Reportasje
La Réal og dobbelgjengaren
PERPIGNAN: Louis Aliot har gjort Perpignan til utstillingsvindauget for Nasjonal samling. Denne veka blei han dømd i lag med Marine Le Pen, men det er ikkje den største bresten i spegelbildet.
Sigøynarane i Perpignan vil ikkje at dei rufsete heimane deira skal rivast, men det vil borgarmeisteren, Louis Aliot.
Ida Lødemel Tvedt
På ei høgd over sentrum i den sørfranske byen Perpignan, nær grensa til Spania, ligg Saint-Jacques, eit fotogent og forslumma nabolag med bygningar frå mellomalderen, heim til eit folk som framleis kallar seg «sigøynarar».
Med dette nabolaget som hendig syndebukk har Louis Aliot gjort byen til utstillingsvindauge for Nasjonal samling. I 2020 blei han borgarmeister i Perpignan, som den første politikaren frå partiet til å ha ein slik posisjon i ein stor by. Her har Aliot, slik følgjarane ser det, demonstrert at partiet ikkje berre er eit protestparti, men eit styringsdyktig alternativ, med fokus på «tryggleik», «orden» og «reinleik». Men under språket om byutvikling og offentleg orden høyrer mange framleis dei rasistiske undertonane som frå byrjinga har kjenneteikna Nasjonal samling – ein arv han ikkje tar eksplisitt avstand frå.
Aliot seier at bygningane i Saint-Jacques er farlege og må rivast. Mange er alt jamna med jorda. Men kritikarar, særleg talspersonar frå sigøynarmiljøet, protesterer, og kallar det gentrifisering, tryggleiksretorikk brukt som hundefløyte for ytre høgre, og koda diskriminering, meint for å få dei fattige vekk.
Folk her vil ikkje flytte, og dei trur ikkje på at det langsiktige målet er å la dei bli buande her, i nye hus. Dei veit korleis gentrifisering fungerer.
Nokre veker før han på måndag blei dømd i lag med Marine Le Pen, for å ha misbrukt pengar øyremerkte til assistentar i EU-parlamentet, intervjua eg han over e-post om konflikten i hjartet av byen.
Eg drog til Perpignan med ein idé om at dette vesle arkitekturopprøret kunne lesast som eit mikrokosmos av kulturkrigerske dynamikkar som gjer seg gjeldande langt utanfor Frankrike, som ein slags fabel om europeiske syndebukkmekanismar. Forfallsforteljingar styrker ytre høgre, særleg når politikarar frå heile spekteret bidrar til å viske ut retoriske skilnader i spørsmål om tryggleik, lov og orden – ord som ofte blir brukte som trumfkort, liksom heva over ideologi. Det er ein særs sleip måte å drive spinn på, å gi seg ut for berre å drive med sunt folkevett, ikkje politikk, når ein jo er politikar. Ein ser det overalt, no når populisme blir presentert som både gift og medisin. Alle snakkar om tryggleik for tida. Ingen argumenterer for det eg inst i hjartet meiner: at risikovilje er ei vel så stor dygd, også på samfunnsnivå.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.