Utanriks

Tilspissa trekantdrama

Danmark ser på Grønland med nye auge etter det aggressive frieriet frå USA.

 

Tre statsleiarar kjempar om Grønland på kvar sin måte. F.v. Múte Bourup Egede, Donald Trump og Mette Frederiksen.
Publisert Sist oppdatert

Viktige årstal

I 1721 vart Grønland kolonisert av Danmark.

I 1946 føreslo USA å kjøpe Grønland.

I 1953 gjekk Grønland over frå å vere ein dansk koloni til å verte eit dansk fylke.

I 1979 fekk Grønland heimestyre etter ei folkerøysting.

I 2009 fekk Grønland utvida sjølvstyre.

I 2019 og 2024/2025 har Donald Trump ytra ønske om å kjøpe eller kontrollere Grønland.  

Under ein TV-send debatt 19. januar erklærte den danske utanriksministeren Lars Løkke Rasmussen kjærleiken sin til Grønland. Frå stolen sin i TV2s studio i København samanlikna han forholdet mellom Danmark og Grønland med eit ekteskap der den eine parten stadig ber om skilsmisse. Den andre parten, sa han, kan ikkje då svare med ikkje å bry seg. Og sjølv om enkelte på Grønland oppfattar ekteskapet som eit tvangsekteskap, sa utanriksministeren, så skal partane i ektepakta vere likeverdige. 

– Heilt ærleg, eg elskar Grønland, sa Løkke Rasmussen.

Det kom aldri noko pasjonsfylt svar frå kulturhuset i den grønlandske hovudstaden Nuuk, der statsministeren Múte Bourup Egede, i lag med ei rekkje andre grønlandske politikarar, tok del i debatten kringkasta av grønlandske KNR. 

Egede starta det nye året med ein nyttårstale der han tok til orde for å frigjere seg frå lenkjene frå kolonitida og komme seg vidare. Med den danske grunnlova som utgangspunkt, sa han i talen, kan samarbeidet ikkje verte likeverdig. 

Egede valde under debatten å snakke grønlandsk – som kanskje er naturleg, men som like fullt er symbolsk. I det danske Folketinget har den grønlandske representanten Aki-Mathilda Høegh-Dam kjempa for å få snakke grønlandsk frå talarstolen og få det simultanomsett til dansk. Ein kamp som omsider har ført fram. Både Egede og Høegh-Dam snakkar sjølvsagt også flytande dansk, slik ein grønlendar må gjere for å komme opp og fram.

Politiske gjennomslag

Grønlandsk språk på Folketinget er ikkje det einaste kravet grønlendarar har fått gjennomslag for i Danmark den siste tida. Den danske regjeringa har komme Grønland i møte i ei rekkje saker – både sosiale og utanrikspolitiske. 

Her er nokre døme: 

Danmarks utanriksminister Lars Løkke Rasmussen.
  • Foreldrekompetansetestar tilpassa skandinavisk kultur skal ikkje lenger brukast på grønlendarar i Danmark. I staden skal danske kommunar nytte seg av ei kompetansegruppe med ekspertise i grønlandsk språk og kultur i barnevernssaker. 

  • Regjeringa har lansert ein tiltakspakke på 35 millionar danske kroner over fire år for å motarbeide rasisme og diskriminering av grønlendarar i Danmark.

  • Danmark støttar Grønland i kravet om å delta fullt ut i Nordisk råd. 

  • Det er Grønland – ikkje Danmark – som skal velje arktisk ambassadør for kongeriket. Ambassadøren vil representere Danmark i Arktisk råd, der kongeriket møter i lag med Noreg, Canada, Finland, Island, Sverige, USA og – før Ukraina-invasjonen – Russland. Posisjonen vert prestisjetung, sidan Danmark tek over leiinga av Arktisk råd i mai. Ambassadøren skal godkjennast av Danmark og Færøyane etter at Grønland har valt ut kandidaten.

  • Det er framforhandla ein avtale om å styrkje det arktiske forsvaret med innkjøp av tre nye skip, satellittovervaking og dronar, med ein pris på opp mot 15 milliardar danske kroner.

Styrkt i forhandlingar

Har den utanrikspolitiske krisa, utløyst av den amerikanske presidenten Donald Trumps utspel om å kontrollere Grønland, endra haldninga det politiske Danmark har til Grønland? 

– Ja, markant, seier Ebbe Volquardsen, førsteamanuensis ved Ilisimatusarfik – Grønlands universitet. 

Slik han ser det, starta haldningsendringa i 2019, då Trump for første gong føreslo å kjøpe Grønland. Året etter spreidde black lives matters-rørsla seg og gjorde marginaliserte grupper merksame på kollektiv diskriminering, også på Grønland. 

Volquardsen seier begge fenomena verka inn på danskane sitt syn på Grønland. 

Trumps utspel gjorde Danmark merksam på Grønlands geopolitiske verdi.

Ebbe Volquardsen, førsteamanuensis ved Ilisimatusarfik – Grønlands universitet.

– Trumps utspel gjorde Danmark merksam på Grønlands geopolitiske verdi. At eit anna land var så interessert i Grønland, øydela den dominerande forteljinga om Grønland som ein rein utgiftspost, som Danmark betaler for av altruistiske årsaker, seier han.

I staden kunne ein no sjå på blokktilskotet – den faste årlege overføringa frå Danmark til sjølvstyrestyresmaktene – som ein slags marknadspris Danmark var villig til å betale for å vere til stades på Grønland kommersielt, militært eller strategisk.

– Dette har vore ein augeopnar i Danmark. Ein har måtta korrigere grunnforteljinga si. For Grønland har det betydd ein styrkt forhandlingsposisjon overfor Danmark, seier han.

Danmark som føderasjon?

Volquardsen seier at tanken om Danmark som ein homogen nasjonalstat har stått sterkt sidan tidleg på 1900-talet, etter at landet mista kontrollen over fleire nærliggjande landområde og koloniar i Afrika og Karibia. At Danmark framleis har hatt ein maktposisjon på Grønland, har stått i kontrast til denne sjølvoppfatninga. 

– Det utvikla seg ei forteljing om at Grønland aldri har vore ein verkeleg koloni, og at Danmark har vore på Grønland for å hjelpe grønlendarane. Når det så har vore reist spørsmål om overgrep, har det i Danmark vore oppfatta som mangel på takksemd, seier han. 

No ser Volquardsen ei endring i forholdet som er interessant: Grønland representerer i stadig fleire tilfelle kongedømmet Danmark. Det vil skje politisk i Arktisk råd, men det finst også kulturelle døme. For første gong vart Danmark i fjor representert på kunstbiennalen i Venezia med ein grønlandsk kunstnar, Inuuteq Storch. Nye pengesetlar vil vere pryda av eit portrett av den kvinnelege grønlandske polfararen Arnarulunnguaq. 

Onsdag denne veka kom dessutan ei pressemelding frå Folketinget: Nettsida vil frå no av vere tilgjengeleg på grønlandsk og færøysk i tillegg til dansk. 

– Dette er ei utvikling det er verdt å merke seg, og ei utvikling som inneber moglegheiter for Grønland og Danmark. Om ein utviklar ein føderal modell, der Danmark vert ein likeverdig union med Danmark, Grønland og Færøyane, der både grønlendarar og færøyingar kan representere staten, er det ein modell også Grønland vil kunne støtte. 

Dansk motstand

I den danske opposisjonen er det politikarar som føretrekkjer ein meir konfronterande tone overfor Grønland. Dansk Folkeparti røysta i si tid imot sjølvstyrelova som sidan 2009 har regulert forholdet mellom Danmark og Grønland. 

Lova fastslår i paragraf 21 at det er det grønlandske folket som avgjer om Grønland skal vere sjølvstendig. Om den grønlandske regjeringa aktiverer paragrafen, er neste skritt forhandlingar med den danske regjeringa. Ein avtale skal deretter godkjennast i det grønlandske parlamentet og følgjast av ei folkerøysting. Det siste leddet inneber at avtalen vert inngått etter samtykke frå Folketinget i København. 

– Vi har åtvara mot Grønlands høve til å halde folkerøysting, fordi det har ført til den situasjonen vi står i i dag, der USA vil ta over Grønland, sa folketingsrepresentant for Dansk Folkeparti Alex Ahrendtsen i den nemnde fjernsynsdebatten. 

Representantar frå Dansk Folkeparti og Det Konservative Folkeparti har også kritisert regjeringa for i for stor grad å overlate til Grønland å svare Trump. Dei har hevda at regjeringa burde ha teke ei tydelegare rolle i den utanrikspolitiske krisa landet står i, sidan Danmark har ansvaret for Grønlands utanriks- og forsvarspolitikk. «Woke» er merkelappen Dansk Folkeparti-leiar Morten Messerschmidt set på Mette Frederiksen i ein video på det sosiale mediet X.

Vidare meiner dei to partia at Danmark må vere krystallklare på at blokktilskotet tek slutt i den augeblinken Grønland skulle verte sjølvstendig.

Offentleg dissekering

I ei tid der forholdet mellom Grønland og Danmark vert dissekert, går det også føre seg ein debatt om korleis historiske hendingar skal forståast. 

Mange grønlendarar ønskjer i dag ei orsaking frå den danske staten for overgrepa som har skjedd i samband med den såkalla spiralsaka. Saka omhandlar ein storstilt kampanje for å setje spiral på grønlandske jenter heilt ned til 13 år, spesielt frå midten av 1960- til midten av 1970-åra, men også seinare. Det har komme fram at ein spiral i mange tilfelle vart sett inn utan samtykke frå korkje barna eller foreldra. 

Ei slik orsaking har Grønland ikkje fått, fordi regjeringa vil ha saka granska før dei tek stilling til ei eventuell offisiell orsaking. At den grønlandske statsministeren har kalla saka eit folkemord, set det heile på spissen.

Rasmus Jarlov frå Det Konservative Folkeparti har kritisert regjeringa for «berøringsangst» overfor Grønland, fordi dei ikkje har protestert mot framstillinga av saka som eit folkemord. På ordskiftesidene i danske aviser kan vi også lese innlegg frå debattantar som meiner Grønland må ta eit større ansvar for eigne problem, både historisk og i dag. Mellom anna har det vore avdekt at 15 grønlandske kvinner fekk sett inn spiral utan samtykke, etter at Grønland tok over helseområdet i 1992. Desse spiralane vart sette inn etter utført kirurgisk abort. 

Weekendavisen vier stor plass til eit intervju med organisasjonspsykolog Mette Lybeck, som etter halvtanna år på Grønland vart sliten av det ho oppfatta som motstand mot det danske, kombinert med mangel på både kompetanse, ressursar og logistikk. 

«Jeg anerkender fuldt ud, at grønlænderne gerne vil have selvstændighed, og jeg ønsker det for dem, men jeg synes, at de i den grad trænger til at stå sammen om at kigge indad og opbygge et bæredygtigt fundament,» seier ho i intervjuet.

Levestandard viktigast

11. mars vert det parlamentsval på Grønland. Alle partia seier dei ønskjer sjølvstende, men kva det vil bety i praktisk politikk dei neste fire åra, er eit opent spørsmål. Sjølvstyret har i dag 30 mindre og større samfunnsområde som dei ifølgje sjølvstyrelova kan ta over, men som dei hittil har late Danmark styre. 

Meiningsmålingar viser at også fleirtalet av grønlendarar ønskjer sjølvstende, men ikkje til kva pris som helst. I ei måling utført av Verian for Berlingske og Sermitsiaq 22–27. januar  vert det spurt: «Kva ville du røysta om det var folkerøysting om sjølvstende i dag?» Fleirtalet – 56 prosent – svarar ja, 28 prosent svarar nei, medan 17 prosent svarar at dei ikkje veit.

Men på spørsmål om dei vil ha sjølvstende også dersom det går ut over levestandarden, snur fleirtalet. Her svarar 45 prosent at dei vil ha sjølvstende berre dersom det ikkje går ut over levestandarden. Saman med gruppa som ikkje vil ha sjølvstende i det heile, utgjer dei 54 prosent. 55 prosent meiner at Danmark har plikt til å støtte Grønland økonomisk også etter at landet er sjølvstendig. 

Alternativet for grønlendarane er derimot ikkje å verte ein del av USA. 85 prosent av dei spurde avslår å gå ut av riksfellesskapet til fordel for USA. Undersøkinga består av spørsmål til eit representativt utval på 497 utvalde personar over 18 år på Grønland. 

Til samanlikning viser ei måling utført av Epinion for Dansk Radio og Altinget at eit stort fleirtal i Danmark ønskjer at riksfellesskapet skal halde fram i ei eller anna form. 27 prosent svarar at det bør halde fram som i dag, medan 43 prosent svarar at det bør halde fram, men med større sjølvstyre for Grønland. 17 prosent svarar at riksfellesskapet bør avviklast. 

Ser til Færøyane

Ulrik Pram Gad, seniorforskar ved Dansk Institut for Internationale Studier, meiner det per no er opent korleis forholdet mellom Danmark og Grønland vil utvikle seg. 

– Eg trur vi må vente til etter det grønlandske valet og sjå kva dei grønlandske politikarane presenterer av ønske for riksfellesskapet, seier han. 

Lars Løkke Rasmussen skisserte i TV2-studioet ei utvikling for Grønland lik den som har vore på Færøyane. Der har dei gradvis styrkt den nasjonale økonomien og i stadig større grad avvikla dei danske tilskota. Færøyane starta sjølvstendeforhandlingar med Danmark i 1998, men avslutta dei då det vart klart at økonomien ville lide. Den planlagde folkerøystinga vart avlyst.

Sidan har det ikkje vore snakk om sjølvstende på Færøyane, skriv universitetslektor Heini í Skorini frå Færøyane i Weekendavisen. Før no. For første gong på 20 år vert riksfellesskapet sett på dagsordenen, også på Færøyane.