Religion i eit felles byrom

Ramadangata i Piccadilly Circus i London.
Ramadangata i Piccadilly Circus i London.
Publisert Sist oppdatert

Takk til byrådsleiar Eirik Lae Solberg som er med på ein diskusjon om ramadangate i Oslo sentrum. At byrådet tek initiativ til og sponsar markering av ramadan, grunngjev han med at vi i Oslo har mange livssynsminoritetar i byen, og at byrådet vil bidra til at alle føler seg trygge, heime og varetekne. Det handlar om anerkjenning av mangfald, som er ein viktig føresetnad i det politisk styrte fellesskapet.

Det er vanskeleg å vere ueinig i denne intensjonen, men usemja handlar altså ikkje om anerkjenning av mangfald, men om det offentlege si rolle når det gjeld religion i eit felles byrom. Eg vil respondere først med ei pragmatisk og dinest med ei prinsipiell tilnærming.

Lae Solberg hevda i Dagsnytt 18 at han fekk «en henvendelse fra islam». Men mykje tyder på at dette initiativet kjem frå byrådet sjølv, som no har bestilt og finansiert ramadanpynt til Roald Amundsens gate framføre Rådhuset. Då vert spørsmålet: Kor gjennomtenkt er dette? Det vert ikkje mangfald av å berre framheve éin tradisjon. Då må du ha mange. Det meiner også Lae Solberg. Difor skal kommunen no ta initiativ overfor fleire livssynsminoritetar (og næringslivet) for å få til markeringar av ulike religiøse tradisjonar, ikkje berre ramadan.

Her står spørsmåla i kø, slik også Eirik Aavitsland påpeika i Klassekampen (1. februar): Kva er budsjettet for slike markeringar? Korleis er søkeprosessen? Kva er fordelingsnøkkelen, og er ikkje dette i motsetnad til forsikringa om at den offentlege finansieringa skulle vere midlertidig? Og ikkje minst: Viss byrådet no har lagt seg på ei ny line, burde kanskje jødane, med status som nasjonal minoritet, stått først i køen?

Så til det prinsipielle. Kva syn på religion er det Lae Solberg stør seg på? Eg er glad for at vi er einige om at kristendomen står i ei særstilling i vår kultur. Men når han seier at han er «sikker på at vi er trygge nok på vår eigen kulturelle og religiøse arv til at vi fint kan vere opne og inviterande overfor andre», då blir eg litt i stuss på kva han meiner.

Viss det er del av premissen hans, då kan eg, blant anna ut frå lang erfaring med undervisning av unge menneske, framtidas lærarar, seie at han tek feil. Eg er heilt sikker på at trygge på vår eigen arv, det er vi ikkje. Kva tenker han på med arv, og kva forskjell skulle denne tryggleiken på eigen arv gjere? Eg spør fordi den måten politikarane snakkar om religion på, som arv, men òg som eit verkemiddel for å omfamne og ufarleggjere mangfald, er å banalisere religion. Det er ei sekulær forståing av religion som ikkje helt femner kva religion er. Kristendomen er ikkje marsipangris og påskekyllingar. Islam er ikkje vakre lykter i gata.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement