Kultur

Brenn for bøker

Pensjonisten Svein Sandnes gir ut bøkene som ingen andre vil gi ut. Det har blitt ein dyr hobby.
 

Forleggaren Svein Sandnes på ulukkesstaden. Denne morgonen rasa ein stabel gamle Pax-bøker ned. Det var ingen av hans eigne bøker, og ingen kom til skade.
Publisert

– I dag har det skjedd ei ulukke, seier Svein Sandnes (77).

Han har opna døra til heimen og forlagshuset på Rånåsfoss ved Glomma, og godt er det, for det er ein slik hustrig dag med råkald tåke over elv og skog og jorde. Det vesle kvite huset på småbruket Sandnesenga hadde trunge eit strok måling, men no slår varmen imot oss, og innandørs i huset som tanta hans sette opp i 1940, er det mange og tjue grader. Svein Sandnes likar varme og sparar ikkje på straumen. Han stenger den doble ytterdøra.

– Eg sat på kjøkenet og høyrde eit brak oppe i andre etasje, fortel han, og no snakkar han om ulukka.

– Fleire hundre bøker, som var stabla til oppunder taket, rasa ned.

– Kan eg sjå?

– Ja, om du er nysgjerrig, kan du vel det. Opp og til venstre, seier han og følgjer med opp trappa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement