som er finansiert av Utanriksdepartementet eller andre offentlege instansar, og der gjennomføringa er sett bort til ei styringsgruppe under Forskingsrådet. Vi likar å tru at det er ein del av ei liberal samfunnsordning som tener til sjølvkorrigering. Tvedt meiner at ein slik modell betyr at «makta» rår, at ein dominerande offisiell «tenkemåte» legg rammene, og at forskarane derfor ikkje kan forske fritt, sjølv om dei trur det.
Mykje av bidraget hans i Dag og Tid 13. desember dreier seg om at han likevel søkte om å bli ein av forfattarane i Norsk utviklingshjelps historie. Han fekk ikkje den oppgåva, og det vekte oppsikt, med god grunn. Men det kan ikkje vere rett når Tvedt seier han seinare har fått vite at UDs representant var «tunga på vektskåla» i denne saka, ettersom fleirtalet i styringsgruppa var historikarar (Knut Helle, Helge Pharo, Randi Balsvik og til sist Per Hernæs), og ingen kan stadfeste det han seier.
Om Norsk utviklingshjelps historie skriv Tvedt at ho «illustrerer forskinga si underordning under dominerande tenkemåtar og perspektiv». Men «makta» er eit massivt omgrep som høver betre på TV enn som reiskap i fagleg analyse. Og Tvedt er ikkje patent når det gjeld kjeldebruk. Han hevda først at UD hadde «rett til å godkjenne teksten før han blei publisert». Dette er feil, og det har han seinare endra til rett til å «lese gjennom manuset».
Om mitt bind, Norge møter den tredje verden, startar han med å lese feil: «Simensens opningssetning i hans bind i bistandshistoria underbyggjer nettopp min analyse. Han understrekar, utan atterhald, UDs sentrale rolle i dette oppdragarprosjektet og at det var planlagt som nasjonens feiring av seg sjølv.» Men det er ikkje eg som har skrive det avsnittet han siterer, det er tatt frå forordet til trebindsverket, skrive og underteikna av formannen i styringskomiteen, Per Hernæs, som fortel om det administrative opplegget.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.