Freya synte oss at verda framleis er vill
Vi kan tru at alle dyr er like, men i den verkelege verda er nokre dyr likare enn andre.
Freya vart skoten søndag 18. august. Eller vart ho avliva? Rett og slett drepen? Eller skal vi gå så langt som å tru New York Times når dei skriv at vi nordmenn no «kverker ein forguda og vaklande solbadar med mafialiknande effektivitet»?
Ja, saka om kvalrossen Freya har nådd New York Times. Ja, ikkje nok med det: Saka om at kvalrossen Freya har nådd New York Times har nådd norske riksmedium! Det er nesten freistande å le historia vekk. Så mykje merksemd for ein einsleg kvalross, medan tusenvis av artsfrendar lid under klimaendringar i Arktis? Men vi skal ikkje gjere det, for dette er òg blodig alvor.
Folk er blitt glade i Freya. Det har vi jo alle saman, har vi ikkje?
Ja, vi skulle vel alle ynskje at Freya ikkje måtte døy. Men nei, vi har ikkje vorte glade i henne. Vi kjenner ikkje Freya. Sjølv ikkje Christian Ytteborg, marinasjef ved Kongen Marina, som hevdar Freya ikkje var «sånn, altså blodtørstig. Hun var fargerik og annerledes, og hun solte seg, badet og spiste blåskjell», kjenner rovdyret Freya den dagen ho ikkje fann fleire blåskjell, heller ikkje mora som forsvarer ungane sine.
Det vi kjenner og kanskje er litt glade i, er biletet av Freya, idealet Freya – rovdyret som kom og oppsøkte oss, menneska, der vi lever, og ville vere ein del av fellesskapet vårt. Dette er biletet der menneske og dyr kan leve saman i harmoni og kjærleik. Der ingen må drepe kvarandre. Som i Hakkebakkeskogen, der Bamsefar lagar ei lov som seier at alle dyr i skogen må vere vener og ingen har lov til å ete kvarandre. Eller som i Animal Farm – der alle dyr er skapte like.
172.000 døde kyllingar
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.