No gjer Wikipedia det lett for seg

Publisert

Wikipedianaren Trygve W. Nodeland tek i Dag og Tid 12. mai til motmæle mot kritikken min av kjeldebruken i dei to norske versjonane av Wikipedia. Nodeland er advokat i det sivile, men held diverre ikkje orden på faktum i saka.

Han har fått det for seg at dette dreiar seg om kjelda for informasjon om brenninga av éi nynorskordliste. Så feil kan også ein advokat ta. Kritikken min i mars var at Wikipedia ikkje gjorde greie for kven som har grave fram heile historia om norske bokbål mot språk gjennom hundre år i boka Brent ord. Den 15. mai hadde ingen retta dette sjusket.

I Wikipedia står det derimot framleis at det har vore brent bøker mot språk på Skjervøy i Troms. Det har det slett ikkje. Det går klart fram på side 166 i boka mi kva som skjedde på Skjervøy hausten 2005. Sånn går det når ein stoler blindt på ein litt vag avisartikkel i ei såkalla påliteleg kjelde.

Å skrive leksikon er ikkje vitskap, men å vise veg vidare til meir kunnskap, meiner Nodeland. Då må ein jo vise til dei relevante kjeldene der meir er å finne. Det gjer ikkje Wikipedia her. Nodeland avviser jamvel elementære krav til kjeldebruk som sjølv ungdomsskuleelevar lærer i dag. Å skrive vitskapleg handlar då om mykje meir enn å halde orden på kjeldene sine. Ein god leksikonartikkel er fagleg og dermed språkleg presis.

Nodeland opplyser at 35 personar har vore med og skrive den korte artikkelen om bokbål. Det hadde vore nok med éin forfattar som visste kva han eller ho snakka om, forstod kjeldene og brukte dei godt. Evangelium frå dei omtrentlege endar i blindvegar rundt om i kunnskapssamfunnet.

Heilt greitt at folk skriv anonymt i Wikipedia, hevdar Trygve W. Nodeland, for dei skal skrive nøytralt og ikkje uttrykkje eigne vurderingar. Som om det ikkje ligg vurdering i å ta stilling til kva faktum som er relevante i omtalen av eit emne!

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement