Restaurering

Frå minne til mjøl på kvern i Lesja

På sørvestsida av Lesja-dalføret har Lesja historielag restaurert ei heil samling av hus som dei kallar eit industrihistorisk kulturminne. Dette har dei gjort på dugnad, ein flokk eldre menn som meistrar både reiskapane og byggjeteknikken.

Den nyreiste Lorkverna. Frå venstre tørkestova og stallen. Bak furene står vedskålen attmed bålplassen. Til høgre kverna, bakanfor møllarstova. Stampa er til høgre utanfor biletet.
Den nyreiste Lorkverna. Frå venstre tørkestova og stallen. Bak furene står vedskålen attmed bålplassen. Til høgre kverna, bakanfor møllarstova. Stampa er til høgre utanfor biletet.
Publisert

Lorkverna (i bygda seier dei Lorkvenne), heiter plassen med åtte bygningar, vassrenner og vasshjul som skulle til for å få vatnet til å gjere det meste av arbeidet.

Namnet kjem av elva Lora, som kjem med vatn frå store fjellvidder mellom Lesja og Ottadalen. Vassføringa er jamt sikker, stundom i meste laget. Namnet Lora er tolka som «den burande». Elva kan stige brått til ein kraftig straum som flytter digre steinar. Mange gardar hadde eiga kvern, men mangla ofte vatn til å drive ho i denne tørre bygda. Male måtte dei gjere ofte. Korn står seg godt lenge, men ikkje mjøl.

Sikringa i 600 år

Lorkverna var sikringa gjennom 600 år. Ho er nemnd i eit skinnbrev frå tidleg i mellomalderen, i 1326. Steinane sveiv fram til siste krigen, då tyskarane stengde kverna. Dei skulle ha kornet under eigen kontroll. Etter 1945 vart det meir vanleg å kjøpe mjøl til folk og fe. Forfallet overmanna kverna og det andre som var bygt; i 1988 stod kvernhuset på skeive. Då vart tanken om å byggje det heile opp att sådd. I 2000 kom dei i gang, 60 år etter at kverna stilna. Det som står i klynga av hus i dag, er ein kopi av tilstanden rundt 1800. Leiaren i historielaget, Oddvar Romundset, i lag med Odd Reidar Hole, initiativtakar og leiande i arbeidet, syner Dag og Tid rundt.

Av husa ved Lora var kverna det viktigaste for livsopphaldet i bygda. Ho har to steinar. Med den eine mjølar dei fint mjøl til folket, og med den andre mjølar dei grovare grøpp til dyra.

Også til å lage malt, grovknuste kornspirar til ølbrygging, var kverna i bruk. I kosthaldet var kornet den viktigaste maten for folk i mellomalderen og utover – 75–80 prosent av kaloriane, skriv Kåre Lunden i Norsk landbrukshistorie II – Frå svartedauden til 17. mai. I Lesja og andre fjellbygder var bygg vanlegast. Dette kornslaget mognar med lågare sommartemperaturar enn dei andre gjer. Vassgraut av eige korn hadde dei fleire gonger om dagen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement