Tyskland
Ein vaklande brannmur
NEUBRANDENBURG/SUHL: Konflikt om ytre høgre-partiet AfD ligg som ei kald, klam hand over den tyske valkampen. På X gjentar Elon Musk stadig at partiet er det einaste som kan redde Tyskland.
Friedrich Merz snakka til sine eigne og fekk rungande applaus, på valkampmøtet i Neubrandenburg i delstaten Mecklenburg-Vorpommern. Dag og Tid rapporterer frå staden. Foto: Annegret Hilse / Reuters / NTB
Foto: Annegret Hilse / Reuters / NTB
Friedrich Merz vart introdusert med orda «denne mannen har
kanslarformat». Partiet hans, det kristendemokratiske CDU, er suverent størst
på målingar, og det er berre dagar att til valet.
Det er lett å tenkje at 69-åringen
som står på scenen i den lyse kongressalen i småbyen Neubrandenburg, kledd
i grå dress, blir Tysklands neste kanslar. Men det har vist seg at også det utenkjelege
kan skje i denne valkampen. Tysk presse melder at ein tredel av veljarane
framleis ikkje har bestemt seg.
Blod på
gater og torg
I
desember køyrde ein bil inn i folkemengda på den tradisjonsrike julemarknaden i
byen Magdeburg. Seks personar mista livet og fleire enn 300 vart skadde. I
januar vart ein flokk barnehagebarn i byen Aschaffenburg angripne av ein mann
med kniv. Ein toåring og ein 41 år gamal mann som prøvde å kome barna til
unnsetning, mista livet. Og før sjokket over det pressa omtaler som blodgjerninga
i Aschaffenburg, hadde lagt seg, køyrde ein bil inn i ein demonstrasjon i
regi av fagforeininga Ver.di i München. Denne gongen mista to personar livet,
og minst 39 vart rapportert skadde.
Gjerningsmennene i Magdeburg hadde bakgrunn
frå Saudi-Arabia. Dei to andre var frå Afghanistan og hadde ikkje lovleg opphald. Ytre høgre-partiet Alternativ for Tyskland (AfD),
som det siste året har hatt rundt 20 prosent på meiningsmålingar, reagerte med
å seie: «Kva var det vi sa?» Diskusjonen i etterkant har handla om akkurat det.
Om innvandring og om tryggleik. Ikkje om at gjerningsmannen i Magdeburg sympatiserte
med AfD.
Press mot
brannmuren
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.