Essay

Ein hallusinert kamp mellom Pikachu og Erdogan

For tyrkarar som demonstrerer mot fengslinga av borgarmeisteren i Istanbul, er nye symbol og aksjonsformer lys i mørket.

Slike KI-generte bilete baserte på den ekte videoen av ein demonstrant i Pikachu-drakt på flukt frå politiet i Antalya spreidde seg raskt og blei eit symbol på protestane mot Erdogan.

Dei massive gatedemonstrasjonane er historiske, men det er boikotten som verkeleg begeistrar tyrkarane eg snakkar med.

Det heile byrja 19. mars då president Recep Tayyip Erdogan fengsla den største utfordraren sin, Ekrem Imamoglu, den populære borgarmeisteren i Istanbul.

Dei arresterte han for korrupsjon og terrorisme, akkurat idet opposisjonspartiet, CHP, var i ferd med å nominere han til presidentkandidat. Dagen før trekte Universitetet i Istanbul tilbake eksamenspapira til Imamoglu, noko som kan ha å gjere med at ei universitetsgrad er eit opptakskriterium for tyrkisk presidentskap.

Demonstrasjonane som følgde, var dei største sidan Gezi park-protestane i 2013 – større, meiner nokon av dei eg snakkar med, medan andre har sine tvil om tala som opposisjonspartiet publiserer. Sant er det i alle høve at hundretusentals har protestert over heile landet, også i mindre byar. Ifølge innanriksministeren har nesten 2000 demonstrantar blitt arresterte, og folk fortel om blind, seksualisert politivald.

Den 2. april tok motstanden ei vending, då ein erklærte at onsdagar skal vere fri for shopping. Initiativet kom frå unge i sosiale medium, men blei raskt plukka opp av leiinga i CHP, som gjekk ut og sa: «Slutt å kjøpe! Ingen matvarebutikkar, ingen netthandel, ingen restaurantar, kafear eller bensinstasjonar.» Den tyrkiske liraen, som alt hadde halta dei siste åra og stupt i verdi etter arrestasjonen av Imamoglu, fekk med boikotten stein til børa. Skyteskiva er særleg eit dusin tyrkiske selskap eigde av same holdingselskap som statskanalen.

Regjeringa kallar boikotten eit kuppforsøk mot økonomien og arresterer initiativtakarar for sabotasje, hat og diskriminering.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement