Canada

Frykt for stillstand i Canadas bilby

ONTARIO: Eit amerikansk-kanadisk bileventyr kan ta slutt med USAs biltoll. I Oshawa har den lokale General Motors-fabrikken gjeve arbeid til kanadiarar i generasjonar.

Dronebilete av GM Oshawa Assembly Plant i Oshawa i Ontario i Canada teke 14. mars i år. Fabrikken på 470 mål har vore mellom dei største av sitt slag i verda. Frå 2022 er den store pickupen GM Silverado 1500 produsert her.
Publisert Sist oppdatert

– Ein toll på 25 prosent vil ikkje berre påverke Canada, men også USA og Mexico. Alle fabrikkane våre vil stengje innan ti dagar fordi forsyningskjeda er så tett integrert mellom Canada, USA og Mexico.

Slik laud spådommen frå Jeff Gray, tredjegenerasjons bilarbeidar og president i ei lokal avdeling av fagorganisasjonen Unifor, då eg trefte han på ein parkeringsplass utanfor General Motors’ bilfabrikk i byen Oshawa i den kanadiske provinsen Ontario. Ei dryg veke seinare innførte USAs president Donald Trump 25 prosent toll på alle importerte bilar til USA med verknad frå 3. april. 

Kvar dag sidan har eg sjekka om det framleis rullar pickupar av typen Chevrolet Silverado ut av fabrikken. Då dette nummeret av Dag og Tid gjekk i trykken, var produksjonen framleis i gang. Men det var ikkje tilfellet for alle dei andre bilfabrikkane i provinsen.

Bilprodusenten Stellantis reagerte omgåande på tollen og permitterte fleire tusen tilsette i Canada, USA og Mexico. Omkring 4500 av dei arbeider ved fabrikken i Windsor, drygt 500 kilometer frå Oshawa, der dei monterer fleire typar Chrysler-bilar. Produksjonen er innstilt, førebels i to veker frå 7. april.

Ingen av tollane USA har innført overfor Canada vart endra eller fjerna som følgje av Trumps såkalla tollpause, som vart kunngjort onsdag 9. april.

Motorbyen Oshawa

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement