Kommentar

Sentrum tapte, styrer likevel

Tysklands komande kanslar Friedrich Merz har lova politisk kursendring, men manglar politisk støtte og pengar.

  

Nye tider, ny kurs. Konservative Friedrich Merz er påtroppande kanslar i Tyskland. Bak han står slagordet «Framover att». Spørsmålet er korleis. Økonomien går dårleg, og landet blir pressa frå Russland i aust og USA i vest.
Publisert Sist oppdatert

Så mykje for så lite. Den tyske valkampen var prega av valdsåtak i München, Magdeburg og Aschaffenburg, aktiv valkampstøtte frå Elon Musk til høgreradikale AfD og ei verdsordning som ser ut til å gå i oppløysing. Likevel enda det tyske valet med omtrent same resultat som meiningsmålingane tydde på då valkampen byrja. Kristelegdemokratane vart største parti, og den neste kanslaren blir 69 år gamle Friedrich Merz.

Han går laus på ei lite takksam oppgåve dei neste fire åra. Forsvaret må rustast opp, medan infrastrukturen rustar bort. Folkesetnaden blir eldre. Og det blir vanskeleg å betale seg ut av problemet: Økonomien er i resesjon på andre året, og industrien slit i den internasjonale konkurransen. Og det heile kan bli verre: Trump har varsla at han vil innføre 25 prosent importtoll på bilar, noko som kjem til å ramme det eksportretta tyske næringslivet særleg hardt.

Merkel-motstandaren

Forretningsadvokaten som skal leie Tyskland dei neste fire åra, går for å vere konservativ. Han var i opposisjon til den førre kanslaren for Kristelegdemokratane, Angela Merkel, ettersom ho førte ein sentrumsnær politikk.

No har Merz dreia partiet sitt mot høgre. I valkampen åtvara han mot «grøne og venstreorienterte fantastar». Leiaren for Sosialdemokratane (SPD) kalla han for ein «Mini-Trump» tilbake.

Dagen etter valet byrja dei to hovudmotstandarane koalisjonsforhandlingar. Ifølgje Der Spiegel skal det ha vore bakgrunnssamtalar om dette alt i sommar, lenge før Scholz-regjeringa sprakk.

Det kan verke underleg, men det var i røynda vanskeleg å unngå. I etterkrigstidas Tyskland har ein alltid danna fleirtalsregjeringar på føderalt nivå. Denne gongen var det einaste realistiske fleirtalet ein koalisjon mellom dei tradisjonelle hovudkonkurrentane, sosialdemokratiske SPD og dei konservative kristelegdemokratane i CDU/CSU. Det einaste alternative fleirtalet ville vore ein koalisjon mellom sistnemnde og AfD. Det har Merz utelukka.

Sentrumssentrifugen

Dermed er ein tilbake til storkoalisjonane frå Merkel-tida, då høgre- og venstresida styrte landet saman på ei sentrumsplattform. Det stadfester ein langvarig tendens i tysk politikk. Medan fløypartia veks seg sterkare, søkjer dei tradisjonelle systempartia heller saman i sentrum. Die Linke, og i endå større grad AfD, går ikkje for å vere salonfähig, stovereine nok til å sitje i den føderale regjeringa. Dei fryktar at det vil føre til ei destabilisering av det politiske systemet, slik ein opplevde i mellomkrigstida.

«Med dei kan ein ikkje styre ein stat», er konklusjonen, eit uttrykk tyskarane gjerne nyttar om ein person eller ei gruppe dei er ute av stand til å samarbeide med.

Dei etablerte partia vil ikkje snakke med AfD eller veljarane deira, sjølv om partiet blei nest størst og vann 47 av 50 valkrinsar i det tidlegare DDR, enkelte av dei med nesten 47 prosent av røystene.

I staden endar landet opp med vage sentrumsregjeringar med utydelege politiske prosjekt. Det blir vanskeleg for tyske veljarar å sjå skilnad på Sosialdemokratane og Kristelegdemokratane så lenge dei regjerer saman. På utsida står AfD som det største opposisjonspartiet og det tydelegaste alternativet. Protestpartia kan få gode år no som Tyskland er i resesjon og må bruke meir pengar på forsvar og mindre på velferd. Det blir som ein sentrifuge, der stadig fleire veljarar blir skovne vekk frå sentrum.

Veljarvandringa

Begge partia som no forhandlar om å skipe regjering, har gjort det historisk svakt. Sosialdemokratane har ikkje hatt lågare oppslutning sidan 1887, då Tyskland var keisardøme og ikkje eit fullt utvikla demokrati. Partiet slit tungt med regjeringsslitasje. Med unnatak av perioden 2009–2013 har partiet sete i regjering samanhengande sidan 1998, meir enn noko anna parti. I løpet av denne tida har mange av kjerneveljarane forsvunne.

38 prosent av arbeidarane røysta AfD. 12 prosent røysta på fagforeiningspartiet SPD. Den einaste trøysta er at dei har betre forhandlingskort enn valresultatet deira skulle tilseie. Det er ikkje mogleg å skipe ei regjering utan dei.

Men også hos valvinnaren, Kristelegdemokratane, var stemninga atterhalden då dei første valresultata kom inn søndag kveld. Rett nok vart dei klart største parti, men det var likevel det nest verste valresultatet i historia. Merz var rett nok ein meir populær kandidat enn Scholz, men han har aldri vore spesielt godt likt av tyske veljarar. Han går for å vere temperamentsfull og impulsiv, og han har ikkje erfaring med å sitje i regjering.

Også dei andre sentrumspartia gjer det dårleg. Dei grøne går tilbake. Dei liberale Fridemokratane (FDP) fall under sperregrensa og forsvinn ut av forbundsdagen. I staden var det fløypartia som vann valet. Hadde det vore opp til dei yngste veljarane, ville venstrepartiet Die Linke og AfD sannsynlegvis fått reint fleirtal, med høvesvis 27 og 20 prosent av røystene. Likevel er det sentrum som kjem til å styre, med tyngdepunkt mot høgre.

Kart over kva parti som vart størst i kvar valkrins. Svart og mørkeblå syner Kristelegdemokratane, lyseblå syner AfD. Venstresida (raudt, rosa og grønt) er berre størst i byane.

Høgrebølgja

Nett dette er ikkje overraskande. Det er ikkje berre Kristelegdemokratane som har gått mot høgre dei siste åra. Det gjeld heile veljarmassen. I 2021 svarte flest veljarar at dei var opptekne av sosiale rettar og klima. I år var det berre 15 prosent av veljarane som svarte det siste. Samstundes vart tryggings- og utanrikspolitikk, innvandring og økonomi viktigare. Det er tema der høgresida tradisjonelt har større tillit. Venstresida ser ut til å ha mista hegemoniet over samfunnsdebatten. Partiprogramma ber preg av dette: Samstundes med at landet er i økonomisk nedgang, lova alle partia skattelette til fleirtalet av veljarane.

Særleg tydeleg er høgredreiinga når det gjeld innvandring. Det første kanslar Scholz gjorde då han løyste opp regjeringa, var å skryte av at asyltala var på veg ned. Også Dei grøne, som har tradisjon for å vere eit av dei mest innvandringsliberale partia i Tyskland, har teke til orde for å gjere tvangsreturar enklare og sørgje for at opphavslanda tek tilbake avviste asylsøkjarar. Det kan ha straffa seg. 700.000, meir enn kvar åttande av veljarane deira, gjekk til Die Linke i staden.

Pengeproblemet

Eitt synest alle partia å vere samde om: Etter 16 år med reformstillstand under Angela Merkel treng Tyskland endring. Det ville Scholz-regjeringa òg: Ho titulerte seg som «framtidskoalisjon», og då Russland invaderte Ukraina for tre år sidan, erklærte kanslaren Zeitenwende, eit forsvarspolitisk lineskifte. Det var ikkje manglande politisk vilje som stoppa dette reformarbeidet, men mangel på pengar.

Det tyske parlamentet har grunnlovsfesta den såkalla gjeldsbremsa, eit forbod mot å ta opp meir enn 0,35 prosent av statsbudsjettet i statsgjeld. Scholz ville auke pengebruken. Det ville ikkje den minste koalisjonspartnaren vere med på, så regjeringa sprakk.

Eit av dei store stridsspørsmåla i valkampen var om ein skulle endre på gjeldsbremsa. I dag er mange økonomar samde om at ho sperrar for naudsynte reformer. Sosialdemokratane og Dei grøne vil mjuke opp formuleringane i lovverket. Merz sjølv har varsamt opna opp for ei reform. Men dei tre partia manglar fleirtal. For å endre grunnlova trengst det tilslutning frå over to tredelar av parlamentet. Valresultatet gjer det umogleg å få til dette utan tilslutning frå fløypartia, anten AfD eller Die Linke. Sistnemnde har opna for å røyste saman med regjeringa i saker dei er samde i, men dei vil ikkje gi Merz noka blankofullmakt.

Atterhaldet er vel verdt å merke seg. Die Linke er for å fjerne gjeldsbremsa, men skeptisk til å gi våpen til Ukraina. Om regjeringa vil fjerne gjeldstaket for å frigjere meir pengar til Ukraina, kan Die Linke anten nekte eller krevje monalege politiske innrømmingar på andre felt. Det vil ein unngå: Veka etter valet blei det diskutert ope om grunnlova skal endrast alt før det nye parlamentet trør til. Merz stoppa det. Det ville vore legalt, men kunne ha strippa regjeringa hans for legitimitet.

Ny kurs

Mykje tyder på at Tyskland må finne ein ny plass i verda. I løpet av dei tre månadene valkampen har vara, har verda endra seg heilt grunnleggjande, og det i tysk disfavør. Scholz-regjeringa sprakk to dagar etter at Trump blei vald til amerikansk president. Valkampen vart avslutta helga etter at J.D. Vance sådde tvil om den amerikanske tryggleiksgarantien under tryggingskonferansen i München.

Då den nyvalde kanslaren uttalte seg på valnatta, likestilte han innblandinga frå amerikanarane (underforstått: Elon Musks støtte til AfD) med den frå Russland.

– Høgste prioritet blir å styrkje Europa slik at vi, skritt for skritt, kan bli uavhengige av USA. Noko slikt hadde eg aldri trudd eg kom til å måtte seie på TV, men den nye amerikanske regjeringa er i stor grad likegyldig til europeisk tryggleik. Eg er spent på om vi kjem til å ha eit Nato i noverande form etter neste toppmøte i juni.

Utsegna skapte internasjonale overskrifter. Så tydeleg plar ikkje tyske politikarar å distansere seg frå USA. Endringa Merz hinta til, vil òg vere eit brot med heile den tyske tryggingsmodellen. Då det moderne Tyskland vart grunnlagt i 1949, vart det for første gong integrert i alliansar med dei demokratiske landa i vest. Den viktigaste delen av denne «vestbindinga», som tyskarane seier, var alliansen med USA. Amerikanarane fekk utplassere troppar og atomvåpen på vesttysk jord. Der er dei framleis, 36 år etter den kalde krigen, med 35.000 soldatar og 20 kjernefysiske stridshovud. Trump har varsla at han vil redusere det militære nærværet.

Meir EU, mindre USA

Det vil den komande kanslaren svare på. Førre fredag opna Merz for at Frankrike kan nytte atomvåpena sine til å forsvare Tyskland. I dag er det USA som står for denne garantien. Onsdag varsla Merz at han vil ruste opp forsvaret med over 200 milliardar euro, over dobbelt så mykje som forgjengaren Scholz. Det tyder ikkje berre på at Tyskland førebur seg på ei tid utan amerikansk militært nærvær, men òg på at det er større vilje til å lite på partnarane i EU.

Også der kjem Merz til å møte auka krav. Sjølv om Tyskland har vore det største landet i EU, har landet vore relativt tilbakelent i å leie an i unionen. Det går neppe lenger. I takt med at USA trekkjer støtte til Ukraina, må EU velje om dei vil erstatte den amerikanske våpenstøtta. Alt i dag er Tyskland landet som gir mest i militær støtte til Ukraina, nest etter USA. Om Trump trekkjer seg ut, må europearane bidra meir.

Auka våpenleveransar kjem ikkje berre til å bli økonomisk krevjande, men vil òg fjerne ressursar som kunne gått til å byggje opp Tysklands eiga forsvarsevne. Likevel tek Merz til orde for å gi ukrainarane tilgang til Taurus-missil, eit av Tysklands kraftigaste våpen. Det har den meir atterhaldne forgjengaren Scholz nekta hittil, fordi han fryktar at dei blir nytta mot mål inne i Russland. Merz vil ta skrittet likevel.

Og her ligg paradokset: Friedrich Merz er ein konservativ, Amerika-venleg marknadsliberalar. Men den internasjonale situasjonen gjer at han fort kan ende opp som kanslaren som reformerte Tyskland, orienterte landet bort frå USA og opna for at staten kan ta opp mykje meir gjeld. Mal sehen, seier dei i Tyskland. «Vi får sjå.»

Sigurd Arnekleiv Bækkelund er journalistvikar i Dag og Tid og har studert historie i Berlin, Paris og Wien.

redaksjonen@dagogtid.no