Politikk

Den handelspolitiske nyskakinga

Dei nye tollgrepa til Donald Trump kan råke EU hardt. Men dei kan også råke USA hardt, kanskje endå hardare enn EU, ifølgje handelsekspertar.

I midten av februar signerte Donald Trump ein presidentordre om å innføre 25 prosent toll på import av både råvarer og omarbeidde produkt av stål og aluminium til USA. Denne veka varsla han at det om kort tid kjem meir omfattande tollgrep mot Europa.
Publisert Sist oppdatert

Dette var spådd å verte eit år der den europeiske økonomien skulle ta seg litt opp. Det var i alle fall det prognosane til EU-kommisjonen peika mot for eit års tid sidan. Veksten i BNP blant eurolanda vart då berekna til å auke frå 0,8 i 2024 til 1,4 i 2025. Men det var før dei nye tollgrepa og tolltrugslane frå USAs president Donald Trump.

I tillegg til å innføre 25 prosent toll på import av stål og aluminium har Trump sagt at han vil auke tollen på importerte bilar, legemiddel og databrikker til om lag same nivå, og han har varsla ein såkalla gjensidig toll mot kvar handelspartnar. Sistnemnde er forklart slik at han vil ta for seg land etter land og påleggje dei same toll og avgifter som desse har på amerikanske produkt.

Som kjent har han starta med Kina, Mexico og Canada. Og no står EU for tur, og kan møte «25 prosent generelt sett, på bilar og alle andre ting», som Trump sa onsdag.

Handelsoverskot

Tollen på stål og aluminium skal tre i kraft 12. mars, men kor mykje Trump gjer alvor av og ikkje utover det, står framleis att å sjå. Det som er sikkert, er at tiltaka vil råke EU hardt.

USA er EUs største eksportmarknad for varer samla sett, og mottakar av nær ein femtedel av EUs eksport av stål. Voluma er så store at det ikkje vert mogleg å kompensere for ein stor nedgang i USAs marknad med eksport til andre marknader, har leiaren i den europeiske stålorganisasjonen Eurofer varsla. Dessutan importerer USA store mengder stålprodukt frå andre land – som Canada, Mexico, Brasil og Sør-Korea – som framover også kan omdirigerast og skape press i den europeiske marknaden. Varene EU eksporterer mest av til USA, er medisinar, bilar og andre motorkøyretøy og medisinske og farmasøytiske produkt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement