Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HumorFeature

«Tor ser bekymra på mor si som har blod på nevane og i andletet»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

2997
20240315
2997
20240315

Tomt for ved (6)

Dei høyrer eit forferdeleg skrik. Hjalmar og Tor fylgjer etter Olav ut i tunet for å sjekke. Borte med vedhuset får dei auge på Ragnhild som står og held seg til andletet.

– Katten!, ropar ho.

Olav skjøner at det er villkatten, han som tek småfuglar og plyndrar reir. Men han har aldri angripe menneske før no.

– Det har vore folk i vedhuset, seier Ragnhild.

– Døra stod på vidt gap slik at katten berre kunne gå rett inn.

– Det er ikkje meg, seier Hjalmar.

– Døra må latast skikkeleg att, legg ho til.

Tor ser bekymra på mor si som har blod på nevane og i andletet, han snur seg vekk for ikkje å svime av.

– Du kan springe og hente posen som står i framsetet på bilen, og få kyllingvengjene i omnen, seier Ragnhild som enno er forbanna for at Hjalmar har parkert Mazdaen sin på den faste plassen hennar.

Medan Tor er på veg mot bilen, fylgjer dei andre to Ragnhild bort til huset og får ho inn i stova.

Villkatten har klort opp det høgre kinnet, og Hjalmar finn eit handkle.

– Det må du hengje tilbake der du fann det, med ein gong. Eg skal ikkje ha blod på kjøkenhandkleet, seier Ragnhild.

– Berre sit stille, eg har Pyrisept, seier Olav.

– Det er nok best for alle om du finn hagla. Katten har ikkje sett heilt frisk ut i det siste, seier Hjalmar.

– Det er for mørkt no, det får vente til i morgon, seier Olav.

– Det har vore folk i vedhuset, gjentek Ragnhild.

– Eg høyrer det fresar frå omnen, har nokon henta inn blaut ved? Eg har forklart mange gonger kva ved ein skal ta, og kva ved ein berre skal la liggje. Og kven som skal hente ved, men kva er takka?

– Det er ikkje meg, byrjar Hjalmar...

Tor stikk hovudet ut frå kjøkenet.

– Me gjekk tom for ved, og eg ville ikkje at det skulle bli kaldt, seier han.

Tor?, tenkjer Ragnhild.

– Ja, det er eg som har vore i vedhuset.

Nei no, det hadde Ragnhild aldri trudd. Det kjem eit smil, som ho prøver å skjule.

– Skal me ikkje ete, spør Hjalmar, kyllingvengjene må vel vere varme no?

Kva er det han trur?, tenkjer Ragnhild. Det er ikkje hans hus.

Alle set seg rundt kjøkenbordet som Tor har dekt, og byrjar å ete. Det smakar ikkje så verst, og Ragnhild ensar ikkje plasteret på kinnet. Men ho har fått nok av heile Hjalmar, som berre tek seg meir og meir til rette. Som vanleg klarer han ikkje avgrense seg når det kjem mat på bordet. Han forsyner seg grovt, smattar som ein gris og snakkar med mat i munnen. Korleis er det mogleg?

Ragnhild stirar på Hjalmar, begge munnvikene er fulle av skum og matrestar, og det er noko som heng frå haka. Han tørkar ikkje av dei feittete fingrane heller, før han tek i vassmugga. Det er rett før ho roper at han må komme seg ut herifrå og aldri meir vise seg. Han stoppar å tyggje når Ragnhild flyttar forma som står midt på bordet, så langt vekk frå Hjalmar som mogleg.

– No har du fått nok kyllingvengjer, seier ho.

I stova brenn det enno i omnen, men om ikkje lenge er det, nok ein gong, tomt for ved.

Frank Tønnesen

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

Kultur
Ottar Grepstad

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis