Norsk med to skrivemåtar
«Historia tyder på at mange i partia vil unngå at våre etterkommarar får velje mellom to likestilte skriftmål.»
Talemål er grunnlaget for språka og difor for språkinndelinga. Norsk språk, til dømes, har funnest i minst halvtanna tusen og truleg fleire tusen år, frå urnordisk via gammal- og mellomnorsk og til dagens talemål. Det vart brukt før skrift vart vanleg, og det blir brukt av barn som enno ikkje kan lese. Analfabetar og dyslektikarar er truleg like taleføre som andre.
Med skriftmål er det annleis. Dei har vore der i nokre hundre eller titals år og i det meste av denne tida vorte nytta mest av samfunnselitar. For dei fleste fell det lettast å velje det skriftmålet som dominerer. Slik avgjer staten langt på veg kva for skriftmål folk skal bruke. Framlegget frå åtte stortingsrepresentantar om å jamstille bokmål og nynorsk i Grunnlova kan gjere valet mellom våre to skriftmål meir reelt og demokratisk.
Dette bør me som helst held oss til nynorsk, slå ring rundt. Talet på nynorskbrukarar har gått jamt nedover, såleis frå 17 prosent av grunnskuleelevane tidleg på 1990-talet til vel 11 no. Tanken om at nynorsk snart er ei tapt sak, ligg nær for mange av oss. Ei grunnlovsendring som blir følgt opp, kan bidra til å endre haldningar.
Ottar Grepstad i Dag og Tid 5. juli og 9. august ser det annleis. For han er bokmål og nynorsk språka, men han finn ikkje formuleringar i forslag og grunngiving om at Noreg er tospråkleg. Difor bruker han ord som «innsnevrande» og «overflatisk». Med hans syn blir skrift det avgjerande. Korkje forskarar eller folk flest ser det slik. Med få unntak meiner me norske at me har eitt hovudspråk og skil oss frå tospråklege land som Finland, Belgia og Canada.
Så kan me spørje kva status folks talemål får om språk er det same som skriftmål. Ikkje verdt å nemne, sekunda vare, «sinkenes babbel», som ein riksmålsaktivist kalla det, eller? Bak synsmåtar av dette slaget ligg ikkje berre oppvurdering av skrift, men også ignorering av eller forakt for folks talemål.
Grepstad skriv at eit innlegg av Ingvar Engen i Dag og Tid 2. august viser at dei åtte legg «til grunn at bokmål og nynorsk også er standardtalemål». Men korkje i forslag eller grunngiving står dette. Det var heller ikkje det Engen hevda. Han skreiv at «det forslagsstillarane etter intensjonen synest ønskja uttrykkja, er at bokmål og nynorsk er likeverdige og likestilte språk som saman med andre variantar av norsk skal ha status som nasjonalt hovudspråk». Eg synest Engen tøyer teksten. Men også hans varsame og uttrykt tolkande formulering er langt unna Grepstads bastante.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.