Ein veg til klimapolitisk skorfeste
Med utgreiinga Klimakur 2030 har Miljødirektoratet lansert 60 tiltak som kan halvere klimagassutsleppa frå verksemd som ikkje har kvoteplikt. Men er det gjennomførleg? Og hjelper det vêrlaget?
Organisasjonen Extinction Rebellion demonstrerer ved ei kolgruve i Durham i Storbritannia.
SCOTT HEPPELL
Ikkje kvotepliktig sektor er transport, jordbruk, oppvarming, avfall og nokre mindre kjelder. Frå desse delane av samfunnet kjem nesten halvparten av utsleppa, knapt 25 millionar tonn karbondioksid. Å halvere dette, fortel utgreiinga, krev ei rask utvikling av ny teknologi, at dei nye maskinene vert billege nok og at viljen til å ta nyskapingane i bruk, er stor. Vi må òg, for å få dette til, endre matkulturen vår, vekk frå kjøt frå grasetande dyr og over til plantemat. Noko liknande fekk kristenkongane vanskar med då dei ville nekte trønderane å ete hestekjøt, endå mennene med sverd i neven den gongen hadde meir hardvorne maktmiddel enn regjeringane kan ty til i dag.
Billeg vert det heller ikkje. Opp til 500 kroner per tonn spart CO2 kostar det å gjere lastebilane meir effektive, elektrifisere ferjene og varme opp byggjeplassar med straum i staden for olje. Til samanlikning: Så seint som for to år sidan låg kvoteprisen på CO2 i EU på rundt 100 kroner tonnet; no har han gått opp til 250. Mellom 500 og 1500 kroner er prisen for å få alle nye bilar til å gå på straum, å få elektriske motorar i alle bybussar og at halvparten av lastebilane skal komme seg fram med hydrogen eller kraft frå nettet. Meir enn 1500 kroner, fortel utgreiinga, vil gå med for kvart tonn mindre utslepp dersom meir av vegtransporten, anleggsmaskiner og sjøfart skal få drivstoff frå planter og avfall.
Kyotoprotokollen og alle seinare avtaler byggjer på at kvar stat berre har ansvar for utsleppa innanfor sine grenser. Når gassen brenn i andre land i staden for på norske plattformer, vert verknaden i atmosfæren akkurat den same, men på den norske lista står det null. Sameleis er det med elbilar. Vi kan stryke utslepp dersom straumen kjem frå fossane. Men den store osen – for det meste av kol – som kjem av å framstille batteria, må produsentlandet svare for. Og vi kan ikkje lett vente at andre land dempar sine utslepp når det er våre kjøp som driv dei opp. Slik sirkulerer gassane av kol og olje i den globale økonomien. Og dei veks stadig.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.