Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Les også
Norsk med to skrivemåtar
Les også
Grunnlovsframlegget om norsk språk
Les også
Thomas Winje Øijord
Eit betre grunnlovsframlegg
Les også
Segl og signaturar i Grunnloven.
Foto: Stortinget
Grunnlovsframlegg om språk
Les også
I 1814 vedtok riksforsamlinga på Eidsvoll at dei som blir tilsette i embete i staten, skal «tale Landets Sprog». Det kravet gjeld framleis.
Foto: Stortinget
Snevert grunnlovsframlegg om språk

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Språk
Folk frå sju stortingsparti har foreslått paragraf 120 i Grunnlova utvida med dette: «Norsk er det nasjonale hovudspråket. Bokmål og nynorsk er jamstilte og likeverdige norske skriftspråk.» Det ei stadfesting av vedtak frå 1885 og språklova frå 2021 og viktig fordi Grunnlova veg tyngre enn andre lover.
Men Ottar Grepstad i Dag og Tid 5. juli jublar ikkje. Han kallar framlegget snevert og overflatisk. Slik er det fordi partia ser på nynorsk som skriftmål og ikkje som språk. Etter hans syn har me tre norske språk, norsk, bokmål og nynorsk, attåt mindretalsmåla.
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar, og det finst ingen internasjonalt akseptert definisjon av språk. Men fire omsyn blir vektlagde:
1. Skilnader til andre språk. Lingvistar presiserer stundom til at 30 prosent av talen må vere unik.
2. At menneske har språkforma som sitt første og primære talemål.
3. Folks oppfatningar, som med land og samfunn altså. Dei nordiske språka er langt på veg gjensidig forståelege. Men det har gått seg til slik at Sverige og Noreg er to land og med ulike språk, medan Tyskland er eitt land, endå språkskilnader innan tysk er langt større enn mellom svensk og norsk.
4. At det følgjer unike kunnskapar og tenkjemåtar med språka. Dette blir ofte drege fram i samband med at språk døyr. Ja, det blir gjerne skrive slik, som at språk er levande organismar som kan døy.
Språk er først og fremst tale og folkeeige utanfor statskontroll. Politikarar som ønskjer å standardisere språka til skriftvariantane, ser bort frå dette og steinhøgg. Skrift er sekundært, ofte styrt ovanfrå, har funnest i kort tid og berre for ein del av språka.
Å setje skriftbaserte språkvariantar som nynorsk i same kategorien som fullverdige språk er difor å ignorere kompleksiteten og djupna i verdas tusentals språk.
På kriteria nemnde over skårar nynorsk lågt, om i det heile. Setningsbygnad og bøyingsmåtar er om lag like i nynorsk og bokmål. Skilnadene i ordbruk er langt under 10 prosent. Eg har ikkje møtt og ikkje høyrt om nynorsksnakkande barn under og knapt nok i skulealder. Dei som snakkar nynorsk, har valt slik i ungdom eller vaksen alder. Dei aller fleste norske ser det slik at nynorsk er ein måte å skrive på og ikkje eit språk. Og folk vel nynorsk eller bokmål ut frå kva dei kjenner seg best heime i, og kva for verdiar dei vil knyte seg til. Bokmålsskrivande venner og eg er folk av omtrent same slaget. At me skriv ulikt, er ingen vesentleg skilnad.
Unikt med Noreg er to norske skriftmål. Reell jamstelling mellom dei er både demokratisk og globalt viktig, for dei byggjer på ulike metodar for skriftfesting. Skriftmål frå tidlege hundreår har storkna og gjort landa tungrodde. Dei arme fransk- og engelskelevane må lære skrift nærast som framandspråk, ofte ord for ord. Same lyden blir skriven ulikt og ulike lydar likt. Dei fleste blir verande usikre og bruker skrift lite. Nynorsk er i stand til å ta opp i seg talemålsendringar. Når språk får skriftmål no, skjer det oftast med denne modellen. Det å utvide Grunnlova slik dei sju partia foreslår, kan medverke til likeverdig konkurranse mellom to skriftmålsmodellar og bør føre til jubel frå målfolk og alle med demokratisk grunnsyn.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Hjortelusflugene er spesialiserte parasittar som føder levande ungar og lever heile det vaksne livet nede i pelsen til elg, hjort og rådyr.
Foto via Wikimedia Commons
Svermingstid for hjortelusfluga
Göran Fristorp døydde 3. september. Han vart 76 år gammal.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Göran Fristorp (1948–2024)
Det kjem an på storleiken, men det er ein fordel å sleppe å trene inni bilen.
Bene Riobó / Wikimedia commons
I form med bilen
Alternativ for Tyskland-politikaren Björn Höcke i retten i Halle i 2024. Han er bøtelagd to gonger for å nytta nazislagordet «Alles für Deutschland».
Foto: Jens Schlueter / AP / NTB
Kor ekstrem er Björn Höcke?
Universitetsfolk kan bruke eit heilt yrkesliv på å diskutere kva ekstremisme er. I Tyskland er det Verfassungsschutz som avgjer det.
Abid Raja er advokat og Venstre- politikar.
Foto: Lina Hindrum
Det trugande utanforskapet
På sitt beste er Vår ære og vår frykt historia om ei integrering på retur og ei kraftig åtvaring om kva som kan skje som følgje av det.