JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

EssaySamfunn

iPad-bobla som brast

Samfunnet har nytta store ressursar på å digitalisere skolen. Grunnlaget var syltynt og har vore styrt av motetenking, gruppepress, framtidsangst og kommersielle interesser. No ser det ut til å snu.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

39465
20240531
39465
20240531

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

I

For to veker sidan publiserte regjeringa ei pressemelding. Ho handla om revidert nasjonalbudsjett, og at regjeringa løyver 300 millionar kroner til trykte lærebøker i skolen. Det såg ikkje ut som rare greiene. Kanskje ville det bety at kvar elev, frå første til tiande trinn, får seg ei ny bok.

Ingen rydda førstesidene. Men bak meldinga ligg det kanskje ei innrømming av historisk betydning. For kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) hadde følgande melding: «Vi skal ha bedre balanse mellom skjerm og bok i norsk skole for at elevene skal lære mer og bedre. Derfor hjelper regjeringen nå kommunene med dette kraftfulle grepet.»

Det begynte alt i fjor, med ei ekstraløyving på 115 millionar. Det kan dermed sjå ut til at politikken som har styrt tenkinga rundt skolen dei siste 10–15 åra, er snudd. Ei utvikling prega av blind teknologioptimisme og ønsketenking kan vere forbi, og boka ser ut til å vere på veg tilbake i skolen. Etter mange års kamp kan foreldregrupper, enkelte journalistar, forfattarar og forskarar og kampanjar frå smarte og samfunnsengasjerte kunstnarkjendisar som Maja Lunde og Ane Dahl Torp ha vunne ein stor siger.

Dei kan ha lokka styresmaktene våre ut av ekkokammeret. Mange har lenge hevda at prosessane rundt digitaliseringa av skolen har vore prega av mangel på kunnskap, integritet og sunn fornuft. Premissleverandørane for politikken har i praksis fungert som lobbyistar for den nye teknologien, og for teknologiselskapa. Dei har lukka auga for negative funn, eller freista å ignorere eller bagatellisere dei. Dei har haussa opp anekdotiske tilbakemeldingar av positiv art og skapt ei misjonerande gruppetenking rundt fenomenet. At digitaliseringa ikkje verka slik ho var tenkt, måtte anten vere brukarane sin feil eller fordi vi ikkje hadde digitalisert nok.

Dette er sterke ord frå mi side. La oss sjå nærare på kvifor det likevel er dekning for dei.

«Også nokre av dei norske ekspertane har i dag fått iskalde føter.»

II

Eg har hatt den same iPaden sidan 2012. Kvaliteten er det ingenting å seie på, eg er tvert om imponert. I tre år har han hatt ein smal, 12 centimeter lang sprekk langs kanten etter at han gjekk i bakken under eit DJ-oppdrag. Det kjem luft, støv, smular og mykje anna på innsida, ikkje minst når guten vår låner han, men iPaden verkar akkurat som han gjorde den dagen eg kjøpte han for tolv år sidan.

Samtidig var det slik at eg kjøpte han fordi eg tenkte han skulle brukast i arbeidet. Eg fann raskt ut at han ikkje passa til det. Å skaffe bluetooth-tastatur hjelpte lite. iPaden var framleis ikkje noko godt arbeidsverktøy (eg fann ut at han eigna seg til éin ting: som digital lupe om ein skal avfotografere gamle handskrivne dokument som er vanskelege å tyde). MacBook og iMac er elles det einaste fornuftige arbeidsverktøyet. iPaden er blitt nytta til speling, sofasurfing, strøyming av musikk til stereoanlegget og overflatisk lesing (om ein skal lese lange tekstar digitalt, er Kindle mykje betre). Eit framifrå leiketøy, altså, både for barn og vaksne.

Sånn, der fekk eg fram at eg ikkje er nokon teknologihatar. Kva elevar i barneskolen skal med ein iPad, er likevel vanskeleg å skjøne. Det finst, så langt eg veit, ingen dokumentasjon på at ideen er god, altså at bruken gir positive resultat for læring. Likevel har over ein kvart million norske barn fått utlevert ein iPad på skolen, mens litt færre har fått eit tilsvarande produkt.

Satsinga har ikkje vore støtta av forsking. Tvert om, mykje av forskinga som finst, viser at skjermbruken har skada lese- og konsentrasjonsevna til barn.

Før sonen vår begynte på skolen, var det snakk om at alle førsteklassingar skulle få sin eigen iPad. Slik blei det ikkje, kanskje fordi så mange foreldre, inkludert meg, viste motstand. Kanskje såg dei at resultata på tidlegare trinn ikkje hadde svart til forventningane. Eg veit ikkje. Eg hugsar at eg spurde rektor, på eit offentleg møte, om kva som ville skje dersom vi nekta å signere for ansvaret for iPaden, slik vi fekk beskjed om at vi kom til å bli bedne om. Ville skolen da likevel gi guten ein iPad? Rektor klødde seg i hovudet. Han visste ikkje.

Å vere skoleleiar er ingen enkel jobb. Presset kjem frå alle kantar.

III

Eg har ikkje tal på kor mange oppslag eg har lese som på ulike måtar seier det same: Noko er alvorleg gale med korleis ein tenker om digitaliseringa av skolen.

Ei svært god bok om emnet er skriven av Gaute Brochmann, som tilfeldigvis er ein ven og nabo. Dottera kom heim frå skolen med ein iPad, og det var frå første stund lett for han å sjå at denne nye teknologien ikkje heldt det han lova. Her måtte ho sitte og lese, teikne og skrive ned tal og ord på ein skjerm, som openbert var underlegen den gamle teknologien, altså blyantar, kladdeark og papirbøker. Undervisningsmateriellet var ofte ikkje anna enn avfotograferte papirbøker.

iPaden gjorde alt skolearbeidet mindre oversiktleg enn det hadde vore. Mykje av arbeidet dottera gjorde, berre forsvann. Som for nesten alle andre foreldre hadde den daglege kampen gått ut på å avgrense skjermtida til barna, fordi det er heilt innlysande at dei ikkje har godt av det. Og så flytta store delar av skolen plutseleg inn i ein iPad som skulle vere den personlege eigedommen til dottera, gitt henne av skolen!?

Som forelder hadde Brochmann blitt beden om å samtykke og underteikne på stort og smått, til dømes at han aksepterte utdeling av jodtablettar ved ein eventuell atomkatastrofe. Med innføringa av iPad, som var ei stor omvelting i skolekvardagen til dottera og dei andre barna, var det ikkje lagt opp til nokon diskusjon eller samtykke.

Brochmann, som på ingen måte er nokon teknologihatar, men tvert om ein avansert brukar i yrkeslivet som redaktør, skribent og arkitekt, begynte å nøste i kva som gjekk føre seg. Han stilte spørsmålet «kvifor?» og rekna med at det var gode svar å finne. Så gjekk han i gang med å kartlegge digitaliseringa av skolen frå starten fram til i dag. Han saumfór forskingsrapportar, skolereformer og læreplanar, han intervjua forskarar, journalistar og administratorar, og prata med politikarar. Resultatet blei boka De digitale prøvekaninene (Cappelen Damm, 2020).

Boka er skriven i ein mild og spørjande tone, ein får kjensla av at det ligg ei open og granskande haldning bak. Han tar for gitt at intensjonane har vore gode. Samtidig talar granskinga til Brochmann sitt tydelege språk om det som ikkje kan kallast anna enn systemsvikt.

IV

Trua på den digitale skolen har vore ganske tverrpolitisk, men grunngivingane har vore ulike. Venstresida hadde ein idé om at digitalisering skulle skape «autonome» elevar, mens høgresida ville vere «fremtidsrettet» og førebu framtidige arbeidstakarar på eit digitalt næringsliv. Ingen av sidene hadde eigentleg eit kvalifisert grunnlag for synet sitt. Dei luftige slagorda bygde på ønsketenking, same kva for retning dei kom frå.

Kristin Clemet (H) var som kunnskapsminister ansvarleg for Program for digital kompetanse (2004–2008) og den store skolereforma Kunnskapsløftet (2006). Resultatet i Pisa-undersøkingane hadde meldt seg, og Noreg gjorde det dårlegare enn mange forventa. «Digitale ferdigheter» blei eit mantra.

Først i det neste tiåret blei dei praktiske konsekvensane synlege. Det har samanheng med iPaden. Det var ikkje staten eller noka regjering som vedtok at alle barn helst skulle ha sin eigen iPad. Men det utvikla seg ei stemning og ei forståing, via læreplanane, av at alle skolar som ikkje blei gjennomdigitaliserte, gjekk baklengs inn i framtida.

Skolesjefar og kommunedirektørar kunne ikkje overhøyre bodskapen. Barn måtte bli storforbrukarar av teknologi i skolen, slik dei alt var i ferd med å bli på fritida. Da ville dei oppnå ein «digital kompetanse» som var like viktig som dei fire andre basiskunnskapane (lesing, skriving, rekning og munnlege ferdigheiter). Men kva tyder eigentleg omgrepet? «Digitale ferdigheiter»? Det har aldri vore klart definert, eller rettare: Forsøka på definisjonar er mange og skiftande, slik at ein får mistanke om at ingen riktig veit kva det inneber. Likevel har det hatt stor gjennomslagskraft som eit mantra som blir messa fram av skoleleiarar, seljarar og politikarar.

Trond Giske sa i 2016: «Alle må ha et eget nettbrett eller en laptop som er personlig. Det må være en selvfølge. Nå er tiden inne for det.» I valkampen året etter sa han ville bruke ein halv milliard i året slik at alle elevar kunne få sin eigen PC, og han sa samtidig at han trudde det kunne sparast pengar på å velje digitalt læremateriell framfor papirbøker (Klassekampen, 20. april 2017).

«Skolebiblioteka er i dag ikkje ein arena for læring og leselyst. Det er ingen bibliotekarar til stades for å rettleie barna.»

Dei ansvarlege politikarane våre hadde på denne tida begynt å snakke omtrent som leiarane og lobbyistane for dei store teknologiselskapa. Det er paradoksalt, for leiarane i selskapa skjønte korleis deira eigen teknologi verka. Mange av dei – til dømes Steve Jobs og Bill Gates – sleppte aldri sine eigne barn i nærleiken av han. Jan Tore Sanner var i dei to rollene som moderniseringsminister og utdanningsminister i perioden 2013–20 ein forkjempar for IKT og digitalisering. Når det gjeld skolen, argumenterte han i 2019 for at nettbrett er noko barna sjølv etterspør. Og elevane var no ikkje lenger barn som ganske varsamt skulle slusast inn i vaksenlivet. Dei var blitt små kundar, og kunden har som kjent alltid rett.

Denne mentaliteten spelte nok også inn i vurderinga av bruk og tilgang til mobiltelefon på skolen. Alle skjønte det, bortsett frå dei som bestemte: At barn får med seg ein dings som er full av appar som er laga for å halde brukaren fast, kan umogleg vere bra for læresituasjonen. Når ein i tillegg kunne ta bilde med han og mobilen i verste fall kunne vere eit masseøydeleggingsvåpen for mobbarar, pluss mykje anna ein ikkje vil ha i ei tid med eksplosiv vekst i psykiske helseplager blant barn og ungdom, burde saka vere opplagd.

Det var ho ikkje. Kvar skole, og nokre stader kvar lærar, blei tvinga til å ta denne kampen. I eit land der staten legg detaljføringar på nesten alle andre felt, ofte langt inn i det absurde, ville ikkje staten gjere noko helst med problemet.

Tonje Brenna ville ikkje røre mobilane. At FN-organet Unesco sommaren 2023 åtvara mot mobiltelefonar i skolen, hjelpte ikkje. Konklusjonane i rapporten Unesco hadde laga, var klare: Mobiltelefonar i skolesituasjonar gjekk ut over elevprestasjonane. Sjølv det å ha ein mobil i nærleiken, til dømes i lomma eller i skolesekken, var nok til å distrahere dei. Først det seinaste året, med Kari Nessa Nordtun som utdanningsminister, kan det sjå ut som om sunn fornuft er på veg tilbake på moten.

V

Korleis kom vi dit vi er i dag? Det er det grunnleggande spørsmålet dette essayet freistar å gi nokre svar på. Det er ikkje eit originalt spørsmål. Til dømes har Dag og Tids Per Anders Todal analysert spørsmålet i ei rekke artiklar med ulik vinkling gjennom mange år.

I dokumentasjonen han har kjempa seg gjennom, fann han i det store og heile det same som Brochmann: Grunnlagsdokumenta hadde mange påstandar og implisitte premissar (om at mykje teknologi er betre enn lite teknologi). Men dei var ganske ribba for referansar til forsking, eller til og med for argument i tradisjonell forstand. Ikkje berre lét styresmaktene vere å undersøke konsekvensane. Det var som om dei ikkje ville vite av dei.

Frå 1997 blei det oppretta eit senter som skulle fremje IKT i skolen. Det heitte først Forskings- og kompetansenettverk for IT i utdanning (ITU), men i 2010 gjekk dette inn i Nasjonalt senter for IKT i utdanninga (IKT-senteret), som er direkte underlagd Kunnskapsdepartementet. Dette skulle vere ein viktig premissleverandør for politikarar og samfunnet elles. Med 80 tilsette skulle ein tru dei utvikla seg til ein kompetent forskingsinstitusjon som kunne rettleie andre i vanskelege spørsmål knytte til innføring av IKT i barnehagar og grunnskole.

Slik er det ikkje, noko mellom anna Brochmann og Todal har freista i vise. IKT-senteret såg det snarare som si rolle å fremje digitalisering av skolen, utan å sjekke om det er ein god idé eller ikkje. Senteret nytta den akademiske forma som eit slags gissel, men såg ein nærare etter, dreiv det ikkje med forsking, men med «trendanalysar og teknologioptimisme» ut frå følgande formel: Om det finst mange nettbrett og appar i skolen, er det bra, og utviklinga går i riktig retning.

IKT-senteret dreiv med spørjeundersøkingar der dei fekk, eller trekte fram, dei svara dei ville ha. Nettbrett var kult, elevane kjende seg motiverte, alt var bra. Om ikkje er skolen enno for «umoderne». Ikkje berre hoppa dei over å undersøke kva effekt digitaliseringa av skolen eigentleg har. IKT-senteret innleia samarbeid med lobbyselskap for teknologiselskapa og presenterte rapportar i samarbeid med dei, der konklusjonane var gitt på førehand (sjå til dømes Todals artikkel «Teknologireklame med statsstøtte» i Dag og Tid 13. desember 2019).

Det minner litt om ein gammal vits der ein mann har ein teori om at jordkloden ikkje svevar i verdsrommet. Kloden kviler på ryggen til ei gigantisk skjelpadde. Vennene trur han er blitt galen, men freistar å argumentere logisk med han. Ein spør:

– Om jorda kviler på ei skjelpadde, kva kviler da denne skjelpadda på?

– Haha, svarar mannen, bra forsøk, men det er skjelpadder heile vegen ned.

I digitaliseringa av skolen har det vore teknologioptimisme heile vegen ned.

Eit unntak som bør nemnast blant politikarar, er Torbjørn Røe Isaksen, som var kunnskapsminister i perioden 2013–2018. Da han i eit intervju med Per Anders Todal i Dag og Tid i 2015 uttrykte mild skepsis til overdriven og naiv tru på digitalisering av skolen, var det Torgeir Knag Fylkesnes frå SV som refsa han på Dagsnytt 18.

Same år endra Isaksen ordlyden i tildelingsbrevet til IKT-senteret. Det blei her spesifisert at IKT-senteret òg skulle legge fram eventuelle negative funn, kanskje fordi han merka at det ikkje sa seg sjølv. I 2015 kom også OECDs Pisa-rapport om IKT i skolen. Det var eit storstilt forskingsprosjekt som viste at elevar som nyttar mykje teknologi i læringa, har langt dårlegare utbytte enn elevar som sjeldan nyttar datamaskinar. Det gjaldt både lesing og matematikk.

Slik vi har sett, er «digitale ferdigheiter» ei av fem basisferdigheiter i den norske skolen. Kva dette eigentleg går ut på, er vanskeleg å seie. Ei anna av dei fem ferdigheitene er å lese, og den er litt lettare å måle. Og det er liten tvil om at leseferdigheita til norske elevar går ned. Og det forplantar seg til høgare utdanning.

I fjor skreiv til dømes Espen Ytreberg, professor ved Institutt for medier og kommunikasjon ved Universitetet i Oslo, at «studentene på dagens universiteter har en urovekkende lav evne og vilje til å lese lange og krevende tekster». Det er ikkje lenger nok å forelese om innhaldet i bøkene. Først må universiteta lære studentane, som har vore gjennom 13 år med skolegang, korleis dei skal lese, ifølge Ytreberg.

«Barna var blitt små kundar, og kunden har som kjent alltid rett.»

VI

Tenk tilbake til 1990-talet og tida rundt tusenårsskiftet, om du er gammal nok. Det skjedde så mykje rundt internett, mobiltelefonar og det virtuelle at det nesten ikkje var til å tru. Samtidig var det mykje uvisse ute og gjekk, noko som opna ein stor marknad for framtidsguruar, i kryssingspunkta mellom filosofi, teknologi, psykologi, produksjon og kulturanalyse. Omkvedet var stort sett det same. Den nye teknologien kom til å endre absolutt alt, og om du ikkje hoppa på i går, var det kanskje alt for seint. Guruane skreiv bøker (på papir!), heldt foredrag og blei intervjua som popstjerner. Det var postmoderne tider, og det var klipp og lim frå nye filosofar frå Frankrike, Spania, Italia og USA. Mange snakka om affirmasjon, at ein skulle omfamne det nye nettverkssamfunnet, elles ville ein bli akterutsegla, ulykkeleg og forsteina.

Eg las mange av desse filosofane på Blindern og gjekk på nokre slike gurumøte som journalist. Eg hugsar to svenske superstjerner på dette feltet, boka deira blei lansert på Smuget i Oslo, med teknomusikk, røykmaskinar og gratis drikke (ein skulle tru det var gratis kokain).

Når eg ser tilbake på denne tida, på filosofane og guruane (nesten ingen hugsar nokon av dei i dag), slår det meg at det meste dei kokte i hop, var ganske harry og pinleg, intellektuelt sett. Ja, mange var friske pust der og da, eg er ikkje imot fritenkarar og rabulistar, og det blei mykje leik og moro. Men ønsker vi at dei ivrigaste og mest entusiastiske teknologiprofetane skal ha stor påverknad på våre barns bruk av denne teknologien? Med tanke på at vi er ein art av dei store apane som i mesteparten av vår evolusjon har vore naturvesen? Teknologibruk i skolen bør kanskje ikkje styrast av folk som vil, eller trur, at vi på kort tid kjem til å leve lykkeleg som kyborgar.

I mai i fjor hadde Morgenbladet eit lengre portrett og intervju med Morten Søby. Han blir presentert som ein av Noregs første postmodernister og mannen som introduserte «digital kompetanse» i norsk skolepolitikk. Ifølge avisa er han ikkje ein nasjonal digital strateg. Han har vore den nasjonale digitale strategen.

Alt i 1996 skreiv Søby kronikkar om at «teknofobi» står i vegen for den «digitale revolusjonen» han sjølv hadde omfamna så ukritisk. Etter ein karriere som VR-entusiast, «cyberpunker» og «avantgardistisk pedagog», der Søby mellom anna snakka varmt om samansmeltinga mellom menneske og maskin, blei han avdelingsdirektør for Senter for IKT i utdanninga. Søby var sentral i «Kunnskapsløftet» til Clemet, og til Morgenbladet fortel han med glede om «knepa» han nytta for å få «digital kompetanse» og «digitale ferdigheter» til å gjennomsyre alle fag.

Når han ser tilbake på «en karriere som kan beskrives som en eneste lang kamp for å gjøre den norske skolen mer digital og mindre bokbasert», viser han ingen anger, knapt ettertanke, men mykje irritasjon over at digitaliseringa ikkje har gått fort nok og ikkje er radikal nok. Torbjørn Røe Isaksen er ifølge Søby eit døme på ein «teknofob». At forskinga massivt seier at ein skjerm er eit langt dårlegare lesemedium enn ei bok, feiar Søby enkelt bort. Undersøkingane er for små, og feltet prega av synsing! Søby meiner det ikkje er undersøkt godt nok korleis faktorar som skjermtype, oppsett og skrifttypar påverkar lesinga til elevane.

I intervjuet seier Søby at angsten middelklasseforeldre har for skjermane, ikkje må få dominere debatten om IKT i skolen. Men det burde han, skjønar ein av intervjuet, sidan Søby, som også har hatt ei rekke roller i Utdanningsdirektoratet, i intervjuet rett og slett står fram som ein realitetsfornektande fantast.

Til hans forsvar: Det kan godt hende at Søby ikkje kjenner forskinga på feltet. Kritikken mot IKT-senteret gjekk mellom anna på at dei underslo forsking som viste grunn til større varsemd. Dei dreiv ein einsidig kamp for meir IKT i skolen, det minte om rein propaganda, meinte nokre. Dei var frelste og trong inga grunngiving. Dei ved Senter for grunnlaus teknologioptimisme, unnskyld, ved IKT-senteret, visste jo at dei hadde rett. Usemje blir i slike miljø ofte feia unna av ein sirkulær argumentasjon: Skeptikarar er folk som ikkje heng med i tida, dei er bakstreverske, mot utvikling, «modernisering», kanskje til og med mot sjølve framtida. Ny teknologi er sjølvsagt noko ein må heie på, for om ikkje så er du... bakstreversk.

Kva for eit historiesyn som ligg bak slik framstegstru, skal vi la ligge her. Men strukturen i denne typen utopisme liknar på den vi finn i kristendommen og marxismen.

VII

I 2016 blei Bærumsskolen den første i landet som skaffa alle elevar nettbrett. Rektor ved Jong skole Frode Sømme uttalte ved eit høve: «Det er ikke noe problem om en av elevene ikke klarer å holde blyanten ordentlig lenger. Alle har like gode forutsetninger både for å kunne skrive og lese nå. Det er ingen tvil om at dette motiverer elevene.»

IKT-senteret var i fyr og flamme. Trond Ingebretsen, som var direktør ved IKT-senteret, reiste til Bærum for å dele ut senterets «innovasjonspris» (må ikkje forvekslast med Innovasjonsprisen til Forskingsrådet). Bærumsskolen hadde kjøpt inn tusenvis av iPadar frå Apple, for rundt 60 millionar kroner. Utgiftene til mykje av programvara kom i tillegg, viste det seg. Satsinga blei gjord utan solide haldepunkt for at nettbretta verkeleg ville hjelpe elevane fagleg. Om dette var «innovativt», kan diskuterast. I åra etter iPad-satsinga har Jong skoles resultat i lesing på nasjonale prøvar blitt markert dårlegare (sjå Todals artikkel «’Knakk lesekoden i rekordfart’», Dag og Tid, 20. desember 2019).

IKT-senteret blei i 2018 fusjonert med Utdanningsdirektoratet under namnet Utdanningsdirektoratet – direktoratet for barnehage, grunnopplæring og IKT. Trond Ingebretsen er i dag divisjonsdirektør for digitalisering i Utdanningsetaten i Oslo.

Han vekte ei viss oppsikt i starten av februar i år. Saka dreidde seg om bruken av kunstig intelligens i skolen. Lærarane hadde kravd tiltak mot ChatGPT. Ingebretsens «løysing» var å kjøpe ChatGPT-lisensar til elevane ved 16 vidaregåande skolar og åtte ungdomsskolar i Oslo. «Vi hadde ikke annet valg», uttalte Ingebretsen til Aftenposten 6. februar. Å rulle ut kunstig intelligens blant barna, før dei vaksne var i nærleiken av å skjøne implikasjonane eller problema, var kontroversielt. Men teknologideterministen Ingebretsen hadde altså ikkje noko anna val.

VIII

Ingen i Noreg, aller minst Søby og dei som skulle gi styresmaktene råd om bruk av IKT i skolen, undersøkte om digitaliseringa i skolen faktisk var er ein god idé. Ingen svarte på kva for problem som skulle løysast. Ingen undersøkte på førehand om elevane lærer meir eller mindre med PC eller iPad. Sentrale forskarar ved universiteta gjorde heller ikkje det, men var opptatt av korleis den nye situasjonen blei oppfatta av elevar og lærarar. Det aller meste av leseforskinga viser mindre læring og dårlegare lesekunnskap frå skjerm. Ein av dei største studiane, med tittelen «Don’t throw away your books» (Educational Research Review, 2018), slår òg dette fast, men finn eitt unntak: Dei fann liten forskjell når elevane las historier, noko som kanskje seier mest om krafta i den gode forteljinga.

Studien slår fast at papirboka er eit betre medium enn skjerm for lesing. Problemet er at slik forsking ikkje fekk nokon til å bremse opp – før no. Og det er mindre på grunn av den såkalla ekspertisen enn på grunn av dokumentasjon som er henta inn av andre, og protestar frå foreldre som såg kor dårleg det stod til, og at iPaden ofte var ei hindring for læringa til barna.

Denne historia er eit erkeeksempel på korleis gruppetenking fungerer. Dei fleste av oss trur at styresmaktene opptrer meir ansvarleg når endringar med så store konsekvensar blir gjennomførte. Her var det snakk om å fase ut boka frå skolen etter at ho i vår kultur har vore det viktigaste mediet for læring i snart tusen år.

Kunne ein ikkje forvente at staten, når han drastisk skiftar kurs for noko av det viktigaste han held på med, altså å undervise barna våre, veit kva han held på med? At han går sakte fram, vurderer nøye, handlar ut frå kunnskap og ikkje lèt seg styre av impulsivitet, motetenking og økonomiske særinteresser?

Slik var kanskje staten i gamle dagar. Du veit, den gamle kjedelege og konservative staten. Det er berre å innsjå: Den nye staten er ikkje slik. Vi har sett liknande ting i handsaminga av mange andre felt. Staten opererer ikkje lenger med noko sikringsnett. I mange tilfelle verkar det som om statlege instansar som skal vareta heilskapens interesser, opnar dørene på vidt gap for trojanske hestar i form av private økonomiske særinteresser. Pådrivarar har store sjansar for å vinne gjennom med sitt syn, spesielt om dei har mykje pengar. I dette tilfellet snakkar vi om ein av dei aller mektigaste: teknologilobbyen.

«Med Kari Nessa Nordtun som utdanningsminister kan det sjå ut som om sunn fornuft er på veg tilbake på moten.»

IX

Sidan staten har sagt frå seg alt ansvar for handsaminga av teknologi i skolen og berre har vore ein pådrivar for meir: Kor asymmetrisk er ikkje situasjonen når globale teknologigigantar som Apple, Google og Microsoft tar for seg rådmenn, skolesjefar og innkjøpssjefar i norske kommunar, alle med pengar i lomma (kanskje i form av rentefrie statlege lån)? Har dei norske lokaladministratorane føresetnader for å skjøne teknologien eller sjølve situasjonen?

Svaret gir seg kanskje i vala som er tatt. I Noreg har til dømes iPad marknadsdominans, i motsetnad til i andre rike land, der Chromebook og andre har tatt over (sjå «Noreg er Apples største fan», Dag og Tid, 29. januar 2024).

I februar las eg ein lang reportasje i Klassekampen. Avisa hadde vore på ei messe for utdanningsteknologi i London («Den digitale skoleturen», 5. februar 2024). Her gjekk norske skolefolk med store auge og tjukke lommebøker rundt og lét seg imponere av seljarar: «385 av de norske deltakerne tilhører utdanningssektoren. Ifølge Bett, som messa kalles, har 292 av dem ’purchasing influence’ – altså kan de påvirke hva skolen bruker penger på. De jobber i kommuner og fylkeskommuner i hele Norge. Det er der beslutningene om innkjøp av IKT til skolene tas.»

Ein må nesten gni seg i auga under lesinga. «Studieturen» til London var i regi av IT-selskapet Atea. Atea sel og leasar blant anna iPadar til grunnskolar rundt om i landet. Dei hadde 120 norske skolefolk med på turen til London, frå Oslo, Bærum, Tønsberg og Lier. Om kveldane var det mat, skål og dans på restaurantar. På desse arrangementa fekk norske skolefolk tilgang til folk frå Apple og mange andre teknologiselskap. Eller, om ein ser litt meir realistisk på det: Det var Apple og dei andre teknologiselskapa som fekk norske skolefolk med innkjøpsbudsjett serverte på eit fat. Kvart år er det fleire hundre deltakarar frå norsk skole på denne messa.

Situasjonen verkar uoversiktleg og tilfeldig. Generelt sett, når seljarar og kjøparar møtest på denne måten, og når det er så stor asymmetri i kunnskap og formål (den eine skal tene mest mogleg pengar, den andre skal sørge for best mogleg opplæring av barna våre), så er det grunn til varsemd. Sidan det er snakk om fylkeskommunar og mange hundre kommunar, vil Riksrevisjonen aldri sjå på saka. Men korleis fungerer alle desse innkjøpa eigentleg i praksis? Teknologiselskapa tilset gjerne tidlegare rektorar med stort kontaktnett i skolesektoren, til dømes Elisabeth Palmgren, som gjekk frå Teglverket skole i Oslo til Atea.

Framleis skal det vere opp til kvar lærar å avgjere kva for læremiddel som tener undervisninga best. Men fridommen er teoretisk. Det fekk ein lærar ved Trosterud skole i Oslo merke. Han ville legge bort iPaden for ei stund. Mange av elevane hang etter i lesing og skriving, og læraren meinte bøker kanskje kunne fungere betre, i det minste for ein periode. Etter ei stund fekk denne læraren åtvaring frå rektor. Svara hennar til media var uklare, til dels sjølvmotseiande. Men slik eg tolkar saka (som blei dekt av Klassekampen 13. og 20. april i år), hevdar rektor at ho kan tvinge lærarar til å bruke iPad.

Historia illustrerer dobbelkommunikasjonen som pregar relasjonen mellom staten og kommunane. Samtidig som Utdanningsdirektoratet og utdanningsetatane har sagt at skolane var frie til å velje læremiddel sjølv, har dei i mange år pressa på for meir skjermbruk. På Trosterud skole i Oslo fekk Apple i fjor løyve til å lage ein reklamefilm om Apple-produkt som blir brukte i undervisninga på norske skolar. Barna våre har fått eigne Apple-ID-ar. Selskapa kan mate ut stordata frå dei, skape brukarar ned i seksårsalderen og potensielle kundar resten av livet. No skal dei altså i tillegg vere med i reklamar for Apple.

Om barna ikkje har tent på digitaliseringa av skolen, har i det minste andre gjort det. Digital læring er ein milliardindustri i Noreg åleine. Lobbyistorganisasjonen IKT Norge pressar på for vidare vekst. Sjølvsagt står dei klare for å kjempe mot ei nedskalering av det storstilte digitale eksperimentet som har gått føre seg i klasseromma. Regjeringar og statsforvaltinga har dei seinaste tiåra vist seg svake i møte med slike krefter. Vil dei greie å stå imot når PR-byråa – fulle av tidlegare politikarar, toppbyråkratar og skolefolk som har skifta side – set inn støyten?

X

Først tok dei symjebassenga og lurte etterpå kvifor barna ikkje lenger kunne symje. Så fjerna dei disiplinen og konsekvensar av destruktiv oppførsel, og etterpå lurte dei på kvifor bøllene som før «berre» saboterte undervisninga og plaga medelevane, no også begynte å banke opp læraren. Til slutt tok dei bøkene, blyantane og kladdepapiret, og lurte på kvifor barna blei så dårlege til å lese og skrive.

Om signala frå regjeringa inneber ein reell snuoperasjon, vil det i så fall bli kostbart. Dei 300 millionane som nyleg blei løyvde, inneber at kvar elev i folkeskolen får rundt halvanna bok kvar. Nokre av dei har knapt sett ei bok på skolen før. Som ein direkte konsekvens av digitaliseringa er dei fleste skolebiblioteka ikkje lenger funksjonelle. Til dømes blei iPadane eksplisitt brukte til å bygge ned skolebiblioteka i Bærum. Skolar må, ifølge opplæringslova, framleis ha eit bibliotek. Men korleis står det til i røynda?

Kvar skole har sjølv ansvaret for biblioteket sitt. I mange tilfelle er det snakk om eit stort sett avlåst rom der det står nokre hyller med gamle bøker. Mange skolar har ikkje sett av ei krone til innkjøp på mange år. Bortsett frå nokre heiderlege unntak: Skolebiblioteka er i dag ikkje ein arena for læring og leselyst. Det er ingen bibliotekarar til stades for å rettleie barna.

La oss sjå nærare på Lillehammer, der eg har eit barn i tredje klasse. Han er heldig og har ein bokvennleg lærar som lèt barna komme inn på biblioteket om dei spør. Biblioteket er ikkje bemanna, så tilgangen elevane har på bøker, er heilt læraravhengig, altså tilfeldig. Elevane kan i teorien gå gjennom skolen utan å ha vore inne i skolebiblioteket.

I november i fjor blei skolebiblioteksituasjonen ei sak i kommunestyret på Lillehammer etter at eit parti stilte ordføraren eit spørsmål. Dei åtte kommunale skolane blei bedne om å lage ein statusrapport. Svara er offentleg tilgjengelege.

Skolane har sett av mellom 5 og 20 prosent av ei lærarstilling på kvar skole til skolebiblioteka, slik at dei i beste fall har ope nokre få timar i veka. Alle skolane mottar ein del kulturfondbøker gratis. Bortsett frå det brukar skolane mellom 0 og 20.000 kroner på å kjøpe inn bøker i året. Nokre av skolane – med hundrevis av elevar – har ikkje kjøpt ei bok på mange år. Ein skole rapporterer om at lånesystemet ikkje lenger fungerer.

Konklusjonen er enkel: Om boka skal tilbake til skolen, vil det krevje ei haldningsendring og ei massiv satsing. Skolane har neppe økonomi til å gjennomføre noko slikt. Kanskje er det litt å spare på å kjøpe inn færre iPadar og programlisensar. Men samtidig: Ingen seier at vi skal ha ein teknologifri skole. Det finst sjølvsagt fagområde og oppgåver der det er rasjonelt å nytte datamaskinar. Derfor må nok staten bidra til gjenoppbygginga av skolebiblioteka.

Her må eg skunde meg å legge til at lesekompetansen til skolebarna på Lillehammer er hakket betre enn landsgjennomsnittet. Den negative utviklinga er snudd, noko som kan tilskrivast ei målretta satsing gjennom fleire år – om ikkje på skulebiblioteka, så på andre viktige område. Lillehammer-skulen, folkebiblioteket og Norsk Litteraturfestival har i fleire år samarbeidd om det dei kallar «Leseløft»-strategien. Ein har Pegasus-programmet, bokarrangement for barn gjennom heile året, og eit program som blir kalla Bokleik. Det er utvikla lokalt, for dei minste, og kan bli ståande som eit førebilete for eit liknande, landsdekkande program. På grunn av gode resultat blei heile Leseløft-satsinga tidlegare i år formelt forankra i kommunestyret.

Onsdag denne veka var kulturminister Lubna Jaffery og kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun på Lillehammer. På eit fullstappa folkebibliotek, midt under litteraturfestivalen, lanserte regjeringa den nye lesestrategien, som blir kalla «Saman om lesing» (2024–2030). Han går ut på å styrke skolebiblioteka (med 50 millionar i året), innkjøpsordningane og leseopplæringa til norske barn, heilt ned i barnehagen. Tilskota til forfattarbesøk og bokarrangement skal aukast.

Kunnskapsministeren peikte på at leselysta blant norske barn er spesielt lita – i den store PIRLS-undersøkinga frå 2021, der 28 land deltok, rapporterte norske barn mindre leseglede enn barn i alle andre land – og lanserte konkrete strategiar for å betre på dette. Det skal lagast og kjøpast inn fleire bøker og teikneseriar til biblioteka, og papirboka skal sterkare inn i undervisninga.

XI

Ein snuoperasjon er altså på gang. Det skal bli meir bok og mindre skjerm. Samstundes har digitaliseringa av skolen endra krinsløpet i heile det litterære systemet. Skolebokavdelingane i dei store forlaga er ikkje til å kjenne att. Det meste dei gjer, handlar no om å lage digitale læremiddel. I samband med denne radikale omorganiseringa har forlaga utvikla eit heilt nytt språk – det minner faktisk om det George Orwell kalla nyspråk.

Redaktøren, den viktigaste personen i den gamle forlagsverda, har fått ei marginal rolle. I staden har «produktsjefar» og «tenestedesignarar» fått makta over innhaldet i læremidla. Mange redaktørar måtte gå på grunn av dei radikale omleggingane, andre eg veit om, har slutta. Dei kjende ikkje att jobben sin lenger og orka ikkje meir.

Tekstane i dei digitale læremidla skal vere korte, for lesing fungerer som kjent ikkje så godt på skjerm. Så er det berre å fylle på med grafikk, bilete og video, så blir nok barna nøgde. Helst interaktive ting som kan klikkast på, sidan nettbretteknologien i seg sjølv tryglar om slik bruk.

Den tradisjonelle forfattaren blei tatt med ut i bakgarden og gitt eit enkelt skot i nakken. Inn kom folk som skriv korte brokkar av tekst på ei straumlinjeforma plattform som får det meste til å sjå heilt likt ut. Dei blir ikkje kalla forfattarar, men «innhaldsleverandørar», og dei har ein heilt annan funksjon og status enn dei gamle forfattarane.

Dei store forlaga har tent mykje på digital læring, og dei planlegg å tene mykje meir. Derfor er dei i praksis blitt medspelarar for meir digitalisering. Dei hadde ikkje noko anna val. I løpet av nokre få år gjekk forlaga frå å lage papirbøker skrivne av forfattarar i samarbeid med ein redaktør, til først og fremst å lage digitale undervisningsopplegg. Korleis trur du stemninga er i desse digitaliserte redaksjonane når kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun og andre politikarar truar med å gjeninnføre papirboka i skolen? Det er berre å stålsette seg mot lobbyismen som vil bli mobilisert.

XII

I dette essayet har eg leita etter eit svar, i likskap med mange før meg, på kva som skulle vere vinsten med å gi små barn nettbrett i staden for bøker. Eg har funne lite anna enn slagord.

Nettbretta og appteknologien er i seg sjølv så intuitiv at ein toåring straks skjønar alt. Det er berre å ta borti skjermen, så opnar det seg noko nytt, til evig tid. Ingen treng å lære å bruke eit nettbrett. Var det da i sjølve appane magien skulle skje? Var det noko enda meir naivt, noko med at barna skulle vere på internett, som nettverksborgarar i det nye nettverkssamfunnet? Eg spør, men veit enno ikkje svaret. Ei forklaring var ikkje nødvendig, for digitaliseringa blei eit mål i seg sjølv.

Kjenner du nokon som synest at dei brukar mobiltelefonane, nettbretta og datamaskinane for lite? Som ikkje ser sin eigen bruk som problematisk og ikkje nyttar masse tid og energi på å halde barna unna? Det gjer ikkje eg.

Skjermnarkomani, iPhone-demens og ulike typar psykiske skadar knytte til overforbruk, ikkje minst av sosiale medium, er blitt problemet. Dei sterkt stigande kurvene for angst og depresjon blant unge er ganske så identiske med kurvene for innførsel og eksplosiv bruk av sosiale medium. Ja, dei fleste greier seg. Men det er stadige meldingar om sterk auke i psykisk sjukdom blant unge. Grunnane kan vere mange. Ei viktig årsak kan vere: Dei har vore gjennom eit eksperiment, og mange av dei har ikkje tolt det.

Her om dagen såg eg ei trist – og rar – sak i avisa Gudbrandsdølen Dagningen rundt dette fenomenet. Stadig fleire elevar i Innlandet fylkeskommune får køyre drosje til skolen på grunn av psykiske plager. Dei vil ikkje bruke offentleg skoleskyss, men køyre drosje aleine, og sender søknader via fastlegane. Kostnadene til denne skyssen av elles funksjonsfriske elevar har skote i vêret, og blir tatt frå budsjetta for kollektivtransport. Kven som har funne ut at eiga drosje er ei eigna behandling av psykiske vanskar, står det ingenting om.

Korleis utrustar ein barn til å klare seg best mogleg mot nettet, som er så fullt av mørke og manipulasjon? Korleis gir ein dei motstandskraft, evne til å tenke sjølvstendig, til å skilje, utvikle velgrunna skepsis, ei viss danning, alt som kan gi dei litt vern mot det som berre er eit tastetrykk eller ei berøring unna? Svært mange vaksne slit med det. Å sleppe små barn rett inn i denne endelause informasjonsstraumen, som faktisk er skapt for å kapre hjarte og hjernar, er uansvarleg. Alle foreldre skjønar det. Så vi set opp sperrer – som ein oppegåande åtteåring lett kjem seg forbi.

Slik den amerikanske sosialpsykologen Jonathan Haidt freistar å vise i si nye bok The Anxious Generation – How the Great Rewiring of Childhood Is Causing an Epidemic of Mental Illness, så er dei siste femten åra prega av eit stort paradoks. I den verkelege verda driv foreldra og samfunnet og overbeskyttar barna. Samtidig har dei svært lite vern i den virtuelle verda.

Også nokre av dei norske ekspertane har i dag fått iskalde føter. Sist laurdag publiserte til dømes psykologispesialist og dataspelutviklar Gaute Godager ein kronikk på NRK med tittelen «Unnskyld, alle skjermforeldre». For å gjere ei lang historie kort: Han peiker på at forskinga er eintydig, og meiner det einaste ansvarlege er å innføre til dels sterke skjermrestriksjonar og regulering av sosiale medium. Godager skriv mellom anna: «Jeg har bidratt til å overlate ansvaret til foreldrene og den enkelte, gjennom argumentasjon og foredrag. Vi teknologiglade gjør ofte det. Når jeg har tatt så grundig feil før, bør du høre på meg nå? Ja, nettopp fordi jeg motvillig endrer mening og lar meg overbevise av forskningen.»

XIII

Så er altså trenden heldigvis i ferd med å snu. Kan vi tru på det? Kanskje, sidan det er ei internasjonal oppvakning på gang. Ta Sverige. skolen der har vore endå meir radikal enn i Noreg. Alt i 2015 var nettbrett obligatorisk i barneskolen.

Mot slutten av 2022 drog dei i naudbremsa. Da erklærte skoleminister Lotta Edholm at skjermeksperimentet i skolen hadde vore ein fiasko. Ho lanserte «den største satsinga på lærebøker i moderne tid» for å motverke «analfabetisering» av svenske elevar. «Endelig», uttalte Anne Mangen, som er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger (Morgenbladet, 19. desember 2022).

Kampen er ikkje over. Men det er mange teikn på at bobla har sprokke. Barnas tid som prøvekaninar i eit uansvarleg eksperiment bør vere over no.

Morten A. Strøksnes er journalist i Dag og Tid.

Fleire artiklar

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov
Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov
Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Biletet syner Blixtunnelen på Follobanen rett før opninga i desember 2022. Nokre dagar etter vart tunnelen stengd på grunn av varmgang i kablane. Opprettinga skal vare til desember i år.

Biletet syner Blixtunnelen på Follobanen rett før opninga i desember 2022. Nokre dagar etter vart tunnelen stengd på grunn av varmgang i kablane. Opprettinga skal vare til desember i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Politiske signalfeil

Det er mange grunnar til at toget ikkje går når det skal i Noreg. Her er nokre av dei.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

KommentarSamfunn

Sjølvmord av frykt for dauden

Macron-strategien for nyval fremjar det han vil unngå.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen
KommentarSamfunn

Sjølvmord av frykt for dauden

Macron-strategien for nyval fremjar det han vil unngå.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis