Forsvar
Fredsprisvinnaren som må ruste opp
EU er i ferd med å miste den amerikanske tryggleiksgarantien. Zelenskyj føreslår ein europeisk hær. Det krev ei nyorientering av heile det europeiske prosjektet.
Måndag møttest EU-leiarar, Nato-sjefen Mark Rutte og representantar frå dei viktigaste EU-landa til eit arbeidsmøte i Elyséepalasset i Paris for å snakke om fredsforhandlingane om Ukraina, der EU er stilt på sidelina. Foto: Simon Dawson/Wikimedia Commons
Click to add byline
Mellom Bayerischer Hof, hotellet
som var vertskap for tryggingskonferansen i München førre helg, og Königsplatz,
der Vestmaktene signerte München-avtalen då Nazi-Tyskland fekk fullmakt
til å okkupere Sudetland i 1938, er det ein dryg kilometer. Men det er mykje som
skil dei: 87 år, ein verdskrig og – ikkje minst – ei verdsordning basert på
folkerett og kvar einskild stats rett til sjølvbestemming, i alle fall om han er vestleg.
No er denne verdsordninga truga. USA og Russland forhandlar om fred
i Ukraina utan å sleppe Zelenskyj eller EU til ved forhandlingsbordet. Stormaktskonferansane
er tilbake. Europa har mista regien over eigen tryggleik.
Samstundes med at russiske og amerikanske
styresmakter førebudde seg på det første formelle toppmøtet sidan invasjonen i
2022, møttest representantar for sju av dei viktigaste europeiske statane i
Paris måndag. Stemninga var alvorstung.
«Europas tryggleik er ved eit
vendepunkt. Ja, det handlar om Ukraina, men det handlar òg om oss», skreiv
kommisjonsleiar Ursula von der Leyen på X.
Den danske statsministeren, Mette
Frederiksen, var endå tydelegare på veg ut frå møtet.
– Russland er ein reell trugsel mot
heile Europas tryggleik og med det fridomen vår. Så den aller viktigaste
bodskapen frå i kveld er behovet for opprusting, sa ho.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.