JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HumorFeature

«Folk reiser langt for å bli kvitt ting dei har sett seg leie på.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

3121
20240412
3121
20240412

Stol i elva

Heilt over mot den andre breidda, i den djupe renna der laksen plar stå når vasstanden er slik han er no, kjem noko som liknar ein liten stol drivande ned elva. Det er for langt hald, så utan kikkert kan eg ikkje vere sikker. Det kan like gjerne vere eit lite nattbord eller ein krakk, det er ikkje godt å seie, eller kanskje er det litt av armlenet på ein stressless som stikk opp av vassflata. Men ein stressless hadde vel sokke til botnen? Uansett, noko er det som kjem flytande.

Vasstanden er normal, kanskje litt under, så det er ikkje flaumen som har teke stolen med seg, nokon har kasta han i elva med vilje. Nokon som har sett seg skikkeleg lei på heile stolen.

Skulle det no vise seg å vere ein stressless, er det nok ikkje håp. Om ein då ikkje kostar på han ein formue og trekkjer om ryggen, setet og armlena og gjev han full overhaling. Men då kan ein mest like godt kjøpe ny. Kanskje er det det som skjer, at dei som har kasta stolen i elva, er på veg til ein stad der ingen spør om du eigentleg treng ein ny stol, eller kor det har blitt av den gamle? Dei seier heller ingenting om at folk klarer seg fint med ein stol mindre, eller med dei stolane dei allereie har. På den staden er det om å gjere å få selt folk nye stolar, heile tida.

Kanskje slo ikkje den integrerte fotkvilaren seg ut lenger, slik han har gjort i mange år utan at det har vore noko tull. Handtaket knakk, og i den siste tida før han blei mindre og mindre brukt, måtte dei vri med ei tong for å prøve å få han til å slå seg ut. Til slutt gjekk ikkje det heller, og så stod han berre der i vegen.

Eigentleg hadde ein onkel vist litt interesse og trudde han ville ha stolen i garasjen. Det var ein altfor god stol til å kaste, i alle fall. Men onkelen var ikkje så interessert likevel, når han fekk tenkt seg om.

Dei prøvesit mange forskjellige stolar i alle slags prisklassar, men det er vanskeleg å ta eit val. Det er så mange meiningar. Ingen av stolane liknar på den gamle. Etter kvart lar folka i butikken dei vere i fred.

Medan dei grublar og studerer på alle desse nye stolane, flyt den gamle stolen vidare ned elva. Duppar opp og ned, dultar borti steinar og sviv rundt i ein straum, på veg mot havet, men på det grunne strekket før den nye brua endar ferda. Der strandar han. No kan alle som går forbi, sjå at det ligg ein stol i elva. Det er ikkje ein stressless, berre ein heilt standard lenestol. Han ser ikkje øydelagd ut. Ein fossekall set seg på det eine armlenet og sit og kikkar rundt seg litt før han stuper ned i elva att. Om det ikkje snart kjem regn, vil vasstanden søkkje endå meir dei neste dagane, og kven som helst kan vasse ut og ta stolen med seg heim.

Det er ikkje nødvendigvis slik at eigaren av stolen bur i nærleiken av elva. Kanskje er det ein eller annan tulling frå nabokommunen som er syndaren. Folk reiser langt for å bli kvitt ting dei har sett seg leie på. Snik seg av garde utan å seie ifrå til sine nærmaste kva dei eigentleg skal ut på, seint om kvelden. Ordne noko, eg skal ordne noko, seier dei.

Frank Tønnesen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis