Kommentar
«Visste du at vi held på å tillate bruk og omsetning av genmodifiserte organismar i Noreg?»
Det er nærare eitt år sidan klima- og miljøminister Espen Barth Eide fekk rapporten frå leiaren i Genteknologiutvalet, Anna Wargelius, men er vi noko nærare å skjøne kva han handlar om?
Foto: Javad Parsa / NTB
Genteknologi
Fleire enn fagfolka må forstå dette før vi slepper det laus.
Visste du at vi held på å tillate bruk og omsetning av genmodifiserte organismar i Noreg? Kanskje gjorde du det. NOU-en frå Genteknologiutvalet vart lagd fram i juni i fjor, og nett då fekk han litt merksemd – nokre kronikkar her og der og nokre avissaker og slikt. Men sidan har det vore stilt. Eller, mykje har skjedd i kulissane – NOU 2023: 18 Genteknologi i en berekraftig framtid har vore på høyring, og det har kome inn 263 høyringssvar.
Det er litt imponerande. NOU-en er 424 sider lang. Eg vert fyrst optimistisk av at han er utstyrt med eiga ordliste – men dett attende til jorda når «RdDM» er forklart som «RNA-avhengig DNA-metylering», utan at «metylering» er forklart vidare som eige oppslagsord.
Eg veit ikkje kva metylering er for noko, og eg trur ikkje eg er aleine. Gjer det meg – eller oss – for dumme til å uttale oss om ny genteknologilovgjeving? Eg håpar verkeleg ikkje det.
Vanlegvis skriv eg ikkje om problemstillingar eg ikkje skjønar. Denne veka gjer eg eit unntak. For kva som er mogleg og lurt og ikkje i genteknologien à la 2024, skjønar eg veldig lite av – og nett difor treng det å snakkast høgt om.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.