Ordskifte
Russland – ei fredsdue?
Gatekunstnaren Justus Becker står bak dette veggmåleriet i Frankfurt i Tyskland – med bøn om fred for menneskeslekta.
Foto: Michael Probst / AP / NTB
Den 28. februar opna eg Dag og Tid rett på lesarbrev, med von om eit motinnlegg mot Erik Klepsviks innlegg i nr. 8. Eg vart skuffa. I staden kjem det frå same mann eit nytt gigainnlegg om det skakkøyrde Vesten, det elendige Ukraina og det fortreffelege Russland.
Lesarar av Dag og Tid har lenge kjent Klepsvik som ein stor beundrar av det udemokratiske og etter kvart diktatoriske Kina. I eit innlegg publisert på Spartakus.no (2021) tek han også med «ikkje-perfekte» land som Iran, Syria (Assad) og Nord-Korea på lista over land han meiner fortener vår støtte. No ser det ut til at Russland har oppnådd same status. Russland vert omtala som ei stormakt, med topp våpen og enorm krigsindustri.
Likevel klarte dei ikkje å nedkjempa det svake og korrupte Ukraina. Dei fekk tvert om rundjuling! Med til dels utdaterte russiske våpen!
Meiner Klepsvik at vala i Russland er meir rettferdige enn vala i Ukraina? Trur han Putin hadde overlevd som president i eit demokratisk fritt Russland? I så fall, kvifor er det då naudsynt å skyta redaktørar og journalistar, knebla frie medium og eliminera politiske motstandarar? Kvifor er det i Russland flest menneske fell ut av vindauga?
Og oligarkar… Er dette eit spesifikt ukrainsk fenomen? Korrupsjon, ja vel, men dette er vel heller ikkje ukjent i Russland, ikkje minst i forsvaret? Det er ikkje akkurat fattigfolk som har overteke i USA heller.
Støtte i folket? Er det difor russarar ikkje tør snakka med journalistar, blir nekta å demonstrera og fengsla om dei i det heile nemner krigen? Mange har rømt landet. Hugs at Hitler også hadde støtte i folket, men tenk gjerne over kvifor. Eg har større tru på det russiske folket enn at dei støttar denne krigen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.