Kommentar

Alle til pumpene i stormfulle tider

Sju nye offiserar og ein gammal helt trør til – i sterkt avgrensa rammer.
  

Tysdag presenterte statsminister Jonas Gahr Støre den nye regjeringa, ei rein arbeidarpartiregjering.
Publisert

Måndag sa Torbjørn Røe Isaksen, no redaktør i E24, at ei utnemning av Jens Stoltenberg ville gje heile kommentariatet i rikspressa orgasme. Dagen etter måtte den tidlegare statsråden freiste å dempe øsinga med kaldt vatn, og kalla kommentaren sin «Kriseregjering».

Jonas Gahr Støre gjorde eit skup då han ringde den som kan mane vekk skrømta, som ein annan ghostbuster med løynde reiskapar. Det står respekt av måten Støre har takla både krisa i Arbeidarpartiet og oppbrotet til Senterpartiet på.

At folk alle stader no jublar over å sjå ein supermann flyge inn, minner derimot urovekkjande om frelsestonar i vekkingsrørsler frå gamle dagar: «Se, se, han kommer i skyen!» Men vil det, kan det bere?

Stoltenberg kjem med mykje bagasje, frå tidlegare bragder og bravadar her heime og frå Nato især. Dels slik at nokre ventar dei reine under av ein slags oppstaden Einar Gerhardsen med fleire liv. Pussig nok har riket fått tre utanriksministrar. Det verkar likevel som at Støre, Espen Barth Eide og Stoltenberg alle veit korleis rollene deira ikkje skal overlappe. Vi treng dei alle i desse tider med omstokking av samarbeidet med andre nasjonar.

Politikken ligg fast

Mange har hevda at Støre ligg heilt under for EU, men sanninga er at han har synt seg uviljug til å gjere som mange statsleiarar i EU, nemleg å utforme eigne prinsipp for nasjonale behov som lyt prioriterast. Det er då òg heimla i EØS-avtalen. Alt tidleg i funksjonsperioden, i møte med Ursula von der Leyen og Emmanuel Macron, då dei bad om hjelp til å få orden på samarbeidet, markerte Støre at han ville køyre eit eige løp.

EU har no mist tolmodet med Noreg, som vil tene pengar og lite meir. Acer er ein teknisk-administrativ avtale som lite har med straumprisar å gjere, sjølv om Sp hevdar det, medan andre «pakkar» burde krevje meir drøfting – ikkje meir prokrastinering.

Dei andre sju ministrane tilfører regjeringa nye slag røynsler og kompetansar, vikarar er alle åtte like fullt. Politikken for i år ligg fast i det vedtekne statsbudsjettet. Justeringar kan gjerast i revidert nasjonalbudsjett, men til dømes det som gjeld straum, krev lovendring.

Sjølv om Støre vart eit friare, kvikkare menneske etter at han sette skapa på plass i regjeringa, og kan gle seg over eit par gode meiningsmålingar, så var den siste varianten av eit raudgrønt eksperiment – med Sp og utan SV – ulukkeleg og vil framleis sterkt avgrense handlingsvala til regjeringa.

Straumløfta frå Støre vil ikkje ha effekt mot inflasjonen, for fastpris til hushald hjelper ikkje på utgiftene for næringsliv, kommunar og statlege institusjonar. For at ei ku skal hamne på bordet som oksesteik, må der ei lang rad ukompenserte, dyre kraftkrevjande operasjonar til, og straumprisen vert lagd til i kvar lekk.

Og kva vil no eigentleg «det nye energisystemet» medføre av omstilling? Vonleg svarar Stoltenberg for Støre.

Meir marknadsstyring

Andre enn finansministeren får òg sitt å stri med. Både justisminister Astri Aas-Hansen og forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland får rikeleg å ta fatt i på kort tid. Valkampen kan kome til å likne på dei desperate freistnadene Demokratane i USA gjorde i siste valet på å snakke fort og lenge om det same overalt for å overtyde overtrøytte veljarar om noko som ikkje kan skje.

Stoltenberg var ein viktig pådrivar i å gjere energiprisane marknadsstyrte. Likevel spørst det om han ville ha valt dei løysingane som i dag gjeld, og som EU aldri har kravd av noka norsk regjering, nemleg at vi betalar europeiske prisar for eiga kraft, og mest i kraftproduserande kommunar som tidlegare rådde over produksjon og inntekter sjølve. Stoltenberg sa nemleg i 2016 at han gjerne ville levere tyskarane straum, men ikkje sjølv betale tyske prisar.

Vår nygamle finansminister var den som gjennomførte ordninga med helseføretak, rett nok førebudd tidlegare.

Støre har lova endringar i sjukehusstrukturen og reform av føretaksmodellen, utan oppfylging. Den økonomiske situasjonen i Helse-Noreg vert ikkje løyst av alt snakket om samordning med kommunale helsetenester; Ap–Sp-regjeringa har pålagt kommunane store oppgåver og samstundes trekt inn ekstraskatt frå dei rikaste med godt fungerande tenester, og elles prioritert inntening for staten framfor for lokalsamfunna.

Dermed står desse sakene i stampe. Høgre gler seg nok over ei gåvepakke for omfattande privatisering.

God retorikk i rett tid

Likevel: Kva er det vi har vore mest opprådde over desse siste ti åra eller så? Sjølv meiner eg det er hjelpeløysa overfor alt som er automatisert, uavvendeleg, jamt kvernande utan påverknad. Alle budsjetta i excelark som framskriv utgifter etter tidlegare inntening; det at vi kjenner oss som umælande produksjonsutstyr; hierarkiet og dokumenta der ein leitar etter løysingar utan å finne dei. Dei av oss som kjenner seg utanfor, melder seg aktivt meir ut.

Eitt er at Stoltenberg på elegant vis – han er ein elegant mann og oppteken av å vere det – no kom seg ut or ansvaret for elitegruppa som driv Bilderberg-konferansen, eit selskap han høvde dårleg i, er kritisert for og kan ha trega på. Sameleis gav han opp leiarskapen for tryggingskonferansen i München, som nok ville vorte særs krevjande.

Slike avslag prøvde Fredrik Solvang å presentere som offer, medan Stoltenberg sjølv gjorde det til ei dygd i Debatten på NRK tysdagskvelden: Han kunne hatt det spennande og tent mange gonger fleire pengar, men han var glad i landet og partiet, ville hjelpe til og gledde seg til det.

Dette var ageleg god retorikk i rett tid, blidt framført så det ikkje verka for tjukt påsmurt. Der og då vart Stoltenberg ein helt i tusen heimar. Vårt «bortblåste laurbærblad» mæler att, jau, dette er viktig for meg å gjere saman med dykk. Dermed vart ikkje heimkomsten til Stoltenberg lenger supermannens kortvarige overflyging, men ei påminning til alle om dygder vi ikkje må miste: Det er viktig å hjelpe til der du kan.

At dei nye statsrådane var gode til å ordleggje seg skjønleg, med respekt for sjåarar og for tredjeparten, folk og saker som vart omtala, var dessutan løfterikt.

Vi veit framleis ikkje kva bagasjen til Stoltenberg – han med dei mange ministerpostane attom seg, der han endra landet vårt monaleg – har å seie. I utanrikspolitikken bøygde han seg for USA og fekk sundbomba Libya – trass i kraftige protestar. Vil han, kjend som Trump-kviskraren, vere i stand til å hjelpe Ukraina meir, etter pinleg små løyvingar, eller føyer han seg atter etter USA?

Vi slepp å vente lenge på svara, no hastar alt. Men eit vikariat til over sommaren vil ikkje avgjere alt.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.