JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Arne Garborg, pengane og livet

Det er hundre år sidan Arne Garborg døydde. Tendensen er at ein gløymer den kvasse, ja, nesten rabiate debattanten og i staden hugsar han som den aldrande vismannen.

Illustrasjon: May Linn Clement

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6304
20240119
6304
20240119

Då Arne Garborg døydde, hadde han posisjonen som den største diktaren i nynorskleiren, og han hadde fått ei pengegåve på 100.000 kroner frå det (ny)norske folket, som ei slags trøyst for at han ikkje fekk Nobelprisen i litteratur i 1920. Prisen gjekk til Hamsun i staden, med fire røysters overvekt, ifylgje Graborgsenteret.

Og sjølv om han livet ut snakka svært varsamt om eigen innsats, hadde hadde skrive den beste romanen (Fred), den beste diktsamlinga (Haugtussa) og det beste essayet («Hanna Winsnes Kogebog») på 1800-talet. Ibsen skreiv nok betre skodespel, men Læraren var det første store nynorske dramaet, og det blir framleis framført.

Det store hamskiftet

Men kan han lesast i dag? Garborg var avgjort ein dagens og aktualitetens mann. Hans første og siste sjanger var avisartikkelen, som han debuterte med som tenåring og avslutta med nokre veker før han døydde. Bøkene hans står i gårsdagens strid, men kor står dei i dag?

Generelt er tendensen at ein gløymer den kvasse, ja, nesten rabiate debattanten og i staden hugsar han som den aldrande vismannen, i asketiske, grå klede som i dag minner mest om ein Mao-dress. Ein tekst som illustrerer denne problematikken, er det vesle prosadiktet «Um pengar». For pengar kan ein få alt, blir det sagt. Men Garborg protesterer:

«Ein kann kjøpa seg

mat, men ikkje mathug,

dropar, men ikkje helsa,

mjuke senger, men ikkje svevn,

lærdom, men ikkje vit,

stas, men ikkje venleik,

glans, men ikkje hygge,

moro, men ikkje gleda,

kameratar, men ikkje venskap,

tenarar, men ikkje truskap,

gråe hår, men ikkje æra,

rolege dagar, men ikkje fred.

Skalet av alle ting kann ein få for pengar. Men ikkje kjernen; den er ikkje for pengar fal.»

Det er slikt ein aldrande filosof kan seia.

Men les ein skriftene til Garborg litt nøyare, er det slett ikkje snakk om gode råd for eit hyggeleg liv. Heile livet jakta Garborg på ein måte å organisera samfunn på som tok vare på det beste i det eldre samfunnet og førte det over i ei ny tid. Han var fødd midt i det såkalla store hamskiftet, der landbruket vart omgjort frå naturalhushald til pengehushald, og der bøndene brått vart kasta inn i ei verd av konkursar, fiendtlege oppkjøp og mogleg maktmisbruk frå dei store.

Ei søkjande sjel

Garborg var ei uroleg, søkjande sjel og leita høgt og lågt etter svar på dei brennande spørsmåla han arbeidde med – både religiøst og politisk.

Og mot slutten av livet konkluderte han. Religiøst ved at han nytolka kristendommen frå ein frelsesreligion til ein politisk etikk. Jesus var ikkje Gud, men lærte oss om Gud, og læra hans var at Gudsriket vil oppstå om vi gjer det gode. Dette er ikkje heilt ulikt delar av den liberale teologien kring hundreårsskiftet, det er også element i Helge Hognestads teologi som kan minna om dette.

Men Garborg fann seg også ein politisk teori som han kunne leva med. Den fann han hos den amerikanske økonomen Henry George, som hadde opplevd gullrushet i USA i sin ungdom. Garborg ville kombinera inspirasjonen frå tradisjonssamfunnet med ein tenkjar frå det hypermoderne USA.

Problemstillinga til George var denne: Korleis har det seg at auka velstand ser ut til å skapa auka skilnader mellom folk? Då California gjekk frå ein relativt fattig stat til enorm rikdom gjennom gullfunna, var skilnadene større enn nokon gong. Rikdommen fordelte seg ikkje jamt.

Svaret George hadde på dette, var at ein måtte avgrensa eigedomsretten. Folk skal få tena og bli rike, men det finst visse fellesgode som ingen skal eiga. Ikkje berre vatn og luft, men sjølve retten til å eiga jorda. Ho er nemleg eit felles gode og må delast ut på ny med jamne mellomrom.

Denne ideen har stundom blitt samanlikna med tanken om jubelåret i Mosebøkene, då velstanden skal fordelast likt til alle – kvart femtiande år.

Georgianismen lever framleis og har sine små selskap her og der. Han har aldri blitt ei stor rørsle, som marxismen eller liberalismen. Men problemet georgianismen tek opp, er jo meir aktuelt enn nokon gong.

Akkumulert rikdom

Den krisa vi ser i det amerikanske demokratiet no, heng saman med den eksplosive veksten i rikdom for dei få og aukande fattigdom hos store grupper. Politisk deltaking, tilgang til helsegode og så vidare er reservert for den rike minoriteten. Ingen kan stilla til val utan store økonomiske midlar.

Men problemet med akkumulert rikdom viser seg mange stader. Vi ser no ei aukande erkjenning av at naturgoda blir øydelagde i ein fart og ein skala som trugar oss alle. I denne prosessen ser vi det same: Det er enorm konsentrasjon av rikdom hos oljeindustri, oppdrettsnæring, turistindustri, transport med meir som gjer at naturinteressene, og dermed livsinteressene til alle, må vika. Det er ei krise som ikkje kan løysast berre med pengar, for ho er skapt av pengar.

Då Garborg gjekk gjennom Det nye testamentet og strauk det han meinte var seinare tilføyingar, heldt han fast på konflikten mellom Gud og Mammon. Dei står i eit absolutt fiendskap. Difor blir dei moderne rikdomsteologiane ein bisarr illustrasjon på Garborgs gamle poeng.

Klassereisa

Og i eit av dei mest lesne verka hans, nemleg Bondestudentar, lurer pengemakta i bakgrunnen. Daniel Braut sel sin identitet og sitt sanne opphav, livssyn og politikk etter kva som løner seg, og dukkar opp att i Læraren som ein sleip representant for statsmakta.

Arne Garborg skreiv om klassereisa hundre år før Pierre Bourdieu skapte omgrepet, og boka hans får eit litterært framhald i diasporalitteraturen, til dømes i Zeshan Shakars Tante Ulrikkes vei. På ei side handlar det om truskap mot eige opphav, på den andre sida om press frå pengar og makt.

Garborg er på ingen måte antikk. Han er kvass, prinsipiell og kjempar innbite mot pengemakt og for eit menneskevennleg samfunn.

Den største illusjonen i dagens ideologi er at full liberalitet for pengemakta fører til liberale rettar og gode for alle. Dette gjennomskoda Garborg og George for meir enn hundre år sidan, og ingen har seinare løyst det problemet dei peika på.

Les Garborg. Start gjerne med essayet «Hanna Winsnes Kogebog».

Jan Inge Sørbø er professor ved Høgskulen i Volda og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

kr 99 for dei fyrste to månadene.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis