Politikk
Landet som snudde kappa mot straumen
Det er Noreg som har ønskt og pressa på for den europeiske energimarknaden som no byr på utfordringar, seier seniorforskar Per Ove Eikeland ved Fridtjof Nansens Institutt.
Det felles europeiske energiregelverket byr på stadig større utfordringar politisk i Noreg. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Det er framleis ein del som skurrar i saka som leidde til regjeringsbrot mellom Ap og Sp.
Kvifor sa Sp-politikarane, som går for å vere pragmatiske forhandlarar, frå seg makt og høve til å vere med på å leggje fram ei reell ny straumstøtteordning for i staden å markere motstand mot tre EU-direktiv som dei fleste ser på som uproblematiske for Noreg? Og kvifor vil Ap-politikarane berre innføre tre av dei åtte direktiva og forordningane i EUs fjerde energimarknadspakke, dersom dei meiner det hastar å få harmonisert norsk og europeisk energilovverk?
Det som likevel er klart, er at det felles europeiske energiregelverket byr på stadig større utfordringar politisk i Noreg. Og det er det det skal handle om her.
Den førre og tredje lovpakken i EUs arbeid med å samordne energipolitikken i Europa var det Aps stortingsgruppe som i 2018 sikra Solberg-regjeringa fleirtal for å ta inn i norsk lovverk gjennom EØS-avtalen. Men det var med eit naudskrik det gjekk, og etter mykje om og men i eige parti.
Nokre av dei fem resterande direktiva og forordningane i lovpakken det no er snakk om, er etter alt å døme også vanskelege for Ap. Og dei har også Frp no markert motstand mot. Om det vert politisk fleirtal for å innføre heile denne lovpakken, står att å sjå.
Vi står dimed overfor ein nokså annan situasjon enn då energisamarbeidet i EU starta, fortel seniorforskar Per Ove Eikeland ved Fridtjof Nansens Institutt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.