Restaurering
Eit nyvølt loft i Bykle
På garden Haugen i grenda Breive vest for Hovden nord i Setesdalen er juvelen i tunet, eit gamalt loft, nyleg restaurert og reist på nytt.
Nyreist står loftet i kopi av originalen, truleg reist mellom år 1500 og 1700. Svala i fronten av første høgda er ikkje ferdig fordi det er uklart korleis veggene der var frå først av.
Alle foto minus eitt: Erik Solheim
Taket hadde vore utett lenge. Steinane under huset hadde sige, det stod på skeive. Men eigarane, Trygve K. Breivik og Asbjørg Kaasin, ville ta vare på loftet. Det har vore her på garden i mange generasjonar – vi må halde ein slik verdi ved like, er deira oppfatning.
Gleda er stor når det no står nyvølt i utkanten av tunet på ei reine over Breivevatnet og rundt 800 meter over havet. Frå resten av grenda syner det godt. Loftet var før ein del av eit klyngetun for den vesle bygda, som dei meiner har eldre busetting enn Hovden. Tunet vart oppløyst etter jordskifte i 1913.
I det ytre kunne det gamle stashuset sjå skrøpeleg ut. Men dei fleste av stokkane har frisk ved innanfor den vêrslitne yta. Dei er framleis med i den opprusta utgåva, etter nokre hundre år.
Huset var reist i tider med meir skog av høg kvalitet enn i våre dagar. Dei kunne velje gamle tre som hadde vakse seint, med smale årringar. Høg alder – 200 år eller meir – gjer ofte at ein stor del av tverrsnittet er kjerneved og naturleg impregnert med ulike stoff. Berre litt av den lafta kassen er ny etter omvøla. Kor gamalt loftet er, veit ingen sikkert.
Anders Dalseg, restaureringshandverkar på Setesdalsmuseet og ein av dei som har utført arbeidet, trur huset vart bygt ein gong mellom 1500 og 1700. Dette var ein periode med lite endring i byggjeskikken. Dei har bora ut prøver for dendrokronologisk datering, ein metode som fortel når treet vart hogge ut frå vekslingane mellom smale og breiare årringar i stokkane.
Typisk for Bykle
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.