JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

LandbrukSamfunn

Matmål utan jording

Noreg skal auke sjølvforsyningsgraden av jordbruksmatvarer frå 40 til 50 prosent, samstundes som klimagassutsleppa skal kuttast og natur skal vernast. Ingen reknestykke syner at det er mogleg, ifølgje landbruksforskarar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vi produserer under 50 prosent av kornet vi brukar i dag, og må auke kornproduksjonen for å verte meir sjølvforsynte, meiner regjeringa, her representert ved finansminister Trygve Slagsvold Vedum og landbruks- og matminister Geir Pollestad. Men kornarealet i Noreg er avgrensa.

Vi produserer under 50 prosent av kornet vi brukar i dag, og må auke kornproduksjonen for å verte meir sjølvforsynte, meiner regjeringa, her representert ved finansminister Trygve Slagsvold Vedum og landbruks- og matminister Geir Pollestad. Men kornarealet i Noreg er avgrensa.

Foto: Emilie Holtet / NTB

Vi produserer under 50 prosent av kornet vi brukar i dag, og må auke kornproduksjonen for å verte meir sjølvforsynte, meiner regjeringa, her representert ved finansminister Trygve Slagsvold Vedum og landbruks- og matminister Geir Pollestad. Men kornarealet i Noreg er avgrensa.

Vi produserer under 50 prosent av kornet vi brukar i dag, og må auke kornproduksjonen for å verte meir sjølvforsynte, meiner regjeringa, her representert ved finansminister Trygve Slagsvold Vedum og landbruks- og matminister Geir Pollestad. Men kornarealet i Noreg er avgrensa.

Foto: Emilie Holtet / NTB

13689
20240405
13689
20240405

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Matproduksjon

eva@dagogtid.no

«Det kommer til å være det mest offensive jordbrukspolitiske dokumentet som er lagt fram på lang tid», sa landbruksminister Geir Pollestad til Nationen før han 8. mars la fram stortingsmeldinga med tittelen Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket.

Sidan har regjeringa fått mykje kritikk for korleis bondeinntekta vert rekna ut i opptrappingsplanen, kva kapitalgodtgjersle bøndene skal få, og kor mange arbeidstimar det er lagt til grunn at eit bondeårsverk har. Både bondeorganisasjonane – Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag – og opposisjonspartia ønskjer å gjere endringar i tala når stortingsmeldinga no vert handsama i Stortinget.

Langt mindre debatt har det vore rundt strategien for korleis sjølvforsyningsgraden av norske jordbruksmatvarer skal aukast opp mot 50 prosent. Og det sjølv om dette kjem til å verte krevjande å realisere – også med ei inntektsopptrapping som både bønder og opposisjon ser seg tente med.

40 prosent sjølvforsynte

Sjølve ambisjonen er ikkje ny. At regjeringa ville setje mål om ein sjølvforsyningsgrad av norske jordbruksmatvarer på 50 prosent, vart varsla gjennom Hurdalsplattforma frå 2021.

Og det er eit ambisiøst mål, i alle fall til Noreg å vere. For når vi ser vekk frå fisk og sjømat, og trekkjer frå råvarene til dyrefôret som er importert, var 39 prosent av matvareforbruket vårt i fjor produsert i norsk jordbruk. Det er 1 prosenteining mindre enn i 2021 og 2022 og 2 prosenteiningar mindre enn i 2009, ifølgje tal frå Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio). Ja, sjølvforsyningsgraden av norske jordbruksmatvarer korrigert for import av fôrråvarer har lege på like under eller like over 40 prosent tilbake til 1999.

Og medan dei fleste andre europeiske land, og EU samla, over tid har hatt langt høgare sjølvforsyningsgrad enn Noreg, har fleire tidlegare norske regjeringar hatt mål om at sjølvforsyningsgraden kan haldast oppe «om lag på dagens nivå», som Stoltenberg-regjeringa skreiv i 2011.

Men lèt det seg gjere å auke til 50 prosent?

Vel, skal vi dømme etter meldinga Stortinget skal handsame, er det ikkje sikkert regjeringa sjølv eingong trur på det. Der står det nemleg at meldinga handlar om «korleis sjølvforsyningsgraden skal kunne aukast frå dagens nivå og opp mot 50 pst» (vår utheving). Dessutan er det ikkje sett nokon tidsfrist for når målet skal vere nådd, noko Sps eigen stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen har kalla ei «unnlatelsessynd».

It seems that you don't have a PDF plugin for this browser. Click here to download the PDF file.

– Greitt nok som mål

Og sjølv om regjeringa skulle setje alt inn på å nå målet, er det ikkje sikkert det lèt seg gjere, skal vi tru landbruksforskarar Dag og Tid har snakka med.

– Får ein til å auke den norske matkornproduksjonen, kan sjølvforsyningsgraden kome eit godt stykke opp på 40-talet, men om det går an å nå 50 prosent, veit eg rett og slett ikkje, seier Harald Volden, som er professor i ernæring og fysiologi ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) og forskar for Tine.

­– Eg har til gode å sjå at nokon klarer å rekne seg fram til at ei sjølvforsyning på 50 prosent er mogleg. Går ein i djupna og ser kva produksjon, areal og vêrforhold vi har, er det svært vanskeleg å nå. Det er greitt nok som mål, men det er eigentleg ingen som har sagt at det er praktisk mogleg, seier Anne Kjersti Bakken, som er seniorforskar ved Norsk institutt for bioøkonomi.

Bakken står, saman med forskaren Klaus Mittenzwei ved Ruralis – Institutt for rural- og regionalforskning, bak ein rapport om produksjonspotensialet i jordbruket og nasjonal sjølvforsyning med mat, ein rapport som vart laga i fjor på oppdrag frå Klimautvalet 2050. Rapporten vert referert i stortingsmeldinga frå regjeringa og syner at Noreg, ved å bruke alle arealressursar til eit plantebasert kosthald, kunne produsere nok energi, protein og feitt til eiga befolkning i 2050. Føresetnadene er at ein kan rekne med maksimalavlingar av korn, olje- og belgvekstar kvart år, og at alt av areal som kan brukast til åker- og hagebruksvekstar, vert nytta.

Bakken understrekar at scenarioet fyrst og fremst er teoretisk, ikkje realistisk, og at det berre er vurdert ut frå agroklimatiske forhold – utan å ta omsyn til økonomi, i kva grad all jorda eignar seg til drift med moderne maskinar, eller i kva grad folk kunne tenkje seg å ete det som då vart produsert.

Ho meiner forbruksmønsteret er største bøygen for å kunne auke sjølvforsyninga til 50 prosent.

– Om ikkje folk endrar kosthaldet, er målet vanskeleg å nå. Då tenkjer eg ikkje berre på at vi må ete meir korn og grønt. Det vi vel å ete av korn og grønt, må òg vere produsert i Noreg. I dag vil jo folk ha pasta produsert av kveiteslag vi ikkje kan dyrke her, og dei vil ha ris og eksotiske frukter og bær året rundt, seier ho.

– Om ikkje folk endrar kosthaldet sitt, er målet vanskeleg å nå.

Anne Kjersti Bakken, senior­forskar ved Nibio

47,8 prosent på det beste

Andre forskarar frå Nibio og forskarar frå AgriAnalyse har òg vurdert potensialet for å auke norsk sjølvforsyning. I rapporten Norsk selvforsyning av matvarer – status og potensial, som kom i fjor, syner dei til at det er mest å hente på å auke produksjonen av norsk matkorn, poteter, frukt og grønsaker, og å auke prosentdelen norske råvarer i kraftfôret.

Den norske sjølvforsyningsgraden av matkorn og grønsaker er i dag på om lag 50 prosent, og nede på 5 prosent for frukt og bær. Når det gjeld råvarene i kraftfôret, er nær halvparten importerte.

Enkelt vert det derimot ikkje, påpeikar Christian Anton Smedshaug, som er fyrsteamanuensis ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og dagleg leiar i AgriAnalyse. Han syner til at det er rekna på kva sjølvforsyningsgraden ville vore om dei beste produksjons- og avlingsåra for alle matvaregrupper frå 1999 og fram til 2021 slo til samstundes, og at det sjølv då ville vore eit stykke att for å nå 50 prosent: Forskarane kom til ein mogleg sjølvforsyningsgrad – korrigert for import av fôrråvarer – på 47,8 prosent.

– Det er ingen lågthengande frukter her. Matproduksjonen i Noreg er alt relativt godt tilpassa både produksjonsforhold og marknad. Vi kunne ønskt ein annan marknad med større etterspurnad etter villfisk, poteter, rotgrønsaker og mjølk, men det er jo der salet har falle mest dei siste åra, og det må vi ha i botnen her, seier han.

Større kornproduksjon

Mjølkeprodukt, egg, kjøt og poteter er jordbruksprodukta Noreg er mest sjølvforsynt med i dag. Samstundes står det samla forbruket av desse produkta – både norskprodusert og import – for under 40 prosent av det totale matvareforbruket vårt, målt i energi. Det syner tal frå Nibio frå i fjor.

Skulle det gå å auke sjølvforsyningsgraden av yoghurt frå 89 prosent til 100 prosent, til dømes, utgjer yoghurt likevel ikkje meir enn 1–2 prosent av matforbruket vårt, målt i energi. Likeins vil det ikkje gje store utslag om sjølvforsyningsgraden av poteter, som i dag er på 83 prosent, vert auka, i og med at poteter ikkje står for meir enn 3,9 prosent av samla energiforbruk i dag.

Korn, derimot, som vi i toppåret 2022 var 45 prosent sjølvforsynte med, står for over ein fjerdedel av samla energiforbruk, så der kan det ha stor effekt på sjølvforsyningsgraden å auke produksjonen.

Ifølgje regjeringa er det å auke produksjonen av matkorn, som i hovudsak vil seie kveite, såleis sjølve nøkkelen til å auke sjølvforsyningsgraden.

Strategien for å auke sjølvforsyninga går elles ut på å betre og auke produksjonen av planteprodukt generelt – også frukt, grønsaker og bær, og olje- og belgvekstar brukte til fôr. I tillegg meir bruk av beiteressursar og gras til dyra – framfor å fôre med kraftfôr, og å auke den norskproduserte delen av dyrefôret.

Samstundes seier strategien at vi må halde oppe den høge sjølvforsyninga av dei produkta vi alt har høg sjølvforsyning av, som kjøt, egg og mjølkeprodukt, og at vi bør vri forbruket og ete meir av energirike plantevekstar som kan produserast i Noreg. 

Manglar

Bakken, Volden og Smedshaug støttar strategien, men påpeikar samstundes at mykje er avhengig av faktorar politikarane i liten grad rår over – som forbrukartrendar og vêret.

– Hadde vi alltid hatt kornår som i 2022, kunne sjølvforsyningsgraden alt vore på 45 prosent eller meir, men kontrasten mellom kornavlinga i 2022 og i 2023 kunne ikkje vore større. 2023 er det dårlegaste kornåret i moderne tid, seier Smedshaug.

Han etterlyser òg tydelegare svar på korleis planteproduksjonen skal aukast – og korleis avlingsnivåa skal optimaliserast.

– Regjeringa burde tenkt på å auke støtta knytt til kornareala endå meir, kanskje hatt tilskot til presisjonsgjødsling, lagt opp til meir investering på gardane og betre tørke og silokapasitet, slik at kornet kunne haustast på gunstigaste tidspunkt, og gjeve meir støtte til mindre bruk for å sikre at alt av produksjonsareal vert halde oppe. Ja, i det heile meir vekt på korleis ein kan styrkje og auke kornproduksjonen, seier han.

Volden saknar på si side både ein strategi og andre verkemiddel for korleis arealgrunnlaget skal utnyttast best mogleg, og særleg korleis grasarealet skal haldast oppe og utnyttast betre.

– Jordvernsituasjonen i sentrale strøk er éin ting her, i tillegg må vi utnytte grovfôrareala i distrikta betre. I dag ser vi at grovfôrproduksjonen i mange område vert ekstensivert når husdyrproduksjon i distrikta vert lagd ned, seier han.

Han syner òg til forslaget til nye kosthaldsråd, som legg opp til ein nedgang i energiinntaket av raudt kjøt og mjølk – og at dette er ein energi som må erstattast av korn, frukt og grønsaker.

Avgrensingar

Landbruksforskarane peikar òg på faglege motsetnader og målkonfliktar i strategien for auka sjølvforsyning.

Bakken syner til at arealet som eignar seg til å produsere korn på i Noreg, er lite, og det vert stadig mindre – i dag er det også under 3 millionar dekar som faktisk vert brukt til å produsere korn på. Skal vi auke sjølvforsyningsgraden av matkorn opp til 90 prosent, som regjeringa held fram som mogleg, kan det, ifølgje Bakken, gå ut over produksjonen av bygg, havre og kveite til fôr.  

Volden held fram at den same problemstillinga gjeld for produksjon av olje- og belgvekstar.

­– Skal vi produsere meir proteinvekstar, som åkerbønner og erter, vil det gå ut over kveiteareala til matkornproduksjon. Difor er det avgrensa kor mykje proteinvekstar vi kan dyrke, seier han.

Produksjon av meir oljevekstar vil i tillegg innebere sterkare gjødsling, som igjen vil kunne skape utfordringar når det gjeld klimagassutslepp og lystgass, legg han til.

– Går ikkje saman

Målet om å halde oppe den høge sjølvforsyninga av kjøt, egg og mjølkeprodukt, som regjeringa legg opp til, kan òg ha innverknad klimagassutsleppa framover – i og med at befolkninga aukar. Og her er vi ved ei anna problemstilling.

Noreg har teke mål av seg til å redusere klimagassutsleppa med 90–95 prosent innan 2050, jamført med 1990-nivået, og landbruket har på si side forplikta seg til å kutte klimagassutslepp og auke opptaket av karbon tilsvarande fem millionar CO2-ekvivalentar innan 2030.

I ein statusrapport over sistnemnde, lagd fram i februar, går det fram at størstedelen av kutta står att. «Gitt at utslippene utvikler seg i tråd med framskrivingene, vil utslippene i jordbrukssektoren være redusert med omtrent en halv million tonn CO2-ekvivalenter i løpet av avtaleperioden», heiter det i rapporten.

Bakken trur ikkje strategien for å auke sjølvforsyninga går saman med måla om utsleppskutt.

– Nei, det går nok ikkje, men det har mykje å seie kva utrekningsgrunnlag ein legg til grunn her. No vert det testa ut metanhemmarar i fôret til drøvtyggjarar, og mange festar lit til at jordbruket skal sleppe litt lettare unna dersom FNs klimapanel går over til ei anna vekting av metan enn i dag. Enkelte håpar òg på at vi skal kunne få til meir karbonbinding i jorda, og få det godskrive, seier ho.

Volden ser òg konfliktar.  

– Fyrst trur eg vi må verte samde om kva målkonfliktar vi står overfor her, og så må vi sjå om det er mogleg å oppnå både klimakutt og auka sjølvforsyning, seier han.

– For mange mål

Målkonfliktar kan det òg verte når det gjeld arealbruken.

Noreg har som kjent underteikna ein naturavtale som seier at minst 30 prosent av landareala på jorda – særleg dei som er viktige for naturmangfaldet – skal vernast eller takast vare på på andre måtar, at minst 30 prosent av øydelagde naturområde skal restaurerast, og at subsidiar som er til skade for biologisk mangfald, skal kartleggjast og reduserast – og alt dette innan 2030.

Smedshaug syner til at EU-kommisjonen alt har gått tilbake på eit mål om at 4 prosent av jordbruksarealet skal tilbakeførast til naturområde, og at målet kan verte permanent utsett. I tillegg har dei gått tilbake på at landbruket i EU skal redusere CO2-utsleppa med minst 30 prosent innan 2040, legg han til.

– Det er mange ulike mål og kryssande omsyn her, og kva som må vike til slutt, er nok ulikt frå land til land. Men ein må gjere nokre val. Det er sett for mange mål, seier Smedshaug.

Korleis avvegingane vil sjå ut for Noregs del, og kva for mål som eventuelt må vike, står att å sjå. I fyrste omgang må partia på Stortinget bli samde om overordna Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket. Det skal etter planen gjerast i løpet av dei to neste vekene, før jordbruksoppgjeret kjem i gang, og det er ikkje gjeve at det heller vert så lett.  

Fleire artiklar

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen
Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk
I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis