Dei
siste dagane har det skjedd noko historisk: USAs president har teke avstand frå
ein europeisk nasjon som kjempar for sjølvstende og demokrati. For to dagar
sidan hevda Donald Trump at Ukraina blir styrt av ein diktator som ikkje er
støtta av sitt eige folk. Det var denne staten, Ukraina, som starta krigen den 24.
februar 2022, ein krig som framleis held på, sa han.
Ser ein fråsegnene til Trump i eit litt lengre perspektiv, forstår ein kor dramatiske dei er.
Halvor Tjønn
Fråsegnene
frå Trump kom dels under ein pressekonferanse i Mar-a-Lago i Florida, dels i
meldingar på nettstaden X. Det handlar ikkje om tilfeldige, lausrivne setningar
som ein med litt godvilje kunne tolka den eine eller den andre vegen. Det
handlar om lange resonnement der USAs president legg ut om konflikten mellom
Russland og Ukraina.
Ikkje
nokon gong dei siste dagane har han teke avstand frå den russiske krigføringa
eller brotsverka den russiske leiinga har stått bak i Ukraina. Den som Donald
Trump har teke avstand frå, er Volodymyr Zelenskyj, mannen som dei siste tre åra
har leidd kampen mot Vladimir Putins krigsmaskin.
Dramatiske utsegner
President Donald Trump då han kom til Det kvite huset onsdag denne veka.Foto: Nathan Howard / Reuters / NTB
Ser
ein fråsegnene til Trump i eit litt lengre perspektiv, forstår ein kor
dramatiske dei er. Den 7. desember 1941 blei USA angripe av Japan. Få dagar
seinare var USA i krig mot dei to europeiske diktatura Tyskland og Italia.
Heilt fram til no har USA støtta europeiske land som har stått opp mot
diktatur, anten diktaturet hadde svart, brun eller raud farge.
Støtta
frå USA var avgjerande for at demokratiet overlevde i Europa, fyrst under den
andre verdskrigen, seinare under den kalde krigen. På eiga hand hadde dei
europeiske demokratia ikkje vore sterke nok til å stå imot fyrst det nazistiske
Tyskland og deretter det stalinistiske Russland. Nato blei danna i 1949 ut frå
denne forståinga.
Vietnam
og Chile
Det
er mykje ein kan kritisera amerikansk utanrikspolitikk for gjennom
etterkrigsåra. Støtta til det korrupte regimet i Sør-Vietnam på 1960-talet var eit tragisk kapittel. Det same var støtta til kuppet i Chile i
1973, som kosta ein folkevald president livet.
Men
i Europa stod USA heile tida på den same sida som den demokratiske halvparten
av kontinentet. Då Russland gjekk frå å vera eit gryande, mogleg demokrati før
år 2000 til å bli eit diktatur utover på 2010-talet, var det heller ikkje nokon
tvil om kvar USA stod.
Den amerikanske utanriksministeren Marco Rubio møtte den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov i Saudi-Arabia 18. februar.Evelyn Hockstein
Alle
var samde om kva ein måtte gjera då Putin i grålysinga den 24. februar 2022 starta
den såkalla spesialoperasjonen mot Ukraina. Skulle ein redda demokratiet på i
alle fall ein del av det post-sovjetiske området, måtte Ukraina få hjelp til å
overleva og helst vinna krigen.
Dette
perspektivet har vorte snudd på hovudet dei siste dagane. Fyrst møtte den
amerikanske utanriksministeren Marco Rubio den russiske kollegaen sin, Sergej
Lavrov, i Saudi-Arabia. Dei snakka om å få slutt på krigen i Ukraina, men like
mykje snakka dei om å byggja ut det økonomiske samarbeidet mellom Russland og USA.
Ukraina som ein økonomisk koloni
Så
kom avsløringa av at Trump hadde laga eit utkast til ein avtale som ville gjera
Ukraina til ein økonomisk koloni under USA. Deretter kom fråsegna om starten på krigen i Ukraina og at «you should have never started it», og endeleg påstandane om at Zelenskyj er ein diktator som
ikkje tillèt frie val i landet sitt.
Under
normale omstende hadde det i USA reist seg ein storm av kritikk om ein
president hadde ytra noko som berre delvis likna på dette. No er nesten heile Det
republikanske partiet tyst. Dei fleste vågar ikkje å gå mot ein mann som har
teke nakketak på godt over halvparten av det politiske etablissementet i USA.
Dei fryktar at Trumps lange arm vil fanga dei inn og kasta dei ut i det
politiske mørkeret, eller til og med rettsforfølgje dei.
Totalitært regime
Dette
er akkurat den same mekanismen som Vladimir Putin nytta på byrjinga av
2000-talet, då han etablerte fyrst eit autoritært og sidan eit totalitært regime
i Russland. Sjølv studerte eg som korrespondent i Russland denne prosessen på
nært hald og forstod etter kvart innhaldet i den dreieboka som Putin gjorde
bruk av. Fyrst nyttar ein frykt for å få motstandarar til å teia. Deretter tek
ein fysisk kontroll over institusjonane. Til slutt er opposisjonen anten i
fengsel, i utlandet eller på kyrkjegarden.
Det er vanskeleg å tenkja seg at det går så langt i USA. Men det at Trump har starta den
andre presidentperioden sin med å styra gjennom ei endelaus rekkje
presidentdekret, samstundes som han tek avstand frå eit demokratisk land som
kjempar for livet mot eit diktatur, er illevarslande. Er ein i det
pessimistiske hjørnet, kan det sjå ut som USA står framfor ei konstitusjonell
krise der det må koma eit oppgjer med ein autoritær president. Om dette
oppgjeret ikkje kjem, vil sjølve det amerikanske demokratiet slik vi kjenner det stå i fare.
Kva
med Europa?
Kan
Europa gjera noko i denne situasjonen? Om ein skal døma ut frå korleis dei
europeiske Nato-landa har opptredd under Ukraina-krigen, vil ein seia nei. Rett
nok har Europa gjeve meir pengar til Ukraina enn USA, sjølv om Trump altså påstår
det motsette. Men
problemet med den våpenstøtta som Europa har gjeve til Ukraina, er at det har
vore for lite for seint.
Denne
veka – parallelt med at Trump svikta Ukraina – ser ein likevel noko som liknar
på ei oppvakning på europeisk side. President Emmanuel Macron har teke fleire
initiativ til å samla europeiske leiarar. Sundag er det val til ny forbundsdag
i Tyskland, og venteleg blir Friedrich Merz frå CDU ny forbundskanslar. Han har
markert seg som ein mykje sterkare støttespelar til Ukraina enn den varsame
Olaf Scholz frå sosialdemokratane.
Om
det dei neste vekene lukkast å etablera ei solid tysk-fransk-britisk
støttegruppe for Ukraina, kan det vera eit håp. Kanskje kan då Volodymyr
Zelenskyj om nokre månader sleppa å bli tvinga til å setja namnet sitt under
ein audmjukande russisk-amerikansk fredsavtale, eit nytt München-forlik.
Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.