Ski-VM

– Langrenn har seriøse problem


  

Dronebilete av Granåsen skisenter.

Det er mange kokkar som skal til for å levere ein folkefest i Granåsen, og blant dei er mellom anna VM-komiteen, FIS, Trondheim kommune, Sør-Trøndelag Skikrets og Norges Skiforbund, og så er det sjefkokkane i Infront. 

I november 2021 var dåverande visedirektør for selskapet i Trondheim for å inspisere anlegget i Granåsen. Den tidlegare alpinisten Stefan Krauss sette av femten minutt til intervju, og journalist i Adresseavisen Anne-Marit Dahl var straks frampå.

— Nordmenn elskar langrenn, men korleis vil du beskrive langrenn som produkt for marknaden i Sentral-Europa? 

— Dette vil bli eit langt svar, innleidde Krauss.

— Eg meiner langrenn har nokre seriøse problem, spesielt i den tyske marknaden og i Sentral-Europa. Konkurranseprogrammet gjennom verdscupsesongen er fylt med for mange disiplinar, og det er ustrukturert frå start til slutt slik at det berre er den lidenskapelege fansen som forstår kva som skjer. For ein som sit føre TV-skjermen ein stad i Alpane, og som vil bli underhalden som sportsfan, så er det fråvær av underhaldning.

I utgangspunktet er billettinntekter det einaste VM-selskapet kan tene pengar på. Alle andre rettar er det FIS som eig og kontrollerer, og desse rettane blir forvalta av Infront. Kva desse rettane inneber, er uklart, men i desember 2022 sa konstituert VM-direktør Kristin Mürer til Adresseavisen:

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement