Sverre Fehn
Under arbeidet med essayet om Sverre Fehn i Dag og Tid 16. august dukka det opp eit par feil i sentrale kjelder som bør rettast.
Etter publiseringa kom spørsmålet om det verkeleg var Sverre Fehn eg hadde sett i Havna allé.
Ja, det meiner eg det var, men vi var ikkje naboar, slik eg har trudd.
Sverre og Ingrid Fehn kjøpte Villa Dammann i 1981 for 1,5 millionar, og då dei selde i 1999, var verditaksten 7,4 millionar. Året før hadde Riksantikvaren freda bygningen. Vi kjøpte for å berge den, sa Fehn då han flytta ut.
Kjøpet i 1981 visste eg om, men det stod klart for meg at han også budde der før. Det gjorde han ikkje. I 1970-åra budde eit eldre ektepar der, og dei døydde med få månaders mellomrom i 1977.
Les også: «Sverre Fehn – meisteren som bygde lys»
Då eg blei kjend med Fehn seint i 1990-åra, fortalde eg om livet i gata og at eg fleire gonger gjekk bort til Villa Dammann og studerte verket. Å bu der var som å kome heim, sa han. Årstal snakka vi nok ikkje så nøye om.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.