Ski-VM I Hallgeir Opedal
Siste dobbeldans?
Om to veker startar VM på ski i Trondheim. Kan det vere den siste store nasjonale skifesten på norsk snø?
![Ski-VM 2011 i Holmenkollen i Oslo blei ein folkefest med Petter Northug i fokus. Om fjorten dagar blir det fest i Granåsen, men kva skjer etter det? Nokre spår ein blåmåndag for norsk skisport. Foto: Kyrre Lien / NTB](https://image.dagogtid.no/623291.webp?imageId=623291&x=0.00&y=14.12&cropw=100.00&croph=85.88&width=960&height=548&format=jpg)
I førre veke kom det fram at den førebels rekninga for folkefesten i Granåsen kjem til å koste Trondheim kommune 1,237 milliardar kroner. Alle var einige om at det var mykje, inkludert kommunens finansbyråd Kjetil Reinskou. Det er jo han som til slutt må ta rekninga på vegner av bytrønderane.
Reinskou forsvara pengebruken så godt han kunne. Då avtalar blei inngått i 2019, sa han, hadde kommunen større skatteinntekter. Ja, heile den norske økonomien gjekk så mykje betre. Fire år seinare hadde Trondheim kommune eit underskot på 137 millionar kroner. Det var jammer, elende og kutt, og så kom denne rekninga frå Granåsen. Men som Reinskou sa til NRK og andre som ville høyre:
– Over 1,1 milliardar er investeringar som er gjorde i eit kvardagsanlegg i Granåsen, og som kjem barn og unge og friluftsliv til gode.
Kvardagsanlegg? Ja, han om det. I utgangspunktet var Ski-VM budsjettert med eit overskot på 20 millionar, men dei millionane kan ein truleg sjå langt etter. Kven er det då som tener pengar på Ski-VM? Det er blant anna nokre kinesiske investorar med kontor i Sveits.
Monopoltider
– Dette kan bli katastrofalt for Ski-Noreg.
Ole Einar Bjørndalen til VG
Lat oss gå tilbake i tid. Like før fellesferien starta i 2010, var det jubel i sportsredaksjonen til NRK på Marienlyst. Rikskringkastaren hadde lagt 60 millionar kroner på bordet for å sikre seg rettane til all skiidrett dei komande seks åra.
Det var ein stor slump lisenspengar, men ei trygg investering for nordmenn som elskar å sjå folk som går på ski på fjernsyn. Dessutan skulle Oslo snart arrangere VM på ski, og det var soleklart at ein Petter Northug i toppslag og ei heiltend Marit Bjørgen i duell mot oppkomlingen Therese Johaug frå Dalsbygda måtte sendast på NRK.
— Det er godt å bli ferdig med avtala, sa skipresident Sverre Seeberg til Dagbladet, og la til at det var «veldig viktig at nasjonalidretten vår går på nasjonalkanalen».
Avtalen, som blei signert på Ullevål stadion, gjekk ut på at Norges Skiforbund hadde selt rettane til alle verdscuprenn som skulle arrangerast i Noreg. I tillegg, kom det fram, hadde NRK kjøpt rettane til alle andre verdscuprenn frå selskapet Infront.
Og kven er så det? Infront Sports & Media har i dag hovudkvarter i den sveitsiske byen Zug, og derifrå kjøper og sel dei TV-rettar til idrettsarrangement. Selskapet som blei etablert i 2002, har i dag over 1000 tilsette i 17 land og er djupt inne i ski, handball, skiskyting, sykling, basketball og fotball, for å nemne noko.
Toppsjefen heiter Phillipe Blatter og er nevø av tidlegare Fifa-president Sepp Blatter. Det er ikkje uvesentleg å nemne, for det var med fotball dei begynte.
I 2015 blei Infront kjøpt opp av det det kinesiske konglomeratet Dalian Wanda Group for over ein milliard euro. Og kva driv så dei med? Ja, kva driv dei ikkje med. Dei er store innan eigedom, kinodrift, underhaldning, medium, finansielle tenester, detaljhandel, helsevesen og altså – sport.
Infront sit på mange sider av bordet, og ved sida av å forvalte TV-rettar inngår dei sponsoravtalar, sel reklameplass og fyller VIP-tribunar. Og dei er heilt sentrale når trønderane inviterer til fest i Granåsen.
Hurra for Noreg
Sett med norske auge blei VM i Oslo i 2011 ein suksess. Noreg tok 20 av 63 medaljar, og mange hugsar enno korleis Petter Northug leika seg med konkurrentane. Han tok til saman fem medaljar, det same som Marit Bjørgen.
Var det etter dette at utlendingane i Mellom-Europa mista interessa for langrenn? Her heime var interessa himmelhøg, noko sjåartala til Infront synte. Særskilt vekte NRK-tala oppsikt i Sveits, og etter 2011 fortsette tala å stige.
— Under Tour de Ski var snittet på 77 prosent. Dette er 10 prosent høgre enn i VM-året 2011. Dette er fantastiske tal, sa Øistein Lunde i Norges Skiforbund i 2015.
Men internasjonalt var altså interessa for langrenn fallande, noko også tala til Infront synte. Det var vanskelegare å selje langrenn til utanlandske kanalar. For kvart verdscuprenn i hopp som Norges Skiforbund arrangerte, fekk dei i 2014 drygt 1,3 millionar av Infront. For TV-rettane til langrenn fekk dei ikkje meir enn 475.000 kroner.
— At hopp er prisa så mykje høgre enn langrenn, har å gjere med tilbod og etterspurnad, sa Walter Hofer, renndirektør i FIS.
I Tyskland, der det bur rundt 80 millionar menneske, var hopp populært, det same i Polen og Austerrike. Kvifor var langrenn så lågt prisa? Sannsynlegvis fordi tyskarar og austerrikarar var leie av å sjå nordmenn vinne. Rett nok hadde Sveits den sterke Dario Cologna, og Polen hadde Justyna Kowalczyk, men det var vel ikkje nok.
I 2015 var det tid for å forhandle TV-rettar på ny, og igjen sikra NRK seg senderettar fram til sesongslutt 2021. Prisen var gått opp, men kor mykje NRK betalte til Infront og Norges Skiforbund, er ikkje kjent. Skiforbundet opplyste at deira del av avtalen var verd 400 millionar. Kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen var svært nøgd.
— Vintersporten er viktig for det norske folket og derfor også viktig for oss i NRK, sa han. Også skipresident Erik Røste var glad for det vidare samarbeidet.
— Vi er godt nøgde med å fortsette det utmerkte samarbeidet med NRK i ein ny periode, sa han.
Men – for det var eit men: Skirenn som blei arrangerte i Sveits, var ikkje med i denne pakken. Dermed kom norske TV 2 på banen og sikra seg alpint frå Wengen, hopp frå Engelberg og langrenn frå Davos. NRK-monopolet var brote.
– Alvorleg og leitt
Lat oss spole fram til 2019. I april var det klart for nye forhandlingar, og denne gongen hadde nokre pengesterke aktørar fått plass ved bordet. Så sprang bomba. Nent Group kjøpte rettane til verdscupen i langrenn, hopp, kombinert, alpint og ski-VM frå sesongen 2021–2022. Dei gjorde nærast reint bord, og kven var så dei?
Nordic Entertainment Group var eit nordisk mediekonsern med hovudkontor i Stockholm som spesialiserte seg på TV, strøyming og produksjon av film, seriar og underhaldning. Pakka som dei kjøpte, stod for om lag 40 prosent av det totale sportstilbodet NRK normalt hadde i løpet av ein vintersesong. Dei stod ribba tilbake.
— Dette er alvorleg og leitt for NRK, men vi set oss ikkje ned og furtar over dette, sa kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen til NTB.
Det var ikkje berre NRK som mista rettane, det same gjaldt svenske SVT og finske YLE. No skulle ski over på betalingskanalar, og det uroa mange. Ein av dei var NRKs langrennskommentator Jann Post. Ikkje berre mista han plassen i kommentatorbua, men det var sjela til NRK som forsvann med oppkjøpet, meinte han.
— NRK-sportens sjel har jo vore desse flatesendingane — å fylle laurdagen og søndagen med vinteridrett på høgste nivå, sa han til VG.
Også NRK-veteranen Arne Scheie fekk telefon frå VG.
— For ein som er oppteken av sjåartal, så er det urovekkande, sa han.
Scheie trudde nok det ville bli gode sendingar, men frykta for interessa.
— Så får eg seie som gamal NRK-mann at det sjølvsagt er vemodig at ein mister idrettsgreiner som NRK har hatt sidan Sportsrevyen blei funnen opp i 1960, men det er ei utvikling vi har sett med engelsk fotball, norsk fotball, OL og VM.
Når det gjeld fotball, har folk vist seg å vere betalingsviljuge, men ville sjåarar betale for å sjå ski? Skiskyttaren Ole Einar Bjørndalen var usikker, sa han til VG.
— Dette kan bli katastrofalt for Ski-Noreg. (...) Viss dei ulike idrettsgreinene ikkje blir viste på opne kanalar, trur eg det vil bli krevjande for mange særforbund å drive «business».
Fallet
Men hadde Nent eigentleg kjøpt katta i sekken? Spesielt interessa for langrenn var alt dalande, og det var i stor grad eldre som sat pal føre skjermen. I 2015–2016-sesongen låg snittet på 834.000, sidan blei tala halverte.
Kva var grunnen? Manglande profilar var éi årsak, at Noreg var for dominerande ei anna, og snømangel ei tredje. Og så er det ingen løyndom at nasjonalgreina vår alltid har vore ein nisjeidrett.
Av TV-bileta frå konkurransar i Mellom-Europa har vi sett at det ofte er langt mellom tilskodarane. Sjølv om kamera freistar å fange opp det som er av tribuneliv, så er det som regel nærbilete av andlet måla i raudt, kvitt og blått, eller nokre som viftar med svenske og finske flagg. Svært synlege blei dei glisne tribunane under ski-VM i Planica i 2023.
— Det kjennest som om ein er på Skandinavisk Cup i Rovaniemi når ein ser publikumstrykket her. Det er jævlig trist, sa Expressens Tomas Pettersson til Nettavisen.
Sportskommentator i Adresseavisen Birger Løfaldli var òg til stades, og han var svært skuffa.
– Nokre dagar er det så lite folk at det er riktig å bruke ord som stussleg og nesten pinleg.
Etter at NRK mista rettane frå 2021, kom den vanskelege overgangsperioden for norske TV-sjåarar. Ein måtte verkeleg legge inn ein innsats for å finne ut kva renn som blei sende kvar. På berre tre helger før jul i 2021 blei langrenn send på tre ulike kanalar.
Utover vinteren 2022 veksla NRK, TV 2, TV3 og Discovery på å sende skisport. Den teknologiske utviklinga med YouTube, sosiale medium og utanlandske strøymetilbod hadde skapt nye TV-vanar. Det var ikkje lenger slik at alle sat rundt det same leirbålet, no brann det bål overalt.
Og det gjekk som Ole Einar Bjørndalen frykta. TV-tala stupte. For langrenn forsvann rundt halvparten av sjåarane når TV3 sende verdscuprenn. Endå verre gjekk det ut over nisjeidrettar som kombinert (51.000 i snitt), hopp kvinner (27.000) og alpint kvinner (36.000). Ja, vi kan òg nemne skøyter, som samla rundt 25.000 sjåarar i snitt.
«Spår langrennsnedtur», skreiv VG etter sesongen 2022, og ein trong ikkje vere særskilt framsynt for å skrive det. Nordmenn hadde fått nye heltar, og sportssidene var fylte med målmaskina Erling Braut Haaland, midtbanegeneralen Martin Ødegaard, sjakkmeisteren Magnus Carlsen, med Ingebrigtsen-brørne og hekkeløparen Karsten Warholm. Skilandslaget sleit ikkje berre med manglande medieinteresse og låge sjåartal, også sponsormarknaden turka inn.
Kvifor sponse ein idrett som få følgde med på? På den siste samlinga for skilandslaget før sommarferien 2022 møtte berre tre medium opp. Skidraktene som tidlegare var dekte av sponsorlogoar, hadde no god plass.
I juni 2024 blei det kjent at Sparebank1 trekte seg som hovudsponsor for langrenn. Banken har vore ein raus sponsor for landslaga i ti år. I september melde også Equinor at dei ville trekke seg etter 2025-sesongen. Og med dei manglande sponsorpengane blei det nyleg kjent at Skiforbundet stansa satsinga på junior- og rekruttlandslaget.
Siste dans?
No er håpet at VM i Granåsen skal gje skiidretten eit løft, og denne gongen vil alt bli sendt på NRK og TV 2. Nent, som no heiter Viaplay Group, sit i ei økonomisk hengemyr etter å ha kasta seg glupsk over dyre sportsrettar, mellom anna rettane til Premier League og Formel 1. Dermed fekk NRK tilbodet om å kjøpe noko tilbake, og rekninga deler dei med TV 2. Og dermed ligg alt til rette for ei ny høgtidsstund i sofaen. Men kva skjer etter at flaumlysa er slått av i Granåsen?
Sportskommentator Birger Løfaldli spår ein skikkeleg blåmåndag.
– Når VM er over, er eg redd for at bobla kan sprekke, og at det blir ein helt ny kvardag for norsk skisport.
Men det er berre å rette blikket framover. I 2027 blir det VM-fest i Falun, og i 2029 er turen komen til Lahti. Kven som rekker opp handa for å plukke opp milliardrekninga etter det, er enno ikkje avgjort.
Kjelder: Adresseavisen, VG, NTB, NRK, Nettavisen, Dagbladet, FIS, SVT, Aftonbladet