Restaurering
Forfallet tapte i klyngetunet på Hjølmo
Som eit øksehogg 700–800 meter ned i Hardangervidda går Hjølmodalen sørover frå Øvre Eidfjord. Nesten i botnen, mellom stupbratte berg, ligg eit tun med sju bruk på garden Hjølmo. 22 menneske budde her like etter krigen. Dei siste flytta vekk i 1971.
Hjølmotunet i dag – fråflytta for over 50 år sidan, men no i god stand.
Alle foto: Erik Solheim
Hjølmo er ein gard frå mellomalderen, nemnd første gongen i 1533, står det i Kulturminneplan for Eidfjord kommune. I l794 gjekk det eit ras som knuste alle husa minus eitt; der låg ein gamal mann som dei ikkje fekk ut. Folk hadde sett raset kome, og ingen omkom. Eigarane bygde opp att tunet litt lenger framme i dalen. No er dei ikkje redde for at husa står utrygt.
Namnet Hjølmo ser ut til å vere dativ fleirtal av gamalnorsk hjalmr (hjelm), etter fjella omkring dalen, skriv stadnamngranskaren Botolv Helleland i ei offentleg utgreiing om Hardangervidda frå 1974. Inst i dalen dett den vassrike elva Veig utfor eit 272 meter høgt stup i den mektige Valurfossen før ho held fram i skumkvite stryk ned til den slakare dalbotnen. Berre på austsida er det råd å kome opp på Vidda. Det går enno gjetord om ein friar som tok seg opp floga i vest. Ingen forstod at han kom frå det med livet.
Etter at folket forlét Hjølmo, tok forfallet fart. Fleire tak lak, og treverk rotna. Skogen henta igjen dei vesle bøtene med nokolunde slett jord som var rydda til åker og slått. I 1980 gjekk Jan Vivelid i gang med å restaurere bygningar som var på veg ned. Han var av dei siste som vaks opp der.
Der eit eldhus hadde dotte heilt i hop, bygde han eit opphaldsrom av tre og stein, ein av dei ei svær helle like høg som huset. Seks hus har han berga og eig han. Ei anna løe fekk han lov av eigaren å setje i stand.
Skikken på staden
Vivelid har gjort det på sin måte, med dei materialane han fekk tak i. Han ville gje det nye i tunet eit gamalt preg utvendig. Det har han i stor grad fått til, med fjøler som har vore på eldre hus andre stader. Alle bygningane står no stødig med tette tak.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.