Kjernevåpena som vart laga for å brukast
Taktiske atomvåpen vart skapte fordi dei store atomvåpena var så effektive at dei var ubrukelege.
Den russiske raketten Iskander-M har alt blitt brukt i krigen mot Ukraina med konvensjonelt sprengstoff. Denne typen rakettar kan òg utstyrast med atomstridshovud.
Foto: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia.org
Heilt sidan invasjonen av Ukraina tok til i februar, har president Vladimir Putin truga med at han kan kome til å bruke atomvåpen. Desse truslane har no fått fornya styrke. Dels fordi dei russiske styrkane har blitt drivne attende i haust, dels fordi Russland er i ferd med å annektere okkuperte område i Ukraina.
Det siste inneber at krigføring i desse områda kan definerast som åtak på russisk territorium. Og den russiske atomvåpendoktrinen seier at Russland kan ta i bruk atomvåpen for å forsvare seg også om landet er under åtak med konvensjonelle våpen, dersom åtaket utgjer ein eksistensiell trussel – eit omgrep som er ope for tolking.
I det vestlege ordskiftet blir det oftast teke for gjeve at det er dei såkalla taktiske atomvåpena Putin trugar med å bruke, ikkje dei store atomrakettane som kan utslette heile byar. I så fall er det verdt å finne ut kva slag våpen det er snakk om. Kva er eigentleg dei taktiske atomvåpena, kor stor skade kan dei gjere, og korleis kan dei brukast?
Ulike mål
Det finst ingen eksakt definisjon av eit taktisk atomvåpen. Det som skil dei frå strategiske atomvåpen, er først og fremst føremålet: Medan dei strategiske våpena er laga for å råke på lang avstand og skape enorme øydeleggingar langt inne på fiendens territorium, kan dei taktiske atomvåpena nyttast til å råke fiendtlege styrkar eller militære installasjonar ute i felten.
Naturleg nok er dei taktiske atomvåpena jamt over mindre enn dei strategiske. Medan strategiske atomvåpen kan ha ei sprengkraft på opptil 1000 kilotonn, det same som ein million tonn TNT, kan dei taktiske atomvåpena vere frå under eitt til over 100 kilotonn. Også dei største av dei taktiske våpena har altså ei kolossal øydeleggingskraft: Bomba som la Hiroshima i grus i 1945, var til samanlikning på 15 kilotonn. Biletet blir dessutan komplisert av at sprengkrafta til mange nyare atomvåpen kan justerast opp eller ned, avhengig av kva mål dei skal brukast mot.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.