Store ord på gyngande grunn om sjukepleie
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
«Behold dagens opptaktskrav til sykepleierutdanning og la Y-veien ligge død og begravet», skriv studentleiar i Norges Sykepleieforbund, Daniel Tørresvoll Stabu, i Dag og Tid 24. november i eit svar til framlegget mitt om å fjerne kravet til ein trear i norsk og matematikk for å kome inn på sjukepleiestudiet. Tydelegare kan det vel ikkje seiast.
Spørsmålet vert då kva grunnlag han legg den totale avvisinga si på. Stabu meiner samfunnet må bruke ressursane sine mest mogleg fornuftig gjennom å prioritere studentar som klarer å gjennomføre studiet og kome ut i sjukepleiejobb, og det er det lett å vere samd med han i. Men spørsmålet er om vi verkeleg veit at den beinharde karakter- og studiekompetansevegen er den einaste vegen å gå for å kome dit.
«Siden karakterkrava i norsk og matematikk ble innført i 2019, har det vært en positiv trend i antallet som fullfører sykepleierutdanningen», skriv Stabu. Han syner til tal frå Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Men han seier ikkje kva for direktorat-tal han brukar. Dei nyaste eg finn, er frå mars i år, og det siste startkullet som er inkludert der, er det frå 2019. Altså har Stabu berre eitt studieår å lene seg på.
Dette året har rett nok delen som fall frå ved normert tid, gått ned frå 18 til 13 prosent. Men direktoratet utelukkar ikkje at «nedgangen i frafall kan ha sammenheng med koronapandemien og endrede vurderingsformer».
Bør Stabu vente litt lenger før han konkluderer?
Dersom samanhengen mellom karakterinngang og fullføringsgrad er så sterk som Stabu hevdar, stiller også eg spørsmål ved kvifor fullføringsgraden er lågare ved institusjonar med høge inntakskrav (OsloMet (64,8 prosent) og Universitetet i Sør-Noreg (60,4)) enn ved dei med lågare inntakskrav (Høgskulen på Vestlandet (75,9) og Høgskulen i Molde (79,5)).
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.