Restaurering
Å hogge ved – eit mangesidig handverk
For han eller ho som vil lære å handtere bitjarn eller andre reiskapar med nevane, er det god øving å kløyve ved med øks. Det vi lærer med éin reiskap, hjelper oss til å meistre ein annan.
For dei som kjem så langt at dei treffer mergen med første hogget i kubben, går det heller raskt å kløyve med øks, som er ein billeg reiskap.
Alle illustrasjonar: Erik Solheim.
Å hogge ved er veleigna å starte med; stykka brenn like godt om dei har merke etter sleivtreff. Flisene som ligg att, kan vi samle, tørke og tenne opp med. Dei som kan det, får det til å sjå enkelt ut å setje øksa der ho skal, og med stor kraft. For uøvde er det ikkje gjort i ei handvending å meistre reiskapen.
Då folk kløyvde ved for inntekt eller for einaste kjelda til hete i huset, var det om å gjere å få arbeidet unna. Det lønte seg å treffe slik at kubben klovna lett utan å sløse med kreftene. Rasjonaliseringa var å bruke øksa effektivt.
For den uøvde løner det seg å ta det med ro i starten. Hastverk fører berre til kav. Alt går seinare. Til alle tider har dei som får utretta mykje med hendene på éin dag, halde arbeidet jamt gåande, men roleg og gjennomtenkt, slik at dei slapp å gjere det same to gonger.
Kubben
Enklast er det å starte med kubbar som ikkje er for tjukke og ikkje lengre enn at dei passar i omnen, rundt 30 centimeter. Set dei på ein høveleg stabbe, ein halvmeter høg eller vel det. Så er oppgåva å treffe mergen med øksa. Dette er presisjonsarbeid. Ingen kan vente å få det til i starten.
Alle tre er bygde slik at frå mergen, den mørke prikken om lag midt i stammen, går mergstrålar i stjernemønster ut til yta. Veden klovnar lettast langs desse strålane. Dei som råkar mergen, treffer alltid ein mergstråle, og oppdagar då at hogget treng mindre kraft før kubben deler seg i to. Lange kubbar, eller tynne, er like godt å legge på sida og feste øksa slik at vi kan slå kubben mot stabben. Vi høyrer på lyden, klangen, om øksa peikar mot mergen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.