«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
Johan-Kristian Tønder tek i Dag og Tid nr. 45 til orde for å greia ut ein alternativ Nord-Noregbane der traseen vert lagd austover frå Fauske i retning Inlandsbanan i Sverige og vidare til Kiruna, og han spør: «Er det for mykje å be om ein ’mulighetsstudie’ av dette alternativet?»
Svaret er nok ja. Aust om Fauske/Fuossko/Fuassko ligg det store nasjonalparkar på svensk side: Padjelanta, Sarek, Stora Sjöfallet. Det synest vonlaust å be svenskane ofra desse for å løysa ut ein norsk jarnbane, langt mindre samane som driv reindrift i området.
Dalføra på austsida av Kjølen går dessutan frå nordvest til søraust, og skal ein dra ein jarnbane kortast mogleg veg mot Kiruna/Giron, må det byggjast ikkje få tunnelar. Å følgja til dømes den allereie utbygde Silvervägen forbi Arjeplog/Árjepluovve til ein møter Inlandsbanan ved Arvidsjaur/Árviesjávrrie, vil gi ei meiningslaus lang sløyfe mot sør før ein kan venda seg nordover att.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.