JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HelseSamfunn

På hjartet laus

Covidstrategien er bygd på at smitten skal gå sin gang. Kostnaden i form av seinfølgjer kjenner ingen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Illustrasjon: Shutterstock / NTB

Illustrasjon: Shutterstock / NTB

12945
20240308

Les også

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

Les også

Overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet.

Overlege Preben Aavitsland i Folkehelseinstituttet.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Ordskifte

Endå meir om seinfølgjer

Les også

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte

Tendensiøs statistikk om senfølger

Les også

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte

Meir om seinfølgjer

Les også

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte

Svar til Preben Aavitsland

Les også

Barnelege og stipendiat Joel Selvakumar er kritisk til fleire artiklar Dag og Tid har publisert om seinfølger av covid-19.

Barnelege og stipendiat Joel Selvakumar er kritisk til fleire artiklar Dag og Tid har publisert om seinfølger av covid-19.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte

Einsidig om seinfølger

Les også

Immunitet etter infeksjon, vaksinasjon eller begge gir godt og varig vern mot alvorleg covid-19 og seinfølgjer.

Immunitet etter infeksjon, vaksinasjon eller begge gir godt og varig vern mot alvorleg covid-19 og seinfølgjer.

Foto: David Goldman / AP / NTB

Ordskifte

Seinfølgjer etter covid-19

Les også

Foto: UiB

HelseSamfunn

Trur fleire vaksinar vil løne seg

Les også

Dagens norske politikk impliserer en befolkning med stadig dårligere helse og kognitiv yteevne, uten å ta i bruk den fulle beskyttende effekt vi kan få fra vaksinene, skriv Gunhild Alvik Nyborg i debattinnlegget.

Store og økende belastninger

Les også

I 2021 fekk storparten av befolkninga covid-19-vaksine. Her set sjukepleiar Åshild Skårland vaksinen i armen til Hilde Arnesen på eit vaksinesenter i  i Oslo. I dag får berre folk i risiko­gruppene tilbod om vaksine. Helsearbeidarar har ikkje noko generelt påbod om munnbind ved pasientkontakt, og dei får ikkje tilbod om vaksine.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

HelseSamfunn

For ein mildare pandemi

Seinfølgjer av covid

Covid-19-infeksjon kan føre til mange ulike seinfølgjer rundt i kroppen

Ei rekkje studiar tyder på at infeksjon kan auke faren for hjarte- og karsjukdom

Hjarte- og karsjukdom er ikkje med i oversikta til FHI over moglege seinfølgjer etter covid-19

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Helse

peranders@dagogtid.no

Fire år etter at pandemien kom til landet, er folkehelsa framleis i ulage. 2023 var det tredje året på rad med såkalla overdødelegheit i Noreg, altså at det døydde fleire menneske enn venta. I fjor var særleg dødstala blant dei under 60 år påfallande, synte ei sak NRK publiserte måndag. Førebelse tal tyder på at det var nesten 800 fleire dødsfall i denne gruppa i fjor enn trenden frå før pandemien skulle tilseie. Totalt var det 43.803 dødsfall i Noreg i fjor, ifølgje Statistisk sentralbyrå. Ein nedgang frå 45.774 i 2022, men likevel godt over det trenden skulle tilseie. Og det er langt over dei 40.611 dødsfalla i Noreg i 2020, året da covid-19 kom til Europa.

Statistikarane som reknar ut kor mange dødsfall ein kan vente i eit år, ser ikkje berre på folketalet, men på demografi og historisk utvikling. I 2021 førte pandemien til at ein trend med stadig lågare dødelegheit vart broten. Det var ikkje rart: Covid-19 tok mange liv blant dei eldste da smitten slapp laus. Men overdødelegheita i yngre aldersklassar i fjor kom uventa på demograf og seniorrådgjevar Anders Sønstebø i SSB.

– Eg såg ingenting i demografien som tilsa at det skulle bli slik i fjor, seier Sønstebø til Dag og Tid.

– Om nokon hadde sagt til meg for eit år sidan at 2023-tala skulle bli slik, ville eg ikkje trudd det. Det er svært vanskeleg å seie kva årsaka kan vere, men det er naturleg å tenkje at det har noko med pandemien å gjere.

Dødstal per 100 000 innbyggarar i gruppene 20-39 og 40-49 år. Frå 2021 snur den fallande trenden. Attgjeve med løyve frå NRK.

Dødstal per 100 000 innbyggarar i gruppene 20-39 og 40-49 år. Frå 2021 snur den fallande trenden. Attgjeve med løyve frå NRK.

Graf: Chi Zhang / NRK

Ingen andre veit kva som ligg bak, heller. Statistikken over dødsårsaker i Noreg i 2023 kjem ikkje før i juni. Men i NRK-saka denne veka peika Richard Aubrey White, statistikar og forskar ved Folkehelseinstituttet (FHI), på etterverknader av covid-19-infeksjon som ei truleg forklaring. Han viste til store studiar frå mellom anna USA som viser auka dødsrisiko i opptil 180 dagar etter infeksjon, også ved mild covid-sjukdom. «Studier viser at covid-19 gir høyere risiko for blant annet hjertesykdom, diabetes, nevrologiske sykdommer, depresjon og til og med selvmordstanker. Jeg tror vi vil se en økning i dødsfall fra flere ulike sykdommer», sa White.

Kanskje kan vi òg få ein peikepinn ved å sjå på litt eldre tal. Også i 2022 var det nemleg overraskingar i statistikken.

Trendbrot

Takk vere nedstenging og smittevern fekk pandemien liten effekt på dei norske dødstala i 2020. Ulikt dei fleste land hadde ikkje Noreg overdødelegheit det året. Dei aller fleste covid-dødsfalla her kom i 2021 og 2022. I 2022 var det 5815 fleire dødsfall enn venta ut frå trenden, ei overdødelegheit på 14,5 prosent.

Men ein studie av Guttorm Raknes ved Dødsårsaksregisteret, publisert i januar i år, synte noko uventa: Covid-dødsfalla utgjorde berre litt over halvparten av overdødelegheita i 2022. Ein stor del av dei ekstra dødsfalla kom frå hjarte- og karsjukdom. I 2022 var det 1870 fleire slike dødsfall enn venta i Noreg, 22 prosent fleire enn prognosen tilsa.

Dette var eit slåande trendbrot. Dødsfall grunna hjarte- og karsjukdom gjekk nedover i Noreg i fleire tiår. Men i 2021, det andre pandemiåret, vende grafen oppover, og auken heldt altså fram i 2022. Også USA, Storbritannia og fleire andre land har sett ein auke i talet på dødsfall frå hjarte- og karsjukdom sidan pandemien byrja.

Mystisk

Om slik sjukdom var årsak til overdødelegheita i Noreg i fjor, veit vi ikkje. Men det var overdødelegheit i Noreg også i 2023, som i dei aller fleste europeiske land, ifølgje statistikk frå EU-kommisjonen. I desember i fjor var til dømes dødstala i EU nesten 10 prosent over desembersnittet frå 2016 til 2019. Og her ligg eit mysterium til: Når ein brutal pandemi som covid-19 har passert toppen, etter å ha teke millionar av liv i verda og fleire tusen i Noreg, kunne ein sjå for seg at det vart underdødelegheit i eit år eller to. Men verken i Noreg eller andre land ser vi ei slik utvikling.

Eit døme er Storbritannia, eit land som vart hardt råka av pandemien alt i 2020. Likevel var overdødelegheita der i 2022 på over 7 prosent, og i første halvår i 2023 var ho på nesten 9 prosent, synte ein studie publisert i The Lancet i desember i fjor. Den største overdødelegheita blant britane i perioden var i aldersgruppa 50-64 år. I denne gruppa var det heile 33 prosent fleire dødsfall av hjarte- og karsjukdom enn venta.

Eit varsko

Og her er altså covid-19 mistenkt. Fleire store studiar tyder på at infeksjon med koronaviruset aukar risikoen for hjarte- og karsjukdomar i etterkant. Den mest kjende forskaren som meiner å ha funne slik samanheng, er truleg Ziyad Al-Aly ved Washington University i USA. Resultata hans tyder på markert auke i risikoen for hjarte- og karsjukdom i opptil eit år etter covid-19-infeksjon, også etter ganske milde forløp. Mange forskarar meiner viruset fører til inflammasjon i kroppen, som i sin tur aukar faren for blodpropp.

I Noreg har Bente Halvorsen, professor i medisin ved Universitetet i Oslo, forska på samanhengen mellom covid og hjartesjukdom. I fjor var ho med på ein studie som synte at folk som hadde vore alvorleg sjuke med covid-19, fekk endringar i kolesterolberande partiklar som kan tyde på auka risiko for hjarte- og karsjukdom månader og år seinare.

– Vi ser indikasjonar på at også mindre alvorlege covid-infeksjonar kan auke risikoen. Og både i Noreg og andre land har vi sett ein auke i kardiovaskulære sjukdomar sidan 2020. Dette er ikkje noko vi bør neglisjere, seier Halvorsen.

– Pandemien har gjort og gjer noko med folkehelsa.

Bente Halvorsen, professor i medisin

– Kva tenkjer du om at kurven over dødsfall av hjarte- og karsjukdom i Noreg vender oppover frå 2021?

– Det er eit varsko, eit teikn på at vi bør vakne. Pandemien har gjort og gjer noko med folkehelsa. Eg trur ikkje dette er tilfeldig variasjon. Det er vanskeleg å bevise årsakssamanhengar, men kanskje har covid-infeksjon ein effekt på folk som alt er i ferd med å utvikle kardiovaskulær sjukdom. Det kan vere risikogrupper vi ikkje veit om.

Diabetes

Også Nina Langeland, professor i infeksjonsmedisin ved Universitetet i Bergen, er klar på at risikoen for andre sjukdomar aukar etter infeksjon med covid-19. «Det øker risikoen for annen sykdom i løpet av det neste året etter covid. Dette gjelder blodpropp i ulike organer, diabetes, demens», skriv Langeland på e-post. Ho viser òg til ein ny studie i The Lancet Infectious Diseases som tyder på at risikoen for blodpropp i lungene, hjerneslag og betennelse i hjartet er klart høgare i opptil to år etter covid-19-infeksjon. Effekten ser òg ut til å vere vesentleg større etter covidinfeksjon enn etter influensa, skriv Langeland.

Men trass i studiane som syner samanfall mellom covid og seinare sjukdomar, er det vanskeleg å slå fast sikre årsakssamanhengar. Det blir ikkje lettare av at dei aller fleste no har hatt covid-19 ein eller fleire gonger. Og det er usikkert korleis mutasjonane til viruset og vaksinestatusen til befolkninga påverkar biletet.

Somme mistenkjer òg koronavaksinen for å vere årsak til auken i hjarte- og karsjukdomar. Og det er dokumentert at somme får alvorlege biverknader av covid-vaksine, mellom anna myokarditt, ein betennelse i hjartemuskelen. Men dei store studiane som er gjorde av dette, som denne, tyder på at risikoen for sjukdom etter covid-infeksjon er svært mykje større enn risikoen som følgjer vaksinen.

Sjukefråvær

Om covid-19 faktisk aukar risikoen for verkeleg alvorleg sjukdom, burde det kanskje få meir merksemd enn i dag? Så langt har det meste av merksemda dreidd seg om andre typar plager. Det er kjent at mange har fått kognitive problem etter overstått infeksjon. Nav har òg funne klar samanheng mellom sjukmelding for covid-19 og seinare sjukmelding for utmatting. (Sjukefråvær for såkalla «trøtthet og slapphet» er dobla sidan 2019.) Ein kan òg lure på om ikkje auken i sjukefråvær for psykiske lidingar – 32 prosent sidan 2020 – har med covid å gjere: Den psykiske diagnosen som auka mest i fjor, inkluderer mellom anna «utbrenthet», opplyser Nav.

I ein leiarartikkel i fjor skreiv tidsskriftet The Lancet om «ei veksande folkehelsekrise»: «Post-akutte følgjer av covid-19 kan ha øydeleggande verknad på helse, velvære og levebrød. Effekten på helsevesen, økonomi og samfunn er òg stor og aukande.»

Ingen bra nok

Folkehelseinstituttet vel på si side å sidestille seinfølgjer frå covid med seinfølgjer frå forkjøling og influensa: «Langvarige og uspesifikke symptomer er tidligere rapportert etter andre infeksjonssykdommer, og det er derfor ikke uventet at en del opplever langvarige symptomer også etter covid-19», heiter det i oversiktsartikkelen «Senfølger etter covid-19 og nyoppstått sykdom etter covid-19» frå desember 2022. Her står det ingenting om den moglege samanhengen mellom covidinfeksjon og hjarte- og karsjukdomar.

I fjor skulle FHI oppdatere kunnskapsoversikta om seinfølgjer av infeksjon med omikron-varianten av viruset. Seniorrådgjevar Jan P.W. Himmels og kollegaene vurderte 6918 studiar. Men utvalskriteria til FHI gjorde at absolutt alle studiane vart forkasta – dei var for dårlege, for kortvarige eller for små. Oversikta til FHI har dermed ikkje med noko av den omfattande forskinga som er gjord på seinfølgjer av covid sidan september 2022.

«Vi kunne ikkje vite at det ikkje ville vere studiar tilgjengelege. Tidlegare i pandemien vart studiar publiserte raskare, så vi gjekk ut frå at det hadde vore nok tid», skriv Jan P.W. Himmels på e-post.

Ingen smittebrems

I offentleg debatt har talspersonar for FHI fleire gonger tona ned faren for alvorlege seinfølgjer etter covid-19. I november i fjor stilte til dømes fagdirektør Preben Aavitsland til debatt med Arne Søraas, leiar for Koronastudien, i Dagsnytt 18. Søraas åtvara om at covid-19 kan føre til alvorleg hjarte- og karsjukdom. Dette vart kategorisk avvist av Aavitsland i debatten: «Det er ikkje sånn at korona gjev deg hjarte-kar-sjukdom etterpå. (…) Det store fleirtalet av dei som forskar og følgjer med på korona, er einige om at du får ikkje hjarte-kar-sjukdom av korona», sa fagdirektøren. (Sjå intervju med Aavitsland i eiga sak.)

«Opprettholdelse av befolkningsimmunitet er avhengig av at viruset sirkulerer i befolkningen.»

FHI-notat, 2023

Risikoen for alvorlege seinfølgjer får heller ikkje merksemd i strategidokumenta frå FHI. I notatet «Epidemier av luftveisinfeksjoner i Norge vinteren 2023-24» frå november i fjor står det berre om handtering av akutt covid og andre luftvegsinfeksjonar. Notatet syner at det ikkje er noko mål å bremse covid-smitten. Tvert om: «Opprettholdelse av befolkningsimmunitet er avhengig av at viruset sirkulerer i befolkningen. Det smitter de fleste av oss med kanskje et halvt til to års mellomrom. Med sterke tiltak kan man utsette tidspunktet for neste infeksjon hos mange, men dermed øker etter hvert andelen av befolkningen uten fersk immunitet. (…) Man bygger opp en immunitetsgjeld og får da – før eller senere – en stor bølge.» For FHI er det altså eit mål at dei fleste blir smitta av covid-19 jamt.

Ukjend risiko

Dette har sin logikk. Men kva om ein legg større vekt på faren for sjukdom i etterkant? «En smittevernstrategi som ikke tar hensyn til senfølger, er ikke levedyktig», sa statistikar og FHI-forskar Richard Aubrey White til NRK denne veka. Arne Søraas, leiar for Koronastudien, har lenge åtvara om at norske styresmakter undervurderer og underkommuniserer seinfølgjene av covidinfeksjon. Også hjarteforskar Bente Evy Halvorsen meiner det er grunn til å ta trusselen alvorleg.

– At infeksjonar om influensa kan auke risikoen for kardiovaskulær sjukdom, veit vi. Men covid-19 er ein ny infeksjon, og vi blir kanskje smitta av han to gonger i året. Influensa får vi kanskje kvart sjuande år. Det i seg sjølv gjer at covid fører med seg større risiko, seier Halvorsen.

Få tek vaksine

Det er uvisst om det er resultat av signala frå styresmaktene, vaksinefrykt eller noko anna, men vaksinetala denne vinteren tyder på at folk i Noreg ikkje er særleg urolege for koronaviruset lenger. Sidan 1. september i fjor har berre 12 prosent av befolkninga teke ein oppfriskingsdose med vaksine.

Meir forbløffande er det at berre 45 prosent av alle som er definerte i gruppa «høg risiko» på grunn av helsetilstanden sin, og som difor er tilrådde å ta ny dose, har valt å følgje rådet sidan i haust. Av folk mellom 18 og 64 år i høgrisikogruppa har berre 19 prosent teke ein oppfriskingsdose sidan 1. september, syner tal frå FHI.

Les i tillegg desse sakene:

Med smitte skal landet vernast (Intervju med Preben Aavitsland, FHI)

Eit spørsmål om frekvens (Intervju med Espen Rostrup Nakstad, Helsedirektoratet)

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dei som meinte at Viktor Orbán ville skape bråk i EU i tida med ungarsk formannskap, har fått rett. Her helsar han på Frankrikes president Emmanuel Macron under eit EU-toppmøte i 2023.

Dei som meinte at Viktor Orbán ville skape bråk i EU i tida med ungarsk formannskap, har fått rett. Her helsar han på Frankrikes president Emmanuel Macron under eit EU-toppmøte i 2023.

Foto: Omar Havana / AP

Samfunn

Bråkmakar øvst ved bordet

Den største urokråka internt i EU har overteke formannskapen i EUs ministerråd. Mest påverknad framover kan Viktor Orbán kome til å ha i Europaparlamentet.

Eva Aalberg Undheim

Foto: AP / NTB

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Springsteens «før og etter»

Det går an å skrive ei heil bok om Born in the U.S.A., i alle fall om forfattaren heiter Steven Hyden.

I 2018 var det varmerekordar fleire stader i landet.

I 2018 var det varmerekordar fleire stader i landet.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
ØyvindNordli

«Det er absurd at dei fremste klimaforskarane i Noreg skulle bli samde om å lure resten av folket til å tru noko som ikkje er sant.»

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis