Kommentar

Ikkje mitt vestlandsopprør

Oppdrettslobbyens bilete av seg sjølv som ei gudegåve til Kyst-Noreg har sprekker.

Havbruksarbeidarar demonstrerer framfor Stortinget mot den foreslåtte grunnrenteskatten i november i fjor.
Havbruksarbeidarar demonstrerer framfor Stortinget mot den foreslåtte grunnrenteskatten i november i fjor.
Publisert

Lat oss slå det fast med ein gong: Vestlandet – og resten av norskekysten – er fantastiske greier. Ikkje det stramme, organiserte Vestland nokon av ei eller anna årsak har putta i eit fylkeshus, men det mangfaldige Vestlandet som snik seg rundt mellom fjordar, holmar, skjer og fjelltoppar, landskapet der sjølvaste Nordmannen har fenge sin heim, greve tuftene og sett hus oppå deim.

Det kystlandskapet som berga og no temmeleg livskraftig tek vare på den gamalnorske sauen, på kystgeita, der ungar framleis får Pioner med 9,9 hestar påhengs til 13-årsdagen, der vi veit at austagnall tyder opphaldsvêr, medan synnavind kjem med regn, som i tiår etter tiår har levert hurtigbåtar, matjessild, juicetankar, klippfisk, skrei, vasskraft, aluminium, ferrosilisium, sauekjøt og oppdrettslaks.

Verdas fyrste

Visste du at verdas fyrste oppdrettslaks vart sett ut i ein merd på Hitra i 1970? Då sette brørne Ove og Sigve Grøntvedt ut 20.000 smoltar, etter at ei rekke ivrige gründerar i årevis hadde prøvd og feila i å gjere vill elvelaks om til husdyr. Oppfinnarevner og pengeteft lønte seg til slutt, og 20 år seinare var det over 1000 oppdrettsselskap i Noreg.

Alt då såg ein føre seg korleis oppdrettsnæringa skulle vere med på å berike kysten. I 1972 formulerte det statlege Lysø-
utvalet fylgjande som eitt av tre mål for næringa: «Å verna om eksisterande arbeidsplassar og busetnad, auka sysselsetjinga og leggja tilhøve til rette for eit meir variert næringsgrunnlag i distrikt med svakt utbygd næringsliv».

Flagg mot oppdrett

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement