Verken forklaringar eller løysingar er enkle
Folk kjem for å sjå staden der festivaldeltakarar vart drepne og bortførte under Nova-festivalen 7. oktober 2023.
Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB
Det må vere behageleg å vere så sikker i si sak at ein ikkje eingong kan sjå ein liten sprekk i verdsbiletet sitt.
Kjære Morten A. Strøksnes
Takk for eit svært langt svar på mitt svar på kritikken frå deg (Dag og Tid 12. april). Eg tillèt meg å skrive litt kortare her.
Det må vere behageleg å vere så sikker i si sak at ein ikkje eingong kan sjå ein liten sprekk i verdsbiletet sitt. Det er elles her lyset kjem inn, som salig Leonard Cohen formulerte det.
Sjølv har eg det slik at eg gradvis berre kan sjå motsetningar og komplikasjonar når eg observerer Midtausten. Men det kan ikkje du, for deg er alt soleklart: Israel er bøddelen, palestinarane offer, både i går og i dag. Du må sjølvsagt skrive akkurat som du har lyst til, men du gjer ikkje mange lesarar klokare når du køyrer nedover den einsretta vegen din. Her kjem Israel (og før Israel, handlingane til dei jødiske innvandrarane og flyktningane) alltid først, medan dei arabiske og palestinske reaksjonane, mellom anna antisemittisme og vald mot israelarar og jødar, alltid vert reduserte til «følgjeverknader». Ja, det er nettopp det ordet du nyttar: følgjeverknader.
Igjen, du må få skrive som du vil, men eg oppmodar deg om å sjå litt nærare på den arabiske og palestinske antisemittismen som har røter i den islamismen som oppstod i Egypt i 1920-åra. Du kunne samtidig studere den sekulære arabismen som på same vis inneheld ein sterk antisemittisme, og kan hende granske ålmenta i den arabiske verda, som er svært antisemittisk.
Er det berre følgjeverknader?Eg er samd med deg i at den brutale israelske okkupasjonen sidan 1967 har hatt svært destruktive følgjer for den fredelege palestinske fridomskampen. Det skriv eg langt og detaljert om i boka mi. Eg er, som du veit, ein sterk motstandar av den israelske okkupasjonen. Det har eg skrive i 25 år, så det er litt vanskeleg for meg å sjå på meg sjølv som ein som har ei «politikarrolle på vegner av Israel», som du skriv.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.