Sjukefråvær: Presenter fakta, ikkje spekulasjon

Journalist Per Anders Todal (foto: CF-Wesenberg) og sjeflege i Nav Marit Hermansen (foto: Nav).
Journalist Per Anders Todal (foto: CF-Wesenberg) og sjeflege i Nav Marit Hermansen (foto: Nav).
Publisert

«I sykefraværsdebatten er det avgjørende at vi har orden på faktagrunnlaget», skreiv sjeflege Marit Hermansen i Nav sist veke i eit svar til kommentaren min «Ei skrantande folkehelse» (13. september).

Eg kunne ikkje vore meir samd i dette. Men da Hermansen vart intervjua av NRK om sjukefråværet 5. september, såg ho dessverre bort frå heilt sentrale fakta. At det ikkje er rom for detaljerte analysar i eit kort intervju, er lett å skjøne. Men da er det desto viktigare å presentere fakta, ikkje spekulasjon.

Auka med 25 prosent sidan 2019

Kjernespørsmålet er dette: Kvifor har sjukefråværet i Noreg auka med 25 prosent sidan 2019? I NRK-intervjuet viste Marit Hermansen til haldningar. Ho sa mellom anna dette: «En hypotese er at kvinner har en annen holdning til sykefravær.» Og dette: «Vi har hatt en pandemi hvor holdningene til sykefravær kanskje har endret seg. Samtidig har vi dyrtid, økonomiske bekymringer, og debatten rundt sosiale medier og hva som kreves av oss som mennesker.»

Men som eg peika på i Dag og Tid 13. september, har Nav laga betre analysar enn som så. Det er tre hovudårsaker til auken i sjukefråvær: fleire luftvegsinfeksjonar, meir utmatting og fleire som får psykiske lidingar. For alle desse diagnosegruppene var utviklinga flat i åra fram til 2020, syner Nav-studien «Hvorfor er sykefraværet fortsatt høyt 3–4 år etter starten av pandemien?», publisert 17. juni. Forfattarane drøftar fleire moglege forklaringar på auken i sjukefråvær, men legg vekt på effekten av covid-19 når det gjeld utmatting. Dei viser òg til at etterverknadene av ein covidinfeksjon kan inkludere fleire ulike psykiske lidingar. Overfor NRK nemnde ikkje Hermansen noko av dette. I staden kom ho med lause spekulasjonar om haldningane blant arbeidstakarane.

Særnorsk utvikling?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement