Kommentar
Usikkert spel om Ukraina
Mykje kan skje når USA no har delt ut nye kort i Jeddah.
Teikning: May Linn Clement
Det er enklare å forhandle når ein ikkje skyt på einannan, kvitterte den amerikanske forsvarsministeren etter at USAs forslag om ei våpenkvile på 30 dagar var godteken av Ukraina tysdag 11. mars. Saudi-Arabia har fått rolla som nøytral tredjestat som kan vere vertskap for samtalar mellom krigførande europearar og vestlege land. På pressekonferansen i Jeddah proklamerte amerikanarane at «Donald Trump har teke diskusjonen frå om krigen skal ende, til korleis krigen skal ende».
USA og Ukraina vart tysdag einige om at Ukraina er klar for å slutte å slåst og byrje å snakke. Eit opphavleg forslag frå Ukraina om ein delstans i striden har under amerikansk press vorte utvida til ei våpenkvile i 30 dagar. Alle frontane til lands, til sjøs og i lufta skal med. To team er alt utnemnde av Ukraina og Russland for å forhandle for å sjå om det er mogeleg å komme fram til permanente løysingar på krigen.
Det andre som skal gjerast dei neste 30 dagane, er å bringe krigsoffer heim. Dei som er fangar hjå fienden – krigsfangar, sivile i russisk krigsfangenskap og deporterte born – skal attande til sine eigne. Fleire golfstatar har vore instrumentelle ved slike utvekslingar så langt i krigen og vil truleg medverke. 30 dagar med våpenkvile vil bringe heim tusenvis av menneske som er fanga hjå fienden. Det vil skje utan omsyn til kva som skjer etter dette – om stans i krigen endar i nye rundar med kampar, ein frosen konflikt eller reelle fredsforhandlingar.
Mineral
Er det starten på slutten av full krig i Ukraina vi ser? Det kjem an på korta som vert lagde på bordet. På pressekonferansen i Det kvite huset 28. februar sa Volodymyr Zelenskyj at han «ikkje driv med kortspel». Trump og J.D. Vance insisterte: No er det kort vi spelar, og Ukraina har ikkje kort på handa. Opptrinnet enda med at mineralavtalen mellom USA og Ukraina ikkje vart underteikna. Kven er det som sit med korta, og kva for kort som er i spel, anar vi berre konturane av.
Mineralavtalen ligg på bordet, og alle kjenner til rammene i grove trekk. USA får rett til å utvinne naturressursar i Ukraina, særleg sjeldne mineral som USA treng i teknologikappløp med Kina. Inntektene frå denne utvinninga skal styrast av eit felles amerikansk-ukrainsk fond som skal sørgje for at inntektene ikkje går til korrupte strukturar, men vert nytta til å byggje Ukrainas framtid, noko som òg vil gjere EU-medlemskap for Ukraina meir realistisk. (Og der kan det hende at det ventar ein fransk atomvåpenparaply.) Etter opptrinnet i Det ovale kontoret veit alle dette.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.