JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Kva for eit samfunn er vi om vi ikkje kan flagge for kjærleik?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6128
20240531
6128
20240531

«Historia er ikkje noko du ser attende på og seier at ho var uunngåeleg. Ho hender fordi menneske tar avgjerder som nokre gongar er særs impulsive og i augeblikket, men desse augeblikka er kumulative realitetar», har den amerikanske homoaktivisten og sjølverklærte dragdronninga Marsha P. Johnson sagt ein gong (mi omsetting).

Er alle regnbogeflagga som den komande månaden vil vaie frå alle dei kommunale, fylkeskommunale og statlege flaggstengene kringom i Noreg, eit døme på dette?

Eg finn iallfall inga overordna, nasjonal utgreiing om kva slags flagg og faner som kan heisast i ei offentleg eigd flaggstong. Heller inga grunngjeving for kvifor eller korleis det vart slik at nett regnbogeflagget no skal henge oppe på alle vidaregåande skular i heile juni i Vestfold fylke, medan verken dei eller dei fleste andre offentlege institusjonar med flaggstong flaggar på kvinnedagen 8. mars, FN-dagen 24. oktober (verken med FN-flagget eller nasjonalflagga), verdsdagen for Downs syndrom 21. mars, for sjølvmordsførebygging 10. september eller for psykisk helse 21. oktober.

«Det er ikkje like lett å halde fridomsfana høgt når det er eins eigne synspunkt som vert ofra.»

Lovendring utan ord

Ja, det vart lettare for lokale styresmakter å heise alle slags flagg og faner etter at Solberg-regjeringa i 2021 gjorde om på lov om flagging på kommunenes offentlige bygninger: I praksis gjorde ikkje endringa anna enn å tillate bruk av anna enn norsk, samisk, kommune- og fylkesflagg på ein offentleg bygning, også dersom det ikkje var i tilknyting til eit arrangement i den same bygningen.

Men det var meir enn tydeleg at det var den nye, veksande bruken av regnbogeflagget – også kalla prideflagget – som låg bakom: Alt i 2020 sa dåverande kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) til VG at bakgrunnen for lovendringa var alle spørsmål han hadde fått frå kommunar kring reglar for bruk av flagg ved arrangement som pride: «Det er på høy tid at vi moderniserer lovverket.»

Kommunar kan lage eigne, definerte og føreseielege flaggreglar innanfor lova. I proposisjonen til lovendringa vart det vurdert om ein i same slengen skulle pålegge kommunane dette. Omsynet til det kommunale sjølvstyret enda likevel med å sigre. Difor har vi i dag ein situasjon der avgjersla om å flagge eller ikkje flagge kan takast av alle frå kommunaldirektør til rektor, lærar eller kvifor ikkje vaktmeister med flaggstongansvar.

(B)ordet fangar

Dette kan framstå som noko tilfeldig og lite strukturert. Det har iallfall gjeve oss ein situasjon der vi kvart år, når mai nærmar seg juni, får den tilsynelatande same diskusjonen om kva plass regnbogeflagg og pride-markeringar har i det offentlege skuleverket.

Det må vi leve med – og den diskusjonen må vi ta. Men ikkje på alle premissar: Det er ikkje lenger mogleg å meine at pride ikkje skal markerast i skular fordi det er ei politisk sak. Det toget har gått. Så lenge ein har heist regnbogeflagget tidlegare, vert det å ikkje gjere det no eit minst like politisk val. Ei ikkje-handling er òg ei handling.

Om vi ikkje lærte noko anna av gjennomføringa av Melodi Grand Prix i år, kan vi i alle fall ta med oss dette: Medan arrangørane tviheldt på eit apolitisk arrangement, feira israelvener at Israel fekk delta og fekk mange poeng, palestinavener at Israel ikkje vann trass i alle dei politiske røystene, og resten feira at ein ikkje-binær artist gjekk av med sigeren. I staden for politikklaus laurdagskos fekk vi den mest politisk påverka musikkonkurransen sidan Live Aid – og kanskje den mest politisk kontroversielle nokosinne.

Men: Var det eigentleg så feil? Treng vi vere så redde for litt kontrovers til laurdagsgodtet?

Verditrening

Om vi jamfører med mange andre land, er vi i Noreg restriktive med flaggbruken vår. Vi flaggar ikkje standpunkta våre unødig, om vi kan seie det slik, og unngår heller offentlege handlingar som fører til verdikampar, enn å ta dei kampane. Der alle elevar i delstaten Lousiana må sverje «In God we trust» kvar morgon, har vi i Noreg i staden fjerna skulegudstenestene – til glede for nokon og til fortviling for andre.

Ironisk nok vil det fort vere dei same som kjempar for nettopp gudstenester i skulen som kjempar mot regnbogeflagg på skuleplassen. Det er ikkje like lett å halde fridomsfana høgt når det er eins eigne synspunkt som vert ofra.

Kanskje har vi godt av å trene oss litt på nettopp dette. At det i eit fleirkulturelt, moderne, verdiliberalt samfunn vil skje ting i ålmenta vi ikkje er 100 prosent samde i.

Ein gong for mykje

Kva så om ein er kritisk til kjønnspolitikken organisasjonen Fri står for? Fri – Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfald står bak dei fleste av dei større pridearrangementa i dei store byane og har eit vidtrekkande prinsipprogram med punkt enkelte ser som ein radikal kjønnsideologi dei har vanskar med å stille seg bak. Fleire arrangement under pride snakkar om sex på ein måte som strekkjer seg monaleg lenger enn det dei fleste av oss er komfortable med å finne på mellom dynene.

Det kan vi diskutere – for seg sjølv. For ingen av desse arrangementa går føre seg i skuletida. Alle er heilt frivillige å delta på.

Pride – ei feiring av kjærleik og mangfald i alle sine skeive former – har vore feira i Noreg sidan 1974. Fri vart fyrst starta i 1992 (som LLH). Fri kan heller ikkje få verken ansvar eller skuld for regnbogeflagget. Det vart skapt av den amerikanske designaren Gilbert Baker i 1977, etter ynske frå den fyrste opent homofile politikaren i USA, Harvey Milk.

«Vi trong noko for å uttrykke gleda, venleiken og krafta vår. Og det gjorde regnbogen», sa Baker om kvifor han valde nett regnbogen som symbol.

For tida snakkar vi mykje om å vere på rett side av historia. For min del inneber det å vere på den sida som tillèt, ikkje den som avgrensar. Den som frigjer liv, heller enn å sette dei i fangenskap og fortelje at dei er feil, og som opnar for mangfald, ikkje einsretting. Den som heller flaggar ein gong for mykje enn ein gong for lite.

Siri Helle er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Johan Sverdrup feltsenter ved den offisielle opninga i 2020. Dette feltet vart oppdaga i 2010 og er det siste verkeleg store oljefunnet på norsk sokkel.

Foto: Carina Johansen / NTB

ØkonomiSamfunn

Ser ei slagside i direktoratet

Sokkeldirektoratet overdriv verdien av norsk
olje og gass, meiner universitetsrektor og petroleumsøkonom Klaus Mohn.

Per Anders Todal

Politiet har sperra av eit område etter at ein 16 år gammal gut har skote to personar, ei småbarnsmor og ein småbarnsfar, i bustaden deira i eit villaområde i Västberga i Stockholm i oktober i fjor. Mannen mista livet, medan kvinna slapp med livstrugande skadar.

Foto: Nils Petter Nilsson / TT / NTB

Samfunn

Rekordlang straff etter trippeldrap

To svenske tenåringar vart førre veke dømde til 10 og 12 år i fengsel. Dommen viser kva rolle mindreårige speler i kriminelle nettverk. Og at dei kan verte straffa hardt.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis