Intervju

Den nye anti-intellektualismen

Paris: Francois Cusset meiner det beste verktøyet ein har i møte med nye autoritære krefter, er god gammaldags medieteori: Ein må heile tida avsløre nøyaktig korleis makta isceneset seg sjølv.
  

François Cusset er forfattar, idéhistorikar og professor i amerikansk sivilisasjon ved universitetet i Nanterre og aktiv i fransk idédebatt.
Publisert Sist oppdatert

Det har gått ei revolusjonær ånd gjennom verda det siste halvtanna tiåret, denne gongen på ytre høgre. Ein såg det i bilda frå storminga av den amerikanske kongressen: gleda, fellesskapet, kjensla av overskriding. Dette var ikkje berre reaksjon, det var revolusjon, og i massane såg ein blandinga av intellektuell nyting og leik som venstresida i lang tid, frå 1960-talet og framover, hadde hatt eigarskap til.

Ser ein mot Frankrike, trer ei idéhistorie om korleis verda hamna her, tydlegare fram enn om ein blendar seg ved berre å stire direkte på USA. I Paris ser ein korleis ein fleire tiår lang motrevolusjon mot den franske venstresida har latt reaksjonære provokatørar forvandle den franske allmenta, delvis ved å ta i bruk det som tradisjonelt var vokabularet og dei kritiske strategiane til venstresida. Samstundes gjorde dei «teori» til ein syndebukk. 

Desse nye offentlege intellektuelle hentar inspirasjon frå ein veletablert fransk teoritradisjon, samstundes som dei dekker spora sine og gir seg ut for å berre preike «sunn fornuft» og «folkevett», mot ein syndebukk som seier «maktkritikk», «diskurs», «narrativ» og «paradigme». 

Eg møter denne strategien overalt for tida: ein antiintellektualisme som gir seg ut for å vere folkeleg og usnobbete, men som minskar handlingsrommet og stenger for nokre av historias kraftigaste analyseverktøy for å lese og tenke seg fri frå det beståande.

Då Steve Bannon i byrjinga av Trumps første presidentperiode sa at målet var å «dekonstruere den administrative staten», tok han i bruk kjerneomgrepet til den franske filosofen Jacques Derrida. Liknande ekko kunne ein høyre då Rudy Giuliani sa at «truth isn’t truth». 

Det var på den tida Trump heldt den historiske innsettingstalen om «This American Carnage», ein tale som ikkje hadde vore mogleg utan mektige franske konspirasjonsteoriar om muslimsk demografisk kolonisering av Vesten. Og når Trump no snakkar om «dei marxistiske galningane og pervoane» som styrer universitetet, så snakkar han med orda til ei heil rekke franske kontrære.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement