Samfunn

Ruspsykiatrien får refs

Noreg er eit av landa i verda som bruker mest pengar på psykisk helse per innbyggjar. Likevel får behandlinga av psykisk sjuke med rusproblem sterk kritikk frå Riksrevisjonen.

Riksrevisjonen kallar samordninga av tenestene til pasientar med rus og psykisk sjukdom «uforsvarleg». Dei rettar sterk kritikk mot både Helse- og omsorgsdepartementet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Foto: Heiko Junge / NTB
Publisert Sist oppdatert

«Fragmentert tilbod», «låg kapasitet», «manglande koordinering». Førre veke publiserte Riksrevisjonen ein gjennomgang av helsetilbodet til pasientar som slit med både rus og psykisk sjukdom. Dei konkluderte med at samordninga av tenestene var sterkt kritikkverdig. Det er den sterkaste ordbruken dei har, og han blir berre nytta når det er snakk om særs store konsekvensar for enkeltpersonar og for samfunnet.

Lars Lien er leiar i Norsk psykiatrisk forening og forskar på behandling av nett denne pasientgruppa. Han er ikkje overraska.

– Dette har vi visst lenge. Skotta mellom dei ulike tenestene er for tette, og det er få tilskundingar til at kommunane og spesialisthelsetenesta koordinerer arbeidet sitt.

– Kva pasientar er det snakk om her?

– Dette er gjerne menneske som har slite med rus og psykiske vanskar frå ung alder. Mange har hatt ei traumatisk oppleving og freista å bøte på dette med rus. Denne sjølvmedisineringa fungerer gjerne i byrjinga, men ho kan utløyse psykosar. For enkelte kan det til og med ende med schizofreni. Følgjene er tragiske, både på individ- og samfunnsnivå. I snitt døyr psykisk sjuke med rusproblem 35 år tidlegare enn resten av folkesetnaden. Og dei går inn og ut av somatisk behandling, fengsel og rettsvesen. Mange mistar òg nettverk og kontakt med familien. Eg trur ikkje nokon har rekna på kor mykje dei kostar samfunnet totalt sett, men frå langtids- og akuttpsykiatrien veit vi at psykisk sjuke med rusproblem tek opp 85 prosent av ressursane i sjukehuspsykiatrien, sjølv om dei berre utgjer 10–15 prosent av pasientane.

– Det er lange køar for å få psykisk og psykiatrisk hjelp. Kva kan vi forvente å få att av ressursbruken?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement