Wikipedia juksar. Igjen.
For lesarane er det like umogleg som før å vite kven som skriv artiklane, meiner Ottar Grepstad.
Wikipedia.no
Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no
Kjeldebruk
Så er det på ‘an igjen. I 2010 slo Allkunne alarm om at Wikipedia-forfattarar juksa med kjeldene og plagierte artiklar i Allkunne. Som hovudredaktør tok eg affære saman med utgivaren. Det er ikkje det mest populære eg har gjort, men det verka. Wikipedia skjerpa krava til kjeldebruk og sjølvstendig framstilling.
For lesarane er det like umogleg som før å vite kven som faktisk skriv artiklane. Wikipedia tenkte stort og originalt då databasen blei lansert, men mylderet av pseudonyme forfattarar gjer at verket her minner om eit kommentarfelt der ein uforpliktande kan gøyme seg vekk.
Oppslag i Steinkjer-Avisa og iLevanger har avdekt kva Wikipedia driv med den dag i dag.
Ein ung mann i Levanger ville brenne eit tilfeldig utval av nynorskbøker på torget i byen 7. mars 2023 i protest mot at «sidemålet nynorsk tar for stor plass i samfunnet». Nokre år tidlegare hadde han vore innblanda i ei rettssak og fått nokre saksdokument på nynorsk. «Dersom man kun forstår bokmål, så har man ikke sjans til å forstå saksdokumentene i sin egen sak», sa han. Kommunen hadde gitt løyve, men politiet meinte at han kunne bli utsett for vald og hadde ingen plan for å handtere dette. «Da blir det for komplisert å gjennomføre», sa Skauge og avlyste brenninga. Dette var første gongen språk i rettssalen var årsaka til at nynorskbøker skulle brennast. Det er ikkje det einaste interessante i saka.
Oppslaga viser at politiet og somme Wikipedia-forfattar har noko sams. Dei les for lite bøker. I boka Brent ord om bokbål mot språk i Noreg viste eg for eit år sidan at mange har brent nynorskbøker offentleg, og at ingen av dei bokbrennarane har vore utsette for fysisk vald eller trugsmål. Bokbål er symbolsk vald, og her til lands er det stort sett høgreekstreme brennarar som er blitt møtte med fysiske svar. Politiet kjende ikkje historia og trekte feil konklusjon.
For å gi lesarane bakgrunnskunnskap gjorde journalistane i trønderavisene det journalistar gjer altfor ofte: Dei sjekkar Wikipedia. Derifrå henta dei nokre opplysningar eg kjende att.
Tre av dei som har skrive om bokbål i Wikipedia Bokmål og Wikipedia Nynorsk, kallar seg Knut og Nordfra og Wolfmann. Saman med andre har dei i knappe og knudrete artiklar brukt eit intervju eg gav til Bergens Tidende då Brent ord kom ut. Journalisten i Bergen er namngitt, men at alt stammar frå denne boka, veit ingen som les Wikipedia. Dette intervjuet er éi av fire norske kjelder i Wikipedia. Alle er avisartiklar.
Slik held dei altså på, wikipedianarane, anonymt og omtrentleg. Ikkje alle, slett ikkje. På dei to norske språka har Wikipedia no publisert 771.000 artiklar. At bokbålartiklane er dei to einaste med hjelpelaus kjeldebruk, er jamvel mindre sannsynleg enn at mannen i månen lever og har det bra.
Wikipedia Bokmål har sjølv markert at artikkelen om bokbål «trenger flere eller bedre referanser for verifikasjon». Nynorskartikkelen er like mangelfull, berre utan denne åtvaringa. Ein publiserer altså noko ein veit ikkje held mål. Det kom ein greitt unna med for tjue år sidan. I 2023 bør tida for slik uforpliktande digital publisering vere omme.
Kven som svarar redaksjonelt for dette, er sanneleg ikkje innlysande, men Marie Nicolaisen i Førde er i det minste styreleiar i Wikimedia Norge.
Ottar Grepstad er forfattar, språk- og litteraturvitar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.